Hopp til innhold

Ny demonstrasjon utanfor NRK mot Israel si deltaking i Eurovision

Eit par hundre demonstrantar møtte opp utanfor NRK laurdag kveld utanfor publikumsinngangen til andre delfinale i MGP. Demonstrantane held kvite bultar som skal symbolisera palestinske foreldre og søsken som ber drepne palestinske barn. Dei krev at Israel blir utestengd frå Eurovision Song Contest i 2024. Oppropet «Utesteng Israel fra Eurovision», oppretta av den norske sangaren og artisten Marthe Valle, har nesten 18.900 underskrifter.

Kringkastingsrådet behandla torsdag Israel si deltaking i Eurovision. Kringkastingssjefen har frårådd ei boikott av israelsk deltaking i songkonkurransen.

– Å ta til orde for ein boikott av Israel vil svekka NRK sitt truverd som nyheitsformidlar, sa ho og la til at folk har full rett til å protestera og vera ueinige med NRK si vurdering.

Den europeiske kringkastingsunionen (EBU) har sagt at det er uaktuelt å stenga ute Israel frå Eurovision. Konkurransen blir i år arrangert i Malmö i Sverige.

Demonstranter utenfor NRK på Marienlyst i Oslo. De krever at Israel stenges ute fra Eurovision 2024.
Foto: Alf Simensen / NRK

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no