Hopp til innhold

Krisemøte overalt etter at kultur-Oslo stenger

Kinoar og teater blir forbode i Oslo frå tysdag av. – Kulturlivet kjem til å kollapsa om det ikkje kjem hjelpetiltak, seier Stortingsrepresentant Freddy Øvstegård (SV).

Erna Solberg og Abid Raja

NEDSTENGING: Fredag blei det kjend at Oslo stenger mellom anna kinoar og teater.

Foto: Vidar Ruud / NTB

– Dette er veldig overraskande og trist, og får konsekvensar for veldig mange, seier programdirektør Christin Berg i Nordisk Film Kino.

I dag kom nyhenda om at Oslo mellom anna stenger kinoar og teater.

Berg meiner kinoane er ein trygg stad å vera.

– Me har ingen smitte. Når det er sagt, er me med på denne dugnaden. Men det er trist og synd. Kino hjelper folk ut i kvardagen, kultur er viktig for mental helse.

Ho peikar også å fleire filmar som skulle hatt premiere no i helga, men som no blir avlyste.

NRK har hatt kontakt med fleire store kulturaktørar som no har krisemøte.

– Sektoren til Raja blør

– Med desse strenge tiltaka, som me stiller oss bak, kjem kultur- og utelivet til å kollapsa om det ikkje kjem nokre hjelpetiltak. I realiteten er dei i den same situasjonen som i mars, men forskjellen no er at dei ikkje har dei same økonomiske tiltaka som då. Det betyr over og ut for dei, seier Stortingsrepresentant Freddy Øvstegård i kulturkomiteen.

Han etterlyser sterk kriseleiing frå kulturministeren.

–Sektoren han er ansvarleg for blør og treng rask handling.

Også Den Norske Opera fortel at dei stenger operaen i dag. Administrerande direktør Geir Bergkastet er fornøgd med at regjeringa no kjem med ein klar beskjed.

– Det er vanskeleg for ein institusjon som operaen å fortsetja som før når regjeringa oppfordrar publikum til å vera heime, seier han.

Kan behalda stimuleringspengar

– Dette er dramatisk og krevjande for kulturbransjen, seier kulturminister Abid Q. Raja.

Regjeringa har tidlegare kome ut med pengesum for stimuleringsordning for å hjelpa kulturbransjen til aktivitet igjen.

– Me skal sørga for at både stimuleringsordninga og kompensasjonsordninga varetar dei behova som no oppstår i kultursektoren, seier kulturminister Abid Q. Raja.

Han fortel at arrangørar ikkje treng å betala tilbake stimuleringspengane som gjeld uunngåelege økonomiske forpliktingar.

– Sjølv om både regjeringa og Stortinget har ønska å dreia støtta til sektoren frå kompensasjon til stimulering, har me framleis med oss kompensasjonsordningane både for arrangørane og for underleverandørane. No har Kulturrådet akkurat fått klarsignal til å betala ut 1.4 milliardar kroner i kompensasjon for arrangement som skulle ha vore, seier Raja.

Han fortel også at dei no skal sjå nærare på om stimulerings- og kompensasjonsordninga for filmbransjen må justerast.

– Når kinoane no stenger ned i dei to største byane i Noreg, er det klart at det er dramatisk for filmbransjen, seier han.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.