Hopp til innhold

Har inntaksstopp på unge menn

OSLO (NRK): Bokredaktøren i Klassekampen meiner kjønnsfordelinga i litteraturkritikken kan bli nesten parodisk. Ein gjennomgang av over 500 bokmeldingar frå 2017 viser at kjønnsbalansen er skeiv.

Karin Haugen

KVIR SEG: Karin Haugen i Klassekampen seier at kvinner kvir seg meir enn menn for å prate om ting som er litt utanfor sine felt.

Foto: Klassekampen

Bokhylle

LES MEIR: Undersøkingar viser at kvinner les meir enn menn, og fleire kvinner studerer litteratur. Likevel er kvinnelege kritikarar i mindretal.

Foto: NRK

– Eg får mange førespurnader frå folk som vil skrive og vera kritikarar, og det er flest menn. Vi har ikkje så god kjønnsbalanse i kritikarstaben, så nå har eg innført inntaksstopp på unge, flinke menn.

Det seier Karin Haugen, som er redaktør i Bokmagasinet i Klassekampen. Ho meiner det er vanskelegare å få kvinner til å skrive kritikk.

– Kvinner seier oftare nei enn menn. Vi har fleire profilerte kvinner i redaksjonen, men når vi hentar inn eksterne skribentar må vi tenkje over kjønnsbalansen. Viss ikkje sklir det heilt ut.

NRK har gått gjennom over 500 av årets bokmeldingar frå åtte ulike aviser. Tala viser at kvinnelege kritikarar er i mindretal, og at mannlege forfattarar i svært stor grad blir melde av mannlege kritikarar.

Sjå tala her:

Karin Haugen meiner det er eit problem at litteraturkritikken blir kjønnsdelt.

– Somme gonger kan det bli nesten parodisk. Når det kjem ein stor biografi eller ei litt tung sakprosabok, kan ein i ettertid sjå at det nesten berre var menn som omtalte dei.

Visse kvinnelege forfattarar er det nesten berre kvinner som skriv om. Det blir kjedeleg.

Karin Haugen

Kvinner blir lesne annleis enn menn

Ellisiv Lindkvist

VIL KJØNNE MANNEN: Ellisiv Lindkvist er lei av at kvinnelege forfattarar blir putta i bås, medan litteratur av menn blir sett på som universelt.

Foto: Anna-Julia Granberg / Cappelen Damm / Blunderbluss

Forfattar Ellisiv Lindkvist gav tidlegare i år ut boksingelen «Oh, Kulturmannen». Teksten tek for seg kjønnshierarkiet i kulturlivet, der den mannlege kritikaren er ein av «kulturmennene». Lindkvist trur det er ei større anerkjenning å få merksemd frå ein mann enn frå ei kvinne.

– I mange tilfelle er det eit slikt hierarki. Det har også Harald Eia sagt, at han helst vil ha ros av menn. Kvinner som lagar mannlege hovudpersonar kan lett få ein annan status, der kjønn spelar mindre rolle.

Kvinner som skriv om kvinner blir putta i ein bås som ligg utanfor det universelle og allmenne.

Ellisiv Lindkvist

– Er det eit problem at menn i stor grad les menn?

– Problemet er ikkje nødvendigvis talet på mannlege og kvinnelege kritikarar, men at menn og kvinner blir lesne ulikt. Eg synest måten Ingunn Økland gjekk ut mot Vigdis Hjorth på var ein kjønna reaksjon, all den tid Knausgård og Espedal ikkje har vore i nærleiken av å få same type kritikk.

Representerer ikkje lesarane

Sissel Furuseth

SJØLVFORSTERKANDE EFFEKT: Sissel Furuseth trur at kjønnsskilnaden i litteraturkritikken kan føre til ein sjølvforsterkande effekt. Ein legg merke til dei mennene som profilerer seg, medan kvinnene ikkje blir rekrutterte like lett.

Foto: UiO

Sissel Furuseth er fyrsteamanuensis i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo. Ho peiker på at kritikarane og lesarane ikkje er heilt i samsvar.

– Frå lesarundersøkingar så veit ein at kvinner les fleire bøker enn menn. Difor overraska det meg at det er såpass få kvinnelege kritikarar. Kritikarkorpset representerer ikkje lesarane flest.

Samtidig meiner Furuseth at det er positive funn i tala over bokmeldingane.

– Når det gjeld talet på bøker som blir lesne, så er det ein akseptabel kjønnsbalanse. Bøker av kvinnelege forfattarar blir melde omtrent like mykje som bøker av mannlege forfattarar.

Eit anna problem er at mange redaksjonar nedprioriterer kritikk. Da blir utvalet tilfeldig. Når ei avis har éin meldar, og denne meldaren er mann, da blir kvinnerepresentasjonen dårleg.

Sissel Furuseth

Kulturstrøm

  • Tidligere NRK-profil Harald Tusberg er død

    Tidligere NRK-profil Harald Tusberg er død, melder VG.

    Tusberg ble 88 år gammel.

    Tusberg jobbet i NRK fra 1961 til 1996, og var blant annet kjent for NRK-programmer som «Smil til det skjulte kamera» i 1960-årene og «Dette er ditt liv» i 1980-årene.

    Tusberg var også forfatter, låtskriver og filmmanuskriptforfatter.

     Harald Tusberg
    Foto: NTB
  • Russisk journalist dømt til 8 år fengsel

    En russisk journalist som protesterte mot Russlands krigføring i Ukraina på TV, har blitt dømt til 8 års fengsel, skriver AFP.

    Journalisten Marina Ovsiannikova ble dømt for å ha spredt falsk informasjon om Russlands væpnede styrker.

    Ovsiannikova skapte overskrifter verden over da hun i mars 2022 stilte med en plakat der det sto «Nei til krig» midt under en nyhetssending. Hun var ansatt som redaktør i den statseide russiske TV-kanalen Kanal 1.

    I juli samme år aksjonerte hun igjen ved å stille seg opp i nærheten av Kreml med en plakat der det sto «Putin er en morder. Soldatene hans er fascister».

    (NRK/NTB)

    Marina Ovsjannikova møter pressa. Rundt ho er det kamera og mikrofonar.
    Foto: AFP