Hopp til innhold

Auka press mot Medvedev

Fleire store ytringsfridomsorganisasjonar fordømmer angrepa på journalistar i Russland den siste tida.

Portestar mot angrepet på Oleg Kasjin

Protestantar utanfor den russiske ambassaden i Kiev krev at Putin og Medvedev må finne dei som angreip Oleg Kasjin.

Foto: GLEB GARANICH / Reuters

Kritikken mot russiske styresmakter aukar etter fleire brutale angrep mot journalistar. Tre journalistar har vorte overfalle dei siste dagane.

– I går opererte dei sonen min, men det er for tidleg å snakke om betring, seier Vladimir Kasjin.

Oleg Kasjin

Oleg Kasjin, politisk journalist i avisa Kommersant.

Foto: HO / Reuters

I helga vart sonen hans Oleg overfalle utanfor huset sitt i Moskva. To menn slo laus på Oleg Kasjin med eit jernrør. No ligg journalisten i kunstig koma på sjukehus med brot i bein, fingrar og kjeve.

Forverring for journalistar

Dette er berre eit av mange angrep mot journalistar i Russland.

– Vi veit om 100 angrep berre sidan 2005, seier Ernest Sagaga i den Internasjonale journalistføderasjonen.

Og den siste tida har det vore ei forverring.

– Det er ei rekkje døme på journalistar som har vorte banka opp, trakassert, og enda på sjukehus, dei vert trua, og i enkelt-tilfelle vert altså journalistar drepne, seier generalsekretær i Helsingforskomiteen Bjørn Engesland.

Gjerningsmennene går fri

Minnemarkering for Anna Politkovskaja

Anna Politkovskaja vart drepen i 2006, her frå ei minnesmarkering. Bjørn Engesland heilt til venstre.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Kritiske journalistar lever farleg, medan gjerningsmennene sjeldan vert stilt til ansvar.

– Ein har ikkje klare gode døme på at ein har kome til botn i nokon av dei sentral sakene. Framleis veit ein ikkje kven som tok livet av Anna Politkovskaja i 2006. Og det er ei rekkje andre saker der det er uvisse om kven som står bak, seier Bjørn Engesland.

Etter angrepet på Oleg Kasjin lovde president Dmitrij Medvedev at gjernings-mennene skal bli funne og straffa.

– Uansett kven som står bak skal han verte straffa, sa Dmitrij Medvedev.

Men Engesland trur ikkje på lovnadene frå presidenten.

Hør ham her:

– Han har sagt det før, og førebels har vi ikkje sett konkrete resultat av denne type signal, det er berre retorikk frå den russiske presidenten.

Auka press mot presidenten

Dmitrij Medvedev

Dmitrij Medvedev kommenterte angrepet på Kasjin 8. november.

Foto: MIKHAIL KLIMENTYEV / Afp

Frå før har russiske journalister og redaktørar kravd betre tryggleik. Np stiller ei rekkje store internasjonale organisasjonar seg bak kravet.

World Association of newspapers representerer 18 000 publikasjonar i 120 land. I eit brev til den russiske presidenten krev dei betre tryggleik for journalistar. Den internasjonale journalistførerasjonen har 600 000 journalistar i ryggen - dei har lansert ein kampanje for at desse angrepa skal etterforskast.

– For å sikre at alle sakene som har vore uløyste så lenge, endeleg kan verte løyste i retten, Ernest Sagaga.

Helsingforskomiteen etterlyser handling.

– Det er ikkje samsvar mellom det som vert sagt på høgste politiske nivået, og det som skjer ute i samfunnet. Der går det føre seg overgrep og drap.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.


Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters