Hopp til innhold

Meiner staten har skulda for at Lofoten-kommune slit tungt: – Det er flautt

Ekspert meiner staten har eit ansvar for at Moskenes har altfor store lovpålagde oppgåver i forhold til lokale resursar. Og dei er ikkje aleine.

Reine i Moskenes kommune med små røde hus under det store mektige fjellet Reinebringen.

Samfunnsforskar Geir Vinsand seier det er flautt at ein så flott kommune som Moskenes ikkje klarer sine eigne oppgåver.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Det dei treng akkurat no er økonomiske midlar, seier stortingsrepresentant for Nordland, Mona Fagerås i SV.

Fattige Moskenes har vore 12 år på Robek-lista. No truar dei med å slå seg sjølve «konkurs» om dei ikkje får hjelp.

Kommunen med under 1000 innbyggarar har i årevis hatt elendig økonomi.

Prognosen for 2023 viser at dei har eit akkumulert meirforbruk på rundt 140 millionar kroner.

– Det er ein kommune i krise og som er i ferd med å gå konkurs. Og eg oppfattar at heller ikkje statsforvaltaren ser straksløysingar. Då må kommunalministeren på banen, seier Fagerås.

Les også Turistkommunen er Noregs fattigaste: – Får ikkje inntekt av naturen

Reinebringen i Moskenes kommune. Et stort og bratt fjell over en liten bebyggelse med hus, er ikledd hvit snø. Og i forgrunnen står turister på rekke og rad med kameraer.

Ingen gode fagområde

Det blei gjort ei tverrfagleg vurdering av den vesle kommunen i september i fjor, og tidleg i februar kom resultatet:

Kommunen har sju svake, fem middels og ingen gode fagområde.

I tillegg manglar dei ei rekke tilsette, og står blant anna utan økonomisjef og teknisk sjef.

– De manglar nøkkelpersonell innanfor økonomi, sa statsforvaltar Tom Cato Karlsen til kommunestyret sist veke.

Der har Vågan kommune hjelpt Moskenes i 2023 og Vestvågøy skal hjelpe dei i 2024, men også desse kommunane slit med sitt. Vågan melde for litt sidan at dei har eit meirforbruk på 75 millionar kroner.

Statsforvalter Tom Cato Karlsen ikledd slips og dress mens han ser bort på en mann med telefon i handa.

Statsforvaltar Tom Cato Karlsen seier dei brukar enormt med resursar på Moskenes kommune.

Foto: Vilde Bratland Eristad / NRK

Det er ikkje berre kommunane rundt som hjelper Moskenes. Ifølge Statsforvaltaren bruker dei enormt med resursar på kommunen.

– Eg har med meg fire stykk frå Statsforvaltaren og vi jobbar meir eller mindre med Moskenes. Samtidig har vi 40 andre kommunar vi skal ta vare på.

Statsforvaltaren får rundt 70 millionar kroner i skjønnsmidlar kvart år som skal delast på 41 kommunar i Nordland. Moskenes får brorparten av desse midlane.

Kva meir kan Statsforvaltaren gjere for å hjelpe kommunen?

– Eg trur nok at viss vi skulle ha auka innsatsen frå vår side, så vil det neste trinnet vere å flytte kontoret vårt ut til Moskenes og sitte i saman med kommunen, seier Karlsen til NRK.

Les også Ikonisk lofotkommune er fullstendig skakkjørt: – Vi er konkurs. Bankerott

Hanna Sverdrup

– Staten har overbelasta kommunen

Samfunnsforskar, Geir Vinsand i NIVI Analyse seier at den grunnleggande utfordringa til Moskenes er at kommunen har for store oppgåver i forhold til ressursane sine.

– Det er det grunnleggande problemet. Det er Stortinget som vedtar oppgåvefordeling i Noreg, og som vedtar at Moskenes kommune skal løyse så tunge velferdsoppgåver med så lite resursar, seier Vinsand.

Ifølge han har staten eit tungt ansvar for at Moskenes har altfor store lovpålagde oppgåver i forhold til lokale resursar.

Geir Vinsand, samfunnsforsker, NIVI analyse

Samfunnsforskar, Geir Vinsand i NIVI Analyse seier vi må ha ei nasjonal ordning for gjeldssanering, gitt ein ny start som er langsiktig berekraftig.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

– Det er jo heilt galimatias av ei oppgåvefordeling.

Kommunen har over 5000 lovpålagde oppgåver, ifølge ordføraren.

– Betyr det at staten skal punge ut for å halde kommunen i live, koste kva det koste vil?

– Nei, staten skal ikkje berre punge ut, men vi må ha ei nasjonal ordning for gjeldssanering, gitt ein ny start som er langsiktig berekraftig.

Fleire kommunar kan kome i same situasjon

Han seier forskjellen på Moskenes og andre «fattige» kommunar er at dei har kome lenger i lofotkommunen. Ubalansen har blitt større over tid. Han meiner dette burde har vore tatt tak i tidlegare.

– Vi burde hatt ei kommunalordning der Statsforvaltaren og andre hadde hatt tyngre verkemiddel for å gå inn tidlegare i den typen kommunar. Vi får ei lang rekke kommunar som kjem i same situasjon om kort tid.

Kommunehuset i Moskenes er et grått lavt bygg under store mektige fjell.

Moskenes kommune får brorparten av dei 70 millionar kronene som statsforvaltaren kvart år skal delast ut i skjønnsmidlar.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– Eg kjenner til fleire kommunar som er i ein tilsvarande kritisk situasjon med at dei ikkje kan levere likeverdig velferdstenester og som har grunnleggande svikt i rettssikkerheit internt i kommunen. Moskenes er ein av mange små kommunar som slit.

Vinsand ser berre to løysingar for Moskenes på lang sikt. Enten ei kommunesamanslåing i delar av eller heile Lofoten, eller eit sterkare kommunesamarbeid. Nokre andre løysingar finst ikkje, ifølge han.

– Det er flautt for heile kommunesektoren at vi skal ha ein så flott kommune som ikkje klarer sine eigne oppgåver.

Les også Vedtok kommunebudsjett med 40 millioner i minus: – Etterlatt i en hjelpeløs tilstand

Rorbuer ligger ned mot sjøen, Reine i Lofoten er omkranset av høye fjell.

Kan ikkje vedta betalingsinnstilling

Statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Ole Gustav Narud (Sp) forstår at Moskenes er i ein vanskeleg situasjon.

Vi vil prøve å hjelpe kommunen så godt det lèt seg gjere. Vi hadde eit møte med kommunen i november og skal ha eit nytt møte i løpet av våren.

Samtidig meiner Narud at det er viktig å vere klar over at kommunen sjølv har eit ansvar for å skape balanse i sin eigen økonomi.

Bilde av Ole Gustav Narud, statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Statssekretær i Kommunal- og distriktsdepartementet, Ole Gustav Narud (Sp) forstår at Moskenes er i ein vanskeleg situasjon.

Foto: Kambiz Zakaria / NRK

Der har det nye kommunestyret vedtatt eit budsjett i balanse. Nå er det om å gjere å gjennomføre det budsjettet som kommunestyret har vedtatt.

Han meiner Moskenes ikkje kan vedta betalingsinnstilling.

Ikkje så lenge Moskenes har midlar til å betale. Kommunen har kassakreditt og er derfor i stand til å betale.

«Kassakreditt» på 120 millionar

Det har han heilt rett i, seier ordførar i Moskenes Hanna Sverdrup.

– Så lenge vi får innvilga auka kassekreditt til å finansiere drift, så kan vi ikkje vedta betalingsinnstilling.

Ho deler oppfatninga til både statsforvaltar Tom Cato Karlsen og samfunnsforskar Vinsand om at kommunen har altfor mange oppgåver.

– Det er ein del av at vi har prøvd å spare pengar på å kutte ned på administrasjon og at det har blitt veldig mange oppgåver på få menneske.

Hanna Sverdrup

Hanna Sverdrup er ordførar for Felleslista i Moskenes.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Brannsløkking har gått utover evna til å skape ordentlege system med prosedyrar og rutinar, seier ordføraren.

– Vi må få bygd opp grunnmuren på rådhuset.

Per i dag har kommunen ein kassakreditt med grense på 120 millionar kroner. Kommunen har brukt 90 millionar frå kassekreditten, og desse 90 er opparbeidde sidan 2012, opplyser Sverdrup.

Kassekreditt er noko ein tar opp fordi det ikkje er lov til å ta opp langsiktig gjeld for å betale driftskostnader, og han går til å betale overforbruk på drift.

Enklare forklart kan du sjå for deg at du sit på restaurant og betaler med kredittkort, sjølv om du veit at du ikkje kan betale kredittkortrekninga.

Ingen vil slå seg saman med Moskenes

Sverdrup seier dei no skal i gå i dialog med departementet for å sjå på kva moglegheiter som finst.

Kommunen hadde førre periode eit kommunestyrevedtak på at dei skulle sondere rundt kommunesamanslåing.

Men kommunen har så mykje gjeld at ingen kommunar sa seg villige.

– Tenker du at det kunne vore ei løysing om andre kommunar også hadde vilja det?

– Ja, men då må ein ha tinga på plass. For dei kan jo ikkje overta noko når ein ikkje veit kva som er der. Ein må rydde opp uansett og få ein struktur same kva som skal skje med Moskenes.