Hopp til innhold

Lindmo takkar for seg etter 12 år: – Alt har si tid

Talkshowet Lindmo rundar av etter denne sesongen. Anne Lindmo byter ut pumps med turstøvlar i sitt nye friluftsprogram.

Anne Lindmo utanfor NRK

Anne Lindmo er klar for sitt nye friluftseventyr på NRK.

Foto: Julia Marie Naglestad

Eg har hatt enorm glede av å lage nasjonal leirbålsamling på fredagskveldane, men alt har si tid, seier Anne Lindmo.

Sidan 2012 har Lindmo vore eit symbol på helge-TV. Gjestar, morosame augeblikk, fascinerande historier og musikk har samla folket framfor TV-skjermen på fredagskveldane.

Korleis kjennest det ut å gi seg som heile Noregs talkshow-dronning?

Haha, den tittelen der har eg vel aldri følt meg så komfortabel med, men det var sjølvsagt ei stor avgjerd da eg bestemte meg for å runde av dette eventyret som eg har vore så heldig å få vere med på, seier Lindmo før ho legg til:

Det kjennest riktig. Eg har heile vegen visst at eg skal gi meg mens leiken er gøyal og god, og det er den nå. I tillegg er det nokre nye prosjekt som lokkar i horisonten, som eg er ekstremt gira på å kome i gang med.

Therese Johaug gjestar Lindmo mars 2022

Anne Lindmo har hatt mange gjestar på besøk. Deriblant Therese Johaug våren 2022.

Lindmo 06.12.2014

Den verdsvande skodespelaren og artisten Little Steven på besøk hos Lindmo i 2014.

Anne Lindmo med Gro Harlem Brundtland. Den tidlegare statsministeren gjesta Lindmo i april 2019

Tidlegare statsminister Gro Harlem Brundtland i godt humør hos Lindmo våren 2019.

Minnerike stunder

Sjølv om 53-åringen er klar for nye eventyr, er det likevel mange ting ho kjem til å sakne med å ha sitt eiga talkshow på fredagskveldane.

Eg kjem til å sakne den fine, spente høgtidskjensla vi har når studio er rigga, publikum har kome, gjestane er klare og vignetten går, forklarer Lindmo.

– Og ikkje minst det å jobbe med gjengen min, dei intense dagane på desken der vi avtaler gjestar, gjer research og skriv manus, i ei stemning prega av høge ambisjonar og lave skuldrer, og snål og heftig humor, fastslår ho vidare med eit stort smil om munnen.

Med 12 år som talkshow-vert er det mange minne å mimre tilbake til. Lindmo understrekar at meir enn enkeltminne er det utruleg stas å ha den lange tidslinja å sjå tilbake på.

Anne Lindmo i studioet sitt med Lindmo-plakat i bakgrunnen.

Anne Lindmo i kulissane.

Foto: Julia Marie Naglestad

Mange stjerner på besøk

Vi har lansert Aurora som skjelvande pop-debutant – nå er ho verdsstjerne. Vi takka av Marit Bjørgen da ho la opp, og introduserte Ingebrigtsen-brørne da dei framleis var i startgropa.

Lillebjørn Nilsen, Per Fugelli har vore hos oss. Og Shabana Rehman sa på mange måtar farvel her.

Lindmo peikar vidare på at nokre av dei finaste intervjua ho har gjort er med dei som står i fyrstelinja og tar kampen mot alt som truar tryggleiken og fellesskapet vårt folk som kjempar mot rasisme, overgrep, som gjer frivillig innsats og har omsorg for dei svakaste i samfunnet.

Det er kanskje det eg er stoltast av, at vi har fått til å løfte fram slike fine kvardagsmenneske som heltar, framhevar Lindmo.

Lindmo 07.02.2015

Anne Lindmo saman med den da 19 år gamle Aurora.

Lindmo - premiere! 22.02.12

Liv Grete Skjelbreid og Jon Herwig Carlsen var gjestar i det aller fyrste programmet i 2012.

Karpe hjå Lindmo i 2022

Karpe på besøk vinteren 2022.

Lindmo, 04.05.2013

Generalsekretær Jens Stoltenberg har tatt turen fleire gongar.

Shabana Rehman hos Lindmo 26.10.22

Shabana Rehman gjorde sitt siste intervju hjå Lindmo oktober 2022.

Else Kåss Furuseth og Karl Ove Knausgård hos Lindmo oktober 2023

Programleiar Else Kåss Furuseth saman med forfattar Karl Ove Knausgård.

Lindmo 01.10.2016

Artistane Ole Paus og Jonas Fjeld på tur til å spele musikk på Lindmo i 2016.

Eventyr i norsk natur

Lindmo er kanskje ferdig, men Anne Lindmo er ikkje det. Den populære humor-podkasten «Lindmo og co.» skal fortsetje som før. I tillegg blir ho framleis å sjå på TV, men da i sitt nye program.

Eg har hatt ein langsiktig plan og har jobba med det neste TV-prosjektet mitt ei god stund allereie. Nå byter eg ut pumps med turstøvlar og tar samtalepartnarane med meg til skogs, fortel ho.

Som mange kanskje allereie har fått med seg har Anne Lindmo dei siste åra dyrka friluftsinteressa si berre meir og meir.

Gjennom sosiale medium har ho delt spektakulære skøyteturar, koselege DNT-hyttar og slåande fjell-turar med følgjarane sine. I haust gav ho også ut boka «Min tur» som handlar om hennar nyvunne interesse for friluft.

Eg gler meg enormt til å ta med TV-sjåarane på eventyr i norsk natur, understrekar Lindmo.

Anne Lindmo med hunden sin Bamse

Anne Lindmo på tur med hunden sin Bamse.

Anne i fri dressur

Charlo Halvorsen, redaktør i NRK Underholdning, peikar på at både NRK og sjåarane til NRK kunne openbert hatt glede av Anne Lindmo som talkshow-vertskap på fredagskvelden i lengre tid framover.

Men vi ser nå at vi vil ha enda større glede og nytte av ein profil som ho ved å løfte ho inn i nysatsingar, seier Halvorsen.

I tillegg kan sjåarane nå glede seg til å møte Anne i fri dressur på tur:

I det nye programmet hennar er det nettopp friluftsmennesket og turentusiasten Anne vi skal bli kjent med, legg han til.

Ifølgje Halvorsen er det ennå ikkje klart kva som kjem til å erstatte Lindmo på fredagskvelden.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.