Hopp til innhold

Kjærleik frå ein landssvikar

Nasjonalbiblioteket grev i desse dagar fram dei heftigaste kjærleiksbreva frå arkivet.

Vidkun og Maria Quisling

Vidkun Quisling skreiv fleire brev frå fengselet til kona Maria før han vart avretta.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Kjærleiken er mangfoldig. Han kan smelte is på Nordpolen, overmanne hjartet til ein landssvikar, og by opp sørgande enkjer til dans.

I høve opninga av Nasjonalbiblioteket sine nye publikumsområder har bibliotekarane greve djupt og funne fram fleire ikoniske kjærleiksbrev frå arkivet.

Gjennom fem brev får vi blant anna bli med inn i kjenslelivet til Vidkun Quisling, få timar før han vart avretta. Vi får også lese friarbrevet frå Agnar Mykle til Jacqueline Kennedy, og eit innblikk i bohemforfattaren Hans Jæger sin fortapte kjærleik for målaren Oda Krohg.

1: Eva Sars Nansen til Fridtjof Nansen

Den lengtande kjærleiken

1892/1893

Fridtjof og Eva Nansen

Sjølv om Eva Sars Nansen her har fått lov til å bli med Fridtjof på ski, fekk ho ikkje lov til å bli med ektemannen til Nordpolen.

Foto: L. Szacinski / Nasjonalbiblioteket

«Kjære elskede søte søte Fridtjoffen min…»

Slik begynte Eva Sars Nansen eit svært klissete og lengselsfullt kjærleiksbrev til mannen sin, berre ein dag etter han steig om bord i seglskuta Fram og sette kursen mot Nordpolen.

Eva døypte Fram den 26. oktober 1892 medan ho var gravid i sjuande månad. Då ho skreiv dette brevet hadde ho nyleg født sitt første barn, Liv. Førebuingane til ekspedisjonen over Polhavet gjekk ho på nervane, mannen var alltid opptatt eller sat for seg sjølv og grubla.

Den blodferske grasenka heldt ingen ting tilbake medan ho pøste ut sin kjærleik til polfararen sin:

«Hvis jeg ikke faar komme med til Nordpolen, dør jeg, det følte jeg da du sagde farvel til mig igaar. Graat du lidt du også?»

2: Vidkun Quisling til Maria Quisling

Den siste kjærleiken

23. oktober 1945

Vidkun og Maria Quisling

Maria Quisling var opphaveleg frå Ukraina og skal ha blitt kjent med Vidkun då han arbeidde saman med Fridtjof Nansen på eit naudhjelpsprogram i Sovjetunionen.

Foto: Nasjonalbiblioteket

«Min elskede Maria, Jeg får ikke anledning til mer å ta avskjed fra dig, og sender dig derfor med dette mitt sisste farvel og min hjertelige takk for allt.»

Desse hjarteskjerande orda vart skrive av Vidkun Quisling til kona Maria, berre nokre få timar før han vart avretta ved skyting på Akershus festning, natt til 24. oktober 1945.

Det er mykje som kan seiast om Vidkun Quisling, men at han var glad i kona si er det ingen tvil om. Maria jobba også iherdig for å få ektemannen benåda og skreiv lange brev til både statsminister Gerhardsen og kong Haakon. Men for Quisling var det ingen nåde å få.

Siste brev frå Vidkun Quisling til Maria Quisling
Foto: Nasjonalbiblioteket

Vidkun skreiv fleire brev til kona i fengselet kor han takka ho for støtta ho har vore gjennom heile ekteskapet. I det siste brevet skriv han trøystande ord til kvinna som berre nokre få timar seinare skulle bli enkje:

«Vær så nu min elskede ikke alt for bedrøvet over dette tunge slag. Søk å finne de lyse og gode sider. Og bevar alle gode minner. Hvor jeg er glad at vi har funnet hinannen fullt ut og tilgitt alt!»

3: Sigbjørn Obstfelder til Ingeborg Weeke

Den sjalu kjærleiken

mars/april 1898

Sigbjørn Obstfelder

Sigbjørn Obstfelder blir rekna som ein av Noregs første modernistiske lyrikarar. Mest kjent er han for diktet «Jeg ser».

«Min kjæreste skat! Min sølvmorsperle! Jeg vil skrive for at sige, at jeg elsker dig. Men ak, posten går så sent. Jeg vilde sagt det i går, og jeg ville sagt det i dag, - men det kommer så sent frem til dig.»

Slik begynte diktaren Sigbjørn Obstfelder brevet til den ti år yngre danske songaren Ingeborg Weeke som han nyleg hadde trulova seg med.

Eit år tidlegare var situasjonen svært annleis. Då var nemleg Ingeborg trulova med den danske forfattaren Lauritz Christian Nielsen, og Obstfelder var sjølvsagt svært sjalu. Men då han sende ho dette brevet var trulovinga med Nielsen broten og Ingeborg var endeleg klar til å gifte seg med Sigbjørn.

Brevet begynner i ein drøymande tone der han skriv om alle dei store eventyra dei saman skulle legge ut på, men så er det som om Obstfelder plutseleg kom på at den geografiske avstanden mellom Ingeborg og eks-kjærasten framleis ikkje var veldig stor:

«Jeg vil bede dig om ikke at reise ned til Hindholm i påsken, om du bliver bedt derom. Jeg må jo antage, at du selv, hvis du har spor af renhedsfølelse vil sky at reise ned til det sted, hvor såmeget ondt og stygt og urent er hændt. Du må adlyde mig i dette.»

Heldigvis kom Sigbjørn seg ned til København etter eit par månadar og gifta seg med sin store kjærleik – Ingeborg. Men ekteskapet vart kortvarig. Sigbjørn døde av tuberkulose to år seinare, nokre få dagar før dottera, Lilli, vart født.

4: Hans Jæger til Oda Krohg

Den tapte kjærleiken

15. november 1890

Brev frå Hans Jæger til Oda Krohg

Hans Jæger var flink til å nytte heile arket når han skreiv brev.

Foto: Nasjonalbiblioteket

«Kjære Dem! – tro ikke jei begynner saan for en forms skyll, jei mener det virkeli. De er ennu tiltrods for alt det eneste menneske på joren jei er gla i og har kjær.»

Forfattaren Hans Jæger skreiv dette brevet to år etter det kortvarige forholdet til kunstmålaren Oda Krohg tok slutt. I brevet kjem det fram at det var Oda som avslutta forholdet og allereie etter første avsnitt kan vi ane at det ikkje berre har vore enkelt for Hans å gå vidare.

Hans Jæger, Oda Krohg og Christian Krohg hadde eit trekantforhold sommaren 1888. Dette vart inspirasjonen for boka hans «Syk kjærlighet» som kom ut i 1893.

I brevet begynte Hans å tvile på om forholdet nokon gong var ektefølt frå Oda si side, eller om ho berre var ute etter å få tak i manuskripta hans. Likevel konkluderer han med at:

«… Deres kjærlihet til mei om den kunne kalles saa, Den var ustadi og omskifteli som vejr og vann, men den var der, og det var nok for mei arme djævel den minste plass i Deres hjerte var jo himlen for mei.»

5: Agnar Mykle til Jacqueline Kennedy

Den ambisiøse kjærleiken

25. november 1963

Video Tjue år etter mordet på Kennedy

Presidentfrue Jacqueline Kennedy. Mannen til høgre i bildet er dessverre ikkje Agnar Mykle.

Foto: Nyhetsspiller

«Mrs. Jacqueline Kennedy, In your heart of hearts you know that what happened was right; in your heart of heart you feel secretly relieved and strangely happy; yes, the only word that rhymes with death is – breath. Don’t you want to dance?»

«Ekte kjærleik kjenner ingen grenser», er det nokon som seier. Den oppfatninga kan det sjå ut som forfattaren Agnar Mykle hadde då han skreiv brev heile vegen til USA. Ikkje berre det, men dama han prøvde å erobre hjartet til var enka til sjølvaste John F. Kennedy. Og ja, som du ser av datoen er det berre tre dagar sidan ho sat i baksetet av presidentlimousinen i Dallas og vitna at mannen hennar vart skoten i hovudet.

Brevet til Jacqueline er likevel ikkje noko kondolansebrev. Snarare gratulerer Agnar den tidlegare presidentfrua med enkestatusen:

«So, when the whole world heaps sorrow and condolence upon you, let me congratulate you.»

To år seinare sende Agnar eit nytt brev til Jacqueline Kennedy. Denne gongen eit friarbrev kor han legg fram fleire argument for kvifor ho burde velje akkurat han:

«Why should you marry me? I’ll answer with another question: whom else should you marry? […] Any American you’d marry would mean, in comparison with John Kennedy, a step down.»

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.