Hopp til innhold

Konkursramma kommune fekk pengar frå uventa hald

Moskenes kommune har hatt dårleg økonomi i årevis. Ei innsamling igangsett av humorprogrammet «Desken brenner» kom derfor som ei gledeleg overrasking.

Moskenes-ordfører Hanna Sverdrup.

Moskenes-ordførar Hanna Sverdrup fekk seg ei overrasking torsdag kveld.

Foto: Unstad Photography

– Eg fekk høgt blodtrykk da eg såg alle Vippsvarslingane på mobilen min, seier ordførar i Moskenes kommune, Hanna Sverdrup.

På torsdag kveld, da ho opna mobilen, vart ho møtt med 85 Vippsvarslingar. Alle hadde kome på same tidspunkt.

– Eg fekk hjartebank, og skjønte ingenting. Eg lurte på om det kanskje var feil med Vipps eller om det var nokon med bursdag som hadde likt nummer, fortset Sverdrup.

Vippsvarslingar til ordførar Hanna Sverdrup i Moskenes kommune.

Slik såg det ut da Hanna Sverdrup opna mobilen sin torsdag kveld.

Foto: Skjermdump: Privat

Nokre av Vippsarane hadde skrive blant anna «helsing Desken» på melding, og da steig blodtrykket enda litt.

Men da ho dagen etter fekk forklaring frå prosjektleiar i «Desken brenner», Jan-Terje Østerberg, roa ho seg fort ned.

– Da forstod eg litt meir, for vi hadde jo vore omtalt i det programmet ved eit par anledningar tidlegare, seier ho og humrar.

Pengemangel i kommunen

Moskenes i Lofoten er kjent for idyllisk fiskevêr, kritkvite strender og det populære fjellet Reinebringen.

Men dei siste åra har kommuneøkonomien gått svært dårleg.

I vinter trua dei med å slå seg konkurs om dei ikkje fekk hjelp av staten. I mai vart det kjent at dei skulle få 15 millionar i krisehjelp.

Les også Meiner staten har skulda for at Lofoten-kommune slit tungt: – Det er flautt

Reine i Moskenes kommune med små røde hus under det store mektige fjellet Reinebringen.

Nokon som har fått med seg at Moskenes kommune har slite økonomisk, og som til og med har harselert med det, er humor- og satireprogrammet «Desken brenner».

Desken brenner familiebilde

Det er komikarane Tara Lina Shahin, Odd-Magnus Williamson, Amalie Stuve og Marius Thorkildsen som utgjer «Desken brenner».

Foto: Herman Henriksen / Herman Henriksen

Hjelp frå uventa hald

På torsdag var «Desken brenner» på eit arrangement av Norsk Podkastforening, der redaksjonen skulle dele ut pris.

Der bestemte dei seg for å oppfordre publikum til å vippse ordføraren i Moskenes kommune.

– Fyrst var tanken å snakke om Vipps-ran, som har vore ei aktuell hending den siste tida. Deretter tenkte vi at det hadde vore artig å gjere eit Vipps-ran som går til ei god sak, fortel Williamson.

Sidan kommuneøkonomien til Moskenes har vore eit tilbakevendande tema i «Desken brenner», så var det naturleg å la pengane gå til dei.

– Og så viste det seg at engasjementet var stort, fortset Williamson.

2505 kr vart til slutt samla inn.

Desken brenner under liveshow laurdag 8. juni.

«Desken brenner» under prisutdelinga under Norsk Podkastforening. Frå venstre: Tara Lina Shahin, Odd-Magnus Williamson, Amalie Stuve og Marius Thorkildsen.

Foto: NRK

Ekstra mat og hygge til Sørvågen Skole

Etter at ordførar Hanna Sverdrup hadde landa litt etter sjokket, valde ho å donere pengane til Sørvågen Skole.

Der vil pengane gå til den planlagde idrettsdagen som blir arrangert seinare denne veka.

– Eg tenkte at det var fint om elevane kunne få kose seg litt ekstra nå som det nærmar seg skuleavslutning. Og rektor har gitt tilbakemelding om at dei set veldig pris på det, konstaterer Sverdrup.

Også Odd-Magnus Williamson er veldig glad for utfallet.

Det er kjemperørande, og vi håpar at det kjem noko fint ut av den saka her. Det her er berre starten på ei lang rekke andre tiltak som skal gjerast for Moskenes. Målet er at det skal ende opp til ein Live Aid-song, seier han med glimt i auga.

Odd-Magnus Williamson

Odd-Magnus Williamson er ein av komikarane i «Desken brenner». Vi har snakka med ordføraren i ettertid som seier at ho set pris på å få merksemd på denne saka sjølv om det er ein litt uheldig situasjon å vere i, legg Williamson til. 

Foto: Robert Rønning / NRK

Før han avsluttar blir tonen meir seriøs:

– Det er rart at vi lever i eit land der ein kommune har mykje, mens ein annan har lite. Det kjennest uverdig og rart.

Få med deg meir frå «Desken brenner» i NRK Radio:

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.