Hopp til innhold

Desse går vidare til MGP-finalen

Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold, Gåte, og Super Rob og Erika Norwich er artistane som går vidare til finalen i Melodi Grand Prix.

Finalistane i andre delfinale i MGP 2024

TRIPPEL-TRØNDELAG: Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold, Gåte, og Super Rob og Erika Norwich jublar for finaleplass.

Foto: Espen Solli

Seks artistar har i kveld kjempa om tre finaleplassar.

Til slutt var det Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold, Gåte og Super Rob og Erika Norwich som fekk flest stemmer frå publikum.

Det betyr at norsk-australske Mileo, Farida og Eli Kristin måtte takke for seg.

– Eg klarer ikkje å slutte å gråte

Erika Norwich, låtskrivaren og artisten frå Trondheim gjorde ein unik framføring i MGP-samanheng.

På scena stod ho nemleg med roboten Super Bob.

– Eg er heilt sett ut av at eg er vidare til finalen. Det blir veldig gøy, seier ho.

 Super Rob og Erika Norwich videre til superfinale i MGP.

Dette var uttrykket til Erika Norwich da det vart annonsert at ho er vidare til finalen.

Foto: NRK

– Eg er så rørt. Eg klarer ikkje å slutte å gråte, fortel ein prega Erika vidare.

I forkant har ho vore veldig sjølvkritisk, og ho har følt på at ho har feila under prøvene.

Men det gjekk betre enn ho hadde frykta.

– Da eg såg plakatane blant publikum vart eg veldig rørt, og eg merka at stemma mi begynte å skjelve, men eg klarte å hente meg inn igjen, fortel trønderen.

Super Rob og Erika Norwich under andre delfinale i MGP 2024

Super Rob og Erika Norwich under andre delfinale i MGP 2024

– Blir spektakulært

Gåte var blant favorittane på førehand til å nå finalen.

– Dette var ei stor oppleving for oss. Vi er stolte over å ha fått til det nummeret vi hadde, og synest det er heilt fantastisk å gå vidare, legger ho og resten av bandet til.

Om å spele på heimebane under finalen svarer Gåte:

– Det kjem til å bli spektakulært.

Gåte under andre delfinale i MGP 2024.

– Heilt fantastisk!

Countryduoen Anne Fagermo og Dag Erik Oksvold, var svært lukkelege over å kome til finalen.

– Det er heilt fantastisk.

– Å drive med countrymusikk, og å kome vidare frå denne tøffe konkurransen her er vi utruleg stolte over og takknemlege for, seier Oksvold.

Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo under andre delfinale i MGP 2024

Dag Erik Oksvold og Anne Fagermo under andre delfinale i MGP 2024

Gjensyn med MGP-vinnarar

Den andre av totalt tre delfinalar i Melodi Grand Prix har bydd på mytisk rock på gammalnorsk, ein diger robot på scena og pyro!

I tillegg dukka Tix og Gaute Ormåsen opp i anledning minnerike kostyme i Melodi Grand Prix.

Det var også demonstrasjon utanfor NRK mot Israel si deltaking i Eurovision.

Den norske MGP-finalen blir halden i Trondheim Spektrum laurdag 3. februar.

Les også «Treffer på alt MGP skal være»

Melodi Grand Prix 2024 delfinale 2 toppbilde

Les også Disse går videre til MGP-finale

Disse gikk videre til MGP-finale

Kulturstrøm

  • Nye rekordar for Swift

    Aldri før har eit album blitt strøyma så mykje på ei veke som Taylor Swifts «The Tortured Poets Department». Utgjevinga gjekk rett til topps på Billboard-lista.

    Musikkmagasinet sjølv omtaler det som «ein historisk debut på nummer 1».

    Albumet med 16 låtar blei gitt ut 19. april. To timar seinare overraska Swift fansen ved å sleppe 15 låtar til, og kunngjorde at det var eit dobbeltalbum.

    I veka fram til og med 25. april blei det selt 2,61 millionar såkalla albumekvivalentar. Av dette var 1,91 millionar tradisjonelt albumsal, inkludert digitale nedlastingar, CD-ar, kassettar og heile 859.000 vinylplater.

    Dette er det høgaste talet vinylkopiar av eit album som er selt på ei veke i moderne tid, opplyste Billboard.

    (NTB)

    Taylor Swift
  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP