Hopp til innhold

– Korleis kan me omsetje internett?

Snart kan millionar av menneske vere med på å omsetje internett medan dei lærer eit nytt språk. Amerikanske forskarar har laga programmet «Duolingo».

collage duolingo

HØGE AMBISJONAR: Skaparane av «Duolingo» vil omsetje internett til alle dei store verdsspråka.

Foto: colourbox.com / duolingo.com

– Det starta med at eg spurte ein av studentane mine «Korleis kan me få 100 millionar menneske til å omsetje internett til alle dei store verdsspråka, gratis?», seier ein av skaparane, Luis von Ahn, i eit foredrag for nettstaden TED.

Svaret var å tilby brukarane moglegheita til å lære eit nytt språk. «Duolingo» fungerer slik at medan du lærer eit språk, er du med på å omsetje noko på internett til nettopp det språket.

Lære med å gjere

Programmet er ikkje lansert enno. Til no finst berre ein prøveversjon og folk må stå på venteliste for å få vere med.

Internett-brukere

HEILE VERDA: Skaparane håpar millionar av menneske skal omsette internett.

Foto: Colourbox

Lat oss seie du vil lære deg spansk. Slik fungerer det:

  • Duolingo startar med å gi deg enkle setningar som kjem frå spanske nettsider, som du må omsetje til engelsk.
  • Du får berre setningar som er høvelege til ditt nivå. Nybyrjarar får enkle setningar. Når dei blir flinkare, aukar også vanskegraden.
  • Om ein ikkje kan eit ord, kan ein få forslag på omsetjingar og sjå korleis andre brukarar har gjort det.
  • Slik kan ein lære orda ein ikkje kunne og stadig utvide ordforrådet sitt.
  • Det finst også praktiske øvingar, lydøvingar og gloseprøver.

Fordelen med denne måten å lære på er at ein omset ekte innhald og ikkje konstruerte setningar, meiner skaparane.

Ulempa er at ein nordmann må omsette spansken til engelsk.

Omsetjingane blir vurderte av mange ulike brukarar, og den omsetjinga som blir rekna som «best» vil verte brukt.

Antin Fougner Rydning

PROFESSOR: Antin Fougner Rydning er skeptisk til om omsetjingane blir bra nok.

Foto: UiO
Middelmåtig

Antin Fougner Rydning er professor i fransk og omsetjing ved Universitetet i Oslo.

Ho meiner prosjektet ser genialt ut og kan revolusjonere måten me lærer språk på. Men ho tvilar på at kvaliteten til omsetjingane blir bra nok.

– «Konsensus»-prinsippet vil føre til forståelege, men sannsynlegvis ganske middelmåtige omsetjingar. Men det er kanskje mot slike middelmåtige løysingar vår datastyrte verd går mot. Dersom målet er at me skal forstå essensen i eit bodskap, så er det jo greitt, seier Rydning.

Ho viser til at ord som berre finst i ein viss kultur kan verte vanskelege å omsetje for språkelevane. Ein profesjonell omsetjar har erfaring og kunnskap til å takle forskjellige omsetjingsutfordringar.

– Om me ynskjer noko meir med omsetjinga, til dømes nytingsaspektet som romanlesing gir, eller treng presise omsetjingar i juridiske dokument, blir det middelmåtige ikkje tilfredsstillande, seier ho.

Bytehandel

Om ein hadde nytta profesjonelle omsetjarar til å omsetje internett, hadde det naturleg nok vorte veldig dyrt og tatt veldig lang tid. På denne måten gjer folk jobben gratis.

– Omsetjingsprogramma i dag er ikkje gode nok, og kjem ikkje til å vere det på 15–20 år. Dei gjer mange feil, og då veit ikkje folk om dei kan stole på dei når dei gjer rett, seier von Ahn om kvifor han trur «Duolingo» er den mest effektive måten å omsetje internett på.

Dugnad

Luis von Ahn er også mannen som har fått millionar menneske over heile verda til å digitalisere bøker for Google gjennom inntasting av såkalla «CAPTCHA»-kodar.

«Crowdsourcing», eller dugnad, om du vil, er den nye måten å få realisert store prosjekt på. Nettleksikonet «Wikipedia» er eit døme på dette. Veldig mange menneske går saman og gjer litt av jobben kvar, og det kjem til nytte for alle som brukar internett.

Din læring kan hjelpe andre til å lese tekstar dei elles ikkje ville hatt tilgang til.

Her er bloggen til ein brukar som har prøvd programmet. Han skriv om opplevinga si og har lagt ut bilete frå «innsida» av «Duolingo».

Reklamefritt

språk

SPANSK: Tradisjonelle språkkurs får konkurranse av eit gratis tilbod.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Programmet skal ikkje ha reklame, avgifter eller abonnement av noko slag, lovar skaparane.

– Slik det er no, må språkelevar betale for å lære eit nytt språk. Problemet er at det er mange fattige i verda som ikkje har råd til å ta språkkurs. Med «Duolingo» skapar du verdiar medan du lærer, du betalar med tida di, seier von Ahn.

Kulturstrøm

  • Tupac-mistenkt siktet for drap

    Politiet i Las Vegas har arrestert en mann mistenkt i drapssaken etter at Tupac ble skutt og drept i 1996, melder nyhetsbyrået Associated Press. Han er siktet for drapet.

    Mannen har selv innrømmet i intervjuer og i en egen selvbiografi fra 2019 at han var i bilen da skuddvekslingen skjedde, skriver NTB.

    Tupac var bare 25 år da han døde.

    Tupac Shakur var også kjent som 2Pac og etter hvert Makaveli – og solgte over 80 millioner album på den tida da folk kjøpte fysiske plater.

    Han var involvert i flere skyteepisoder og var en del av konflikten mellom rapperne på øst- og vestkysten av USA.

    Tupac
    Foto: AP / NTB