Hopp til innhold

Meiningsfylt Oscarfest

Mange følgde oppmodinga om meir politikk i takketalane under Oscar-utdelinga i natt. Mangfald og klimaendringar var blant tema som blei tekne opp.

AWARDS-OSCARS Host Chris Rock opens the show at the 88th Academy Awards in Hollywood

Opningsmonologen til Chris Rock fekk mykje merksemd etter Oscar-showet.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

I år ville produsentane av Oscar-showet ha meir innhald i takketalane, etter at dei hadde sett seg lei på lange oppramsingar av namnelister frå scenen. Og dei fekk svar på tiltale.

På førehand var det venta mest oppstyr rundt OscarSoWhite-kampanjen. Mange kritiserte juryen for manglande mangfald i dei mest prestisjefylte priskategoriane, og regissør Spike Lee boikotta utdelinga i natt i protest.

Rock sette standarden

Kveldens Oscar-vert, Chris Rock, nytta høvet til å kome med nokre spark allereie i opningsmonologen. Han sa blant anna at han aldri hadde fått jobben som vert om det hadde vore ein jobb ein blei nominert til.

US-88TH-ANNUAL-ACADEMY-AWARDS---GOVERNORS-BALL

'The Revenant'-regissør Alejandro Inarritu brukte takketalen til å appellere til meir mangfald i Hollywood.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / Afp

Han spurde også kvifor protestane kom akkurat i år, når det hadde vore minst 70 andre Oscar-utdelingar utan svarte nominerte.

– Det er sjølvsagt fordi vi hadde noko å protestere mot på 50- og 60-talet. Vi var for opptekne av å bli valdtekne og lynsja til å bry oss med kven som vann pris for beste foto.

Og «The Revenant»-regissør Alejandro Gonzalez Inarritu følgde opp då han vann prisen for beste regi:

– Vår generasjon har no ein stor moglegheit til å frigjere oss frå fordommar og tankesett og ein gong for alle gjere hudfarge like irrelevant som lengda på håret vårt.

Klimaendringar

Etter å ha vore nominert seks gonger, fekk Leonardo Di Caprio endeleg Oscar for beste mannlege hovudrolle. Han valde å fokusere på klimaendringane i sin takketale:

– Klimaendringane er ekte. Dei skjer akkurat no. Det er det mest alvorlege trugsmålet mot menneska, og vi må arbeide saman og slutte å utsetje.

Leonardo DiCaprio vant sin første Oscar i nattens utdeling, og brukte deler av takketalen til å sette fokus på klimaforandringer. Bilder med rettigheter fra A.M.P.A.S 2016

Filmen «Spotlight» fekk pris for beste film og beste originalmanus. Filmen handlar om etterforskinga avisa Boston Globe gjorde rundt overgrep mot barn i den katolske kyrkja. I takketalen appellerte produsenten til paven:

– Denne filmen gav ei stemme til dei som overlevde, og denne prisen forsterkar den stemma, som vi håper skal bli eit kor som blir høyrt heile vegen til Vatikanet. Pave Frans, det er på tide å beskytte barna og gjenopprette trua.

Ståande applaus for Lady Gaga

Eit av augneblikka mange snakkar om frå Oscar-showet i natt, var Lady Gaga si framføring av «Till It Happens to You». Sangen er henta frå dokumentaren «The Hunting Ground», som handlar om valdtekter på amerikanske universitet.

Gaga blei introdusert av visepresident Joe Biden som heldt ein appell mot seksuell trakassering. Artisten framførte songen sitjande ved eit kvitt piano, og mot slutten kom fleire valdtektsoffer på scenen. Framføringa hausta ståande applaus.

US-OSCARS-SHOW

Lady Gaga hausta ståande applaus for å setje søkelyset på valdtekter ved amerikanske universitet.

Foto: MARK RALSTON / Afp

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters