Hopp til innhold

- Veit kven som drap Estemirova

Russlands president Dimitrij Medvedev seier at mannen som tok livet av menneskerettsaktivisten Natalia Estemirova er identifisert, og at vedkomande er ettersøkt internasjonalt.

Angela Merkel og Dimitrij Medvedev i Jekaterinburg 15. juli 2010.

Angela Merkel og Dimitrij Medvedev møttest i Jekaterinburg i dag.

Foto: VLADIMIR RODIONOV / Afp

Natalja Estemirova

Natalia Estemoriva vart drepen i Tsjetsjenia 15. juli i fjor.

Foto: Musa Sadulayev / AP

Medvedev sa dette under eit møte med den tyske kanslaren, Angela Merkel, i den russiske byen Jekaterinburg på eittårsdagen for drapet på Estemirova.

Merkel tok i ein tale på ein næringslivskonferanse i byen opp saka, og ho sa blant anna at det var svært viktig at russiske styresmakter gjer alt dei kan for å finne dei ansvarlege.

Medvedev: – Vi etterforskar

– Vi etterforskar no også kven som gav ordre om det forderdelege drapet, sa Medvedev blant anna.

Natalia Estemirova vart bortført og drepen i den russiske republikken Tsjetsjenia 15. juli i fjor.

Sulim Jamadajev ble skutt og drept i Dubai i mars 2009

Sulim Jamadajev vart skoten og drepen i Dubai i mars 2009.

Foto: MUSA SADULAYEV / AP

Også Amnesty International og andre menneskerettsgrupper har engasjert seg sterkt for russiske styresmakter skal etterforske drapet på ein skikkeleg måte.

Fleire menneskerettsgrupper har skulda den russiske etteretningstenesta for å ha vore delaktig i drapet på Estemirova.

I 2009 vart minst fem personar drepen av politiske årsakar, deriblant Estemirova.

Den tsjetsjenske opposisjonelle Sulim Jamadajev vart drepen i Dubai i mars i fjor. Han representerte den einaste gruppa som utfordra Tsjetsjenias president Ramzan Kadyrov.

Arbeidde for Politkovskaja-avis

Journalist Anastasia Baburova ble drept 19. januar 2009

Journalist Anastasia Baburova.

Foto: NOVAYA GAZETA / AFP

I januar vart menneskerettighetsadvokaten Stanislav Markelov (35) og journalisten Anastasia Baburova (25) skoten på åpen gate i Moskva.

Baburova hadde skrive ei rekke artiklar om aukande problem med rasisme og ultranasjonalisme i Russland for avisa Novaja Gazeta.

Anna Politkovskaja (48) arbeidde også for Novaja Gazeta då ho vart skoten og drepen i 2006.

Menneskerettighetsadvokat Stanislav Markelov ble drept 19. januar 2009

Menneskerettighetsadvokat Stanislav Markelov.

Foto: NOVAYA GAZETA / AFP

Markelov hadde også tidlegare representert Politkovskaja før ho vart drepen.

Eksil-tsjetsjeneren Omar Israilov vart drepen i Wien.

Ingen dømt for Politkovskaja-drap

Journalisten Anna Politkovskaja (48) hadde skrive ei rekke artikler om overgrep i utbryterrepublikken Tsjetsjenia då ho vart skoten utenfor heimen sin i Moskva 7. oktober 2006.

I februar 2009 vart alle dei tre som sto tiltalt for drapet på Politskovkaja frikjent.

SISTE NYTT

Siste nytt