Hopp til innhold

Jussie Smollett er arrestert og sikta for falsk forklaring

Skodespelaren Jussie Smollett melde seg sjølv til politiet, etter at to personar har sagt dei fekk betalt for å overfalle skodespelaren i slutten av januar.

Jussie Smollett

Jussie Smollett har engasjert seg som ein talsperson for svarte og homofile i USA. Då han i slutten av januar fortalde at han hadde blitt overfallen av to personar som ropte homofobe og rasistiske tilrop, blei handlingane fordømt av blant andre kjente artistar, Nancy Pelosi og Donald Trump. No er Smollett sikta for falsk forklaring.

Foto: Richard Shotwell / AP

29. januar skal skodespelaren Jussie Smollett ifølgje han sjølv ha blitt angripen av to maskerte menn, som slo og ropte rasistiske og homofobe kommentarar til han.

Men no meiner politiet i Chicago at overfallet var sett i scene av Smollett sjølv. To personar som blei avhøyrt i saka i førre veke, har vedgått at dei var med på angrepet, men dei fortalde at det var Smollett som hadde betalt dei for å utføre det.

Torsdag blei Smollett arrestert, sikta for falsk forklaring, etter at han melde seg for politiet, melder Reuters.

I delstaten Illinois kan slike lovbrot straffast med fengsel i eitt til tre år.

Politisjef uroa

På ein pressekonferanse torsdag sa politioverbetjent Eddie Johnson i Chicago-politiet at Smollett har utnytta folk som har kjempa mot rasisme, for å fremme karrieren si.

Chicago Police Superintendent Eddie Johnson speaks about Jussie Smollett
Foto: Joshua Lott / Reuters

Smollett skal mellom anna ha sendt brev med homofobisk og rasistisk innhald til adressert til seg sjølv. Han fryktar denne saka kan føre til at hatkriminalitet ikkje vert teken på alvor.

– Eg er såra over det som har hendt, og eg er også sint. Dette stuntet har ikkje Chicago fortent, seier Johnson.

– Eg er uroa for at hatkriminalitet vil verte møtt med ein skepsis, som det ikkje har vorte tidlegare, seier han vidare.

Kjøpte utstyr

Etter meldinga gjekk politiet ut med ei etterlysing etter to personar som blei sett i området rundt leilegheita til Smollett i tidsrommet angrepet skal ha skjedd. Onsdag førre veke blei to brør avhøyrt i saka. I leilegheita der dei budde fann politiet fleire ting som kunne indikere at dei to var innblanda.

overvåkingsbilde frigitt etter mulig overfall av Jussie Smollett

Politiet i Chicago etterlyste to personar som skulle ha vore i området då det påståtte angrepet skal ha skjedd. Dei to viser seg å vere brørne som no seier dei fekk betalt av Jussie Smollett for å angripe han.

Foto: HANDOUT / Reuters

Den eine av brørne har hatt statistroller i TV-serien «Empire», der Smollett spelar ei av dei leiande rollene. Den andre skal ha vore personleg trenar for skodespelaren. I avhøyr skal dei ha forklart at Smollett betalte dei for å gjennomføre angrepet, seier politikjelder til CNN,

Politiet har også fått ein overvakingsvideo frå ein butikk som skal vise dei to brørne som kjøper skimasker, solbriller og andre ting dagen før det påståtte angrepet.

Brørne har vedgått handlinga, men har ikkje bede om immunitet eller ein avtale for å fortelje kva dei har vore med på, seier advokaten deira, Gloria Schmidt, til CNN.

– Du treng ikkje immunitet når du fortel sanninga.

Kan miste jobben

Jussie Smollett nektar for at han har vore med å arrangere eit angrep på seg sjølv. Kort tid etter at politiet gjekk ut med opplysningane om at Jussie Smollett var sikta, var advokatane hans ute og avviste skuldingane.

– Som alle andre borgarar er herr Smollett uskuldig til det motsette er bevist. Det gjeld særleg i ei etterforsking som denne, der både sanne og usanne opplysningar har blitt leke fleire gongar, seier advokatane til Smollett, Todd Pugh og Victor Henderson til Deadline.

Advokatane seier dei vil gjere ei grunding undersøking av saka, og legg opp til eit pågåande forsvar.

Empire pris

«Empire» er ein av dei mest populære TV-seriane i USA. I 2015 fekk dei blant anna prisen for beste nykommar under Teen Choice Awards. Skodespelarane Jussie Smollett (t.v.) og Bryshere Y. Gray tok i mot prisen på vegner av produksjonen.

Foto: MARIO ANZUONI / Reuters

Smollett er for tida aktuell i serien «Empire», der han har ei leiande rolle. Serien blir produsert av Fox, som har støtta skodespelaren gjennom heile denne saka, skriv nettstaden.

Samtidig blir det ifølgje Variety diskutert om Smollett skal fjernast frå serien. Produsentane ønsker ikkje å kommentere dette.

Smollett skal etter planen møte i fengslingsmøte torsdag ettermiddag. Samtidig skal han også spele inn nye scener i «Empire». Ifølgje produksjonen er det ikkje gjort endringar i innspelingsplanane etter at siktinga blei kjent.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters