Hopp til innhold

Jens Stoltenberg: – Fryktar storkrig mellom Russland og Nato

Jens Stoltenberg meiner vi er inne i ei skjebnetid for Europa. – Eg fryktar at krigen i Ukraina skal kome ut av kontroll, men eg er trygg på at vi skal unngå det, seier han til NRK.

Jens Stoltenberg hos Lindmo desember 2022

Jens Stoltenberg fortel hos Lindmo at han fryktar storkrig mellom Nato og Russland.

Foto: JULIA MARIE NAGLESTAD / NRK

Det er 10 månader sida Russland sitt massive angrep på heile Ukraina. Ein krig Nato har jobba for å forhindre sidan Russland annekterte Krimhalvøya i 2014.

Denne veka var generalsekretær Jens Stoltenberg hos Lindmo.

Der beskriv han korleis det er å vere sjef for Nato i ein av Europas største krisar i nyare tid.

– Eg kjenner på eit veldig alvor, og at det er ei skjebnetid for Europa, og dermed også Noreg, seier han.

– Viss ting går gale, kan det gå frykteleg gale, seier han og presiserer vidare at Nato jobbar kvar dag for å unngå at krigen eskalerer.

Les også Russisk fremgang ved «uviktig» by: – Helvete på jord

Såret og gjørmete ukrainsk soldat i Bakhmut.

Fred ingen sjølvfølgje

Jens Stoltenberg er ikkje ukjent med korleis krig verkar, og påverkar menneske.

Bestefaren hans deltok i andre verdskrig, og faren hans Thorvald Stoltenberg var diplomat, forsvarsminister og utanriksminister.

– I oppveksten lærte vi at fred ikkje er nokon sjølvfølgje. I tillegg lærte vi å ha trua på menneskeleg kontakt, og kor viktig det er å snakke saman, fortel Stoltenberg.

Dei diplomatiske verktøya har vore viktige i rolla som Nato-sjef.

Putin hadde bestemt seg

12. januar, ein dryg månad før invasjonen, sat han i møte i Nato-Russland-rådet. Der la ha fram forslag for å forhindre ein eventuell krig.

Det var viktig å argumentere for at også Russland ville tape viss det vart krig. Ein invasjon er brot på alle internasjonale reglar. Og det var viktig å få fram at Nato ville støtte Ukraina.

Nato-sjef Jens Stoltenberg.

Jens Stoltenberg under ein pressekonferanse i Roma i november.

Foto: Roberto Monaldo / AP

Men forhandlingane førte ikkje fram.

På eit tidspunkt nyttar ikkje samtaler. Putin hadde bestemt seg for å bruke makt og vald. Det som hjelper er å støtte Ukraina militært. Det er berre eit sterkt Ukraina som fører til fred, fortel Nato-sjefen.

Putin har forandra seg

Stoltenberg og Putin har vore tett på kvarandre sidan starten av 2000-talet. Da var Stoltenberg nyvalt statsminister, og Putin var nettopp blitt president i Russland.

I byrjinga var tonen forsonande, men etter kvart hardna det til.

– Da han var nyvalt president i 2000 var han søkande og ønskte samarbeid med Vesten. Den seinare Putin er mykje meir aggressiv, og fortel historier som ikkje er sanne.

Jens Stoltenberg snakkar om korleis den tonen med Putin hardna til gjennom åra som president.

Jens Stoltenberg snakkar om korleis den tonen med Putin hardna til gjennom åra som president.

Stoltenberg trur Putin har feilvurdert Ukraina.

– Han har trudd at han kan oppnå det han vil gjennom militær makt og ein brutalitet vi ikkje har sett sidan andre verdskrig. Dei har bevisst ramma sivile ved å kutte vassforsyning, og angripe ikkje-militære mål. Det er ein ekstremt brutal krigføring.

Eg trur ikkje han vil klare å knekke Ukraina. Tvert imot mobiliserer han enda meir støtte til Ukraina, legg Stoltenberg til.

Farleg for oss

Tidlegare i år heldt han ein tale i EU-parlamentet. Der understreka han kor viktig det er for Europa at Putin ikkje vinn Ukraina.

Eg trur det er ekstremt farleg å undervurdere det vi står overfor. Vi står overfor ein test på om fridom kan stå opp mot autoritære regime.

Eg forstår dei som synest at matprisane og straumrekningane er for høge. Det er ein smertefull pris vi i Europa betalar. Men det blir ein mykje høgare pris å betale om vår fridom blir trua av at Putin vinn fram i Ukraina.

Les også Stoltenberg om russiske atomvåpen: – De vet det vil få svært alvorlige konsekvenser

Jens Stoltenberg november 2022

Fryktar storkrig

På spørsmål om kva han fryktar mest denne vinteren svarer han:

– Eg fryktar at krigen i Ukraina skal kome ut av kontroll, og spreie seg til ein storkrig mellom Nato og Russland. Men eg er trygg på at vi skal unngå det, seier Stoltenberg og peikar på at Nato har auka sitt nærvær aust i alliansen.

Ifølgje Stoltenberg er det ikkje noko rom for at Putin skal tvile på Natos evne til å forsvare Nato-land.

Han veit det er ein for alle, og alle for ein. Natos viktigaste oppgåve er å hindre full krig i Europa, og det er noko vi jobbar med kvar einaste dag.

– Kva gir deg håp?, spør Anne Lindmo.

Verda har gått framover i tiår etter tiår. Nato er sterkare enn på mange år. Ikkje minst har Putin undervurdert vår evne til å beskytte og forsvare kvarandre. Så lenge vi gjer det er vi trygge, avsluttar Stoltenberg.

Sjå Lindmo fredag kl. 22.10 på NRK 1 eller når du vil i NRK TV.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters