Hopp til innhold

Trøbbel for ny Askepott-film – har leigd kostyme i «franske størrelsar»

Valeria og Liza kan ikkje vere med som statistar i den nye filmen «Tre nøtter til Askepott» fordi kostyma berre finst i små størrelsar.

Valeria Maturana Gudmundsen og Liza Diaz

Valeria Maturana Gudmundsen og Liza Diaz reagerer på kostymekrava i den norske versjonen av «Tre nøtter til Askepott».

Foto: privat

«Har du lyst til å være med på et eventyr i Lillehammer? Du er mellom 20–70 år, alle etninisiteter oppfordres å søke, men vi har bare størrelser i XS, S og M.»

Slik lyder statist- beskrivinga til den norske nyinnspelinga til «Tre nøtter til Askepott», som blant anna har popartisten Astrid S og skodespelar Cengiz Al i hovudrollene.

Produksjonsselskapet har kjøpt inn kostyme som berre finst i små størrelsar. Derfor søkjer dei nå etter statistar som passar medium eller mindre.

Alfa Casting - små storleikar på kostyme til Askepott-film.
Foto: Skjermdump

Det reagerer norsk-chilenske Valeria Maturana Gudmundsen og Liza Diaz sterkt på.

– Dei søker mangfald, men mangfald er mykje meir enn xs-medium. Eg er lei meg og skuffa. Eg trudde vi hadde kome lenger, seier Gudmundsen.

– Eg blir motlaus og oppgitt. Med tanke på kor stort kroppspresset er, treng vi mangfald på TV, legg Diaz til.

Franske kostyme

Storm Films, som er produksjonsselskapet som står bak, svarer at dei har leigd inn historiske kostyme til statistane frå eit lager i Paris med målestokk som er sett av franske filmar som skildrar renessansen.

– Det viser seg at måla på desse er gjort etter tilnærma historisk målestokk, og at dei derfor varierer mellom det som i dag blir rekna som norsk small til medium, utan at dette har vore eit ønskje frå oss, seier Frederick P.N. Howard i Storm films.

Frederick Howard

Frederick P.N. Howard i Storm films seier at selskapet jobbar aktivt for ein inkluderande og representativ filmindustri.

Han fortel at produksjonen jobbar no med å supplere desse med kostyme i ulike størrelsar frå andre kostymelager. Dei profesjonelle skodespelarane med sine målsydde kostyme har eit stort mangfald i etnisitet, alder, vekt og funksjonsgrad.

Moteekspert Marianne Jemtegård er ikkje heilt sikker på om ho kjøper forklaringa.

– Det høyrest merkeleg ut at kostyma er laga med historiske mål. Det skurrar litt, seier ho.

– Ein skivebom

Ho fortel at moderne franske størrelsar i utgangspunktet er éin størrelse mindre enn norske størrelsar. I tillegg har vi menneske vorte langt større enn det vi var i renessansen.

– Viss desse kostyma er laga for å passe til eit renessansemenneske, så var dei mykje lågare og mindre breie over skuldra enn det vi er i dag.

Jemtegård legg vidare til at oppdaterte kostymedrama ikkje er opptekne av å vere historisk korrekte, men tvert imot vil vere mykje meir inkluderande enn før.

Marianne Jemtegård

Moteekspert Marianne Jemtegård.

– Det verkar derfor som om produksjonsselskapet har gjort ein skikkeleg skivebom ved å stoppe den inkluderinga ved størrelse medium, seier ho.

Moteeksperten understrekar at tenåringsklassikaren har mange gode sider ved seg.

Derfor synest ho det er ekstra synd at dei har størrelsar mange ikkje kan passe inn i.

– Den norske gjennomsnittskvinna vil ikkje passe inn i desse kostyma og dermed ikkje få lov til å vere med i det heile tatt. Det er utruleg synd, seier ho.

– Vi er meir enn ein klesstørrelse

Valeria Maturana Gudmundsen og Liza Diaz er blant dei som kostyma ikkje hadde passa til. Men Gudmundsen har heller ikkje eit ønske om det.

Eg synest ikkje at unge skal føle at dei må inn i desse størrelsane for å vere bra nok. TV og film må vise at vi er meir enn ein klesstørrelse.

Valeria

Valeria Maturana Gudmundsen vil at norsk film og seriar skal spegle mangfaldet i befolkninga.

Foto: privat

Produsentane bak skriv i eit brev til Norsk filminstitutt at dei er stolte av historia som lar dei presentere ein «ny og feministisk Askepott for dagens barn og unge».

Både Gudmundsen og Diaz meiner dette idealet ryk på kostymepolitikken.

– Viss målet er mangfald og inkludering, så hadde dei sørgd for at alle hadde hatt klede som passa dei, avsluttar Gudmundsen.

Produsent Howard beklagar om nokon har følt ubehag på audition, men oppfordrar både Jemtegård og media til å ikkje førehandsdømma eit verk som framleis ikkje er produsert eller lansert.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters