Hopp til innhold

Konserten får slakt, men Kygo meiner kritikken ikkje betyr noko

Telenor Arena var fullsett, men aviser og musikkpresse trilla toarar og trearar til Kygo-konserten fredag. Artisten sjølv hevdar han ikkje les kva kritikarane meiner.

Konsert med Kygo

SHOW: Kygo varta opp med eit langt show med ei lang rekkje internasjonale hits. Kritikarane var likevel lunkne til konserten i Telenor Arena.

Foto: Torstein Bøe / NTB scanpix

– Eg les veldig få anmeldingar for tida, sa Kyrre Gørvell-Dahll, betre kjend som «Kygo», då NRK intervjua han før konserten på Fornebu fredag.

Spørsmålet blei stilt etter at skandinaviske kritikarar hadde gitt Kygo-konsertane i Sverige og Finland dårleg omtale.

Det er den hittil største turneen for den norske superstjerna, og fredag var turen komen til Telenor Arena.

Kritikarane var på den same festen

Det er uklart om Kygo har lest kva norsk presse har skrive. For dei som har lest kva kritikarane skriv etter konserten, er det tidvis dyster lesing:

  • «Konfetti kan ikke redde alle konsertar», konkluderer NRK P3.
  • «Personligheten Kyrre Gørvell-Dahll meldes fortsatt savnet», skriv VG.
  • «Ensformig suksess», samanfattar Aftenposten.
  • «En kveld med Kygo er en lang kveld», meiner Dagsavisen.
  • «Alle vet hvordan det går om man spiser for mye ananas. Man får sår munn», skriv Gaffa om den tropiske house-konserten.

– Konsensusen blant norske (og svenske) kritikarar trur eg kan forklarast enkelt, seier Geir Magne Staurland, som skreiv om konserten for Gaffa.

Geir Magne Staurland

FORKLARER: Kritikar Geir Magne Staurland i Gaffa meiner Kygo ikkje passar inn i det tradisjonelle konsertformatet.

Foto: Tord Litleskare

Han omtalar ein Kygo-konsert som ei omrokering av heile det tradisjonelle konsertformatet som kritikarar ikkje vil vere med på.

– Vi skriv slik vi alltid har gjort, sjølv om heile vår verktøykasse er borte. Det er ein gjeng med musikkritikarar som kritikar ein fest på premissane til ein konsert, meiner Staurland.

«Crowden» viktigast

For Gørvell-Dahll er det likevel, forståeleg nok, tilhengarane som betyr mest.

– Det som betyr noko er kva fansen synest, og eg får stort sett berre positive tilbakemeldingar på Instagram, Facebook og Twitter, fortalde Kygo fredag kveld.

– Det som betyr noko for min del er kva folka i «crowden» – dei som faktisk likar musikk min – synest om showet. Ein kritikar som går på konsert til ein person eller ein artist ein ikkje likar musikken til, får kanskje ikkje ei god oppleving, sa han vidare.

Synest det er trist

Tidlegare har Kygo gått hardt ut mot norsk presse. Til det amerikanske kulturmagasinet Papermag sa han at den dårlege kritikken har vore sårande.

Espen H. Rusdal

TRIST: Espen H. Rusdal i Dagsavisen meiner det er litt trist at Kygo får dårleg kritikk, men seier han som kritikar må vere tru til det universet som er opparbeidd.

Foto: Hilde Unosen

For terningkasta etter fredagens konsert er ikkje første gong Kygo har fått dårlege terningkast i Noreg. Musikkritikar Espen H. Rusdal gav Kygo-konserten terningkast tre, men synest ikkje det er moro å trille dårlege terningar.

– Det er jo litt trist sjølvsagt, for han er vårt store pop-kort. Men som kritikar må ein vere tru til det universet som er opparbeidd.

I Dagsavisen skreiv Rusdal at «​Etter en konsert med Kygo kommer jeg ikke på en eneste ting som blir bedre med panfløyte». Fans over heile verda likar derimot den tropiske house-musikken til bergensaren. Også i går såg publikum ut til å kose seg, ifølgje kritikarane. Rusdal synest det er bra at Kygo seier det er publikum han bryr seg om.

– Det er sånn det bør vere, det er jo for publikum og fansen han lagar musikken sin. Ein kritikar er éin person.

Håper Kygo vil lese kritikken

Sturland i Gaffa håper derimot at Kygo ikkje sluttar å lese det kritikarane skriv.

– Eg vil rå han til å lese kritikken. Han må berre skifte fokus: vi er ikkje grinebitarar som ønskjer å sverte han. Vi ønskjer å prate om han fordi han er eit kulturelt fenomen, seier Staurland.

Han meiner det vil vere spennande for artisten om han klarer å lese kritikken får perspektivet til eit anna menneske. Rusdal i Dagsavisen er tydeleg på at ein kritikar ikkje har som oppgåve å vere tilhengar av artisten.

– Eg har vore på langt verre konsertar enn Kygo-konserten i går. Det er ikkje gitt at alle skal like alt. Når ein lagar noko som er veldig lett tilgjengeleg for alle, så blir det litt for lett for vidarekomne, meiner Rusdal.

Artisten sjølv var likevel svært tydeleg til NRK før konserten om kva kritikarane seier:

– Det betyr ikkje så mykje for meg, hevda den norske superstjerna.

Kygo (Kyrre Gørvell-Dahll) under lanseringen av sin første kleskolleksjon Kygo Life på Taket på Steen og Strøm i Oslo onsdag kveld.

BRYR SEG IKKJE: Den norske superstjerna Kyrre Gørvell-Dahll seier at han ikkje les kritikken frå presse.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Kulturstrøm

  • Norsk politi er på plass i Malmö – kjem frå Oslo Politidistrikt

    Eurovision-veka i Malmö er i gang, og norsk politi er på plass.

    Politidirektoratet vil ikkje seie kor mange frå norsk politi som skal hjelpe svensk politi.

    – Vi går ikkje ut med det eksakte talet på personar som skal delta, men kan stadfeste at personellet kjem frå Oslo Politidistrikt som har god kompetanse på denne typen oppdrag, skriv seksjonssjef Torgeir Haugen i ein e-post til NRK.

    I Sverige er arrangementet sett på som ein «nationell särskild händelse», som betyr eit stort politioppbod frå heile Sverige og nabolanda.

    Det er vente store demonstrasjonar i byen denne veka.

  • Nintendo varsler ny konsoll i år

    Det japanske spillselskapet Nintendo varsler at arvtakeren til deres spillkonsoll Switch vil bli presentert innen utgangen av selskapets regnskapsår, melder nyhetsbyrået AFP.

    Nintendo Switch er selskapets mestselgende konsoll noensinne. I desember 2023 var det solgt 139 millioner eksemplarer på verdensbasis.