Hopp til innhold

Politiet etterforskar angrep på skodespelar

To maskerte menn skal ha gått til angrep og kome med rasistiske kommentarar mot skodespelaren Jussie Smollett. FBI er også kopla inn for å etterforske eit tidlegare trugsmål mot mannen.

Jussie Smollett

To maskerte menn skal ha gått til angrep på Jussie Smollett tysdag. Mange kjente personar har sendt støttande ord og fordømt angrepet på sosiale medium.

Foto: Willy Sanjuan / AP

Skodespelaren Jussie Smollett hamna på sjukehus etter at to menn skal ha gått til angrep på han på gata i Chicago. Dei skal ha ropt rasistiske og homofobiske kommentarar og slått skodespelaren. Ifølgje TMZ skal dei også ha lagt ei løkke rundt halsen hans og tømt bleikemiddel over han.

Angriparane skal også ha ropt: «Dette er eit MAGA-land!» MAGA er ei forkorting av Trump-slagordet frå presidentvalkampen i 2016, «Make America Great Again».

Smollett var i Chicago for å spele ein konsert og gjere opptak til nye episodar av TV-serien «Empire». I TV-serien spelar han ein homofil artist. Smollett stod sjølv fram som homofil i eit intervju med Ellen DeGeneres i 2015.

Då det påståtte angrepet skjedde, var politiet allereie i gang med å etterforske eit trusselbrev produsenten Fox hadde fått tilsendt. Brevet var skrive i eit trugande språk, og det var strødd eit pulver over brevet som etterforskarane meiner kan vere ein knust paracet.

FBI er kopla inn i saka, som blir etterforska som mogleg hatkriminalitet, melder ABC News.

Innspelinga held fram

Det er uvisst kva følgjer angrepet på Smollett får på innspelinga av den femte sesongen av «Empire». Men ifølgje Variety held dei fram filminga, men produksjonsskjemaet er flytande resten av veka.

På grunn av brevet som blei sendt til produksjonen tidlegare og angrepet mot Smollett denne veka, er det snakk om å skjerpe tryggleiken rundt settet, skriv TMZ.

«Empire»-produsent Brian Grazer seier til Deadline at han reagerer med avsky på angrepet mot Smollett.

– Jussie er ein av dei flottaste personane eg har jobba med. Eg håper han kjem seg raskt. Hat og intoleranse har ingen plass i samfunnet vårt.

Massiv støtte

Angrepet mot Smollett har skaka den amerikanske underhaldningsverda. Mange kjendisar har uttrykt støtte til skodespelaren og artisten på sosiale medium, og fordømmer angrepet.

Blant dei er skodespelaren Viola Davis, som skriv at dette er eit rasistisk og homofobt angrep alle bør ta personleg.

Naomi Campbell, som spelte ein motedesignar i dei to første sesongane av «Empire», er også forferda over det som har skjedd. Ho ber både serieskapar Lee Daniels og ordføraren om å gjere noko for at gjerningspersonane ikkje skal kome seg unna.

Også artistane John Legend og Janelle Monáe gir støtte til Smollett og familien hans.

Laster Twitter-innhold

Leiaren i Representantenes hus, demokraten Nancy Pelosi, kallar angrepet ein hån og oppmodar folk til å forplikte seg til å få slutt på hatet.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.