Hopp til innhold

Kritiserer forlag for å vere interessert i Jens Breivik-bok

Norske forlag kan vere interessert i å gi ut ei bok forfatta av far til Anders Behring Breivik.

– Forlaga bør halde seg for gode til det, meiner medieforskar Paul Bjerke.

Jens Breivik

Jens Breivik har byrja å skrive bok om den terrortiltalte sonen.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Far til Anders Behring Breivik, Jens Breivik, bekreftar til P4 Nyhetene at han har byrja å skrive på det som kan bli ei bok om sonen. 76-åringen har kontakta ulike forlag, men førebels fått avslag, seier han.

Det tyske forlaget Ullstein Verlag opplyser til NRK at dei vart tilbydd idèen til ei bok om faren frå ein ghostwriter, men at dei refuserte skissa.

Ingen norske forlag oppgir å ha fått tilsendt eit slikt manuskript. Men dei viser interesse for ei slik bok, og ville vurdert å gi ho ut.

– Om det er godt nok, gir vi det ut

France Norway

Jens Breivik har ikkje hatt mykje kontakt med sonen Anders Behring Breivik, har han sjølv fortalt.

Foto: Bob Edme / Ap

– I utgangspunktet er dette noko vi ville undersøkje og følgje opp med stor interesse. Men vi må sjå på kvalitet, kva han har å fortelle og kva opplysningar som kjem fram, seier Kari Spjeldnes, forlagsdirektør i Aschehoug forlag, til NRK.

– Kvifor kunne de vere interessert i eit slikt manuskript?

– Breiviks historie kan vere interessant, trass i at han er faren til massemordaren. Boka kan kaste lys over oppveksten til Anders Behring Breivik, meiner ho.

LES: Breiviks far avhørt i Frankrike

Fredrik Nissen, administrerande direktør i Gyldendal, avviser heller ikkje ei publisering av eit eventuelt manuskript frå Jens Breivik.

– Vi ville vurdert det på lik linje med alle andre manuskript. Om det er godt nok, gir vi det ut, seier Nissen til NRK.

– Eg trur svært mange er interessert i å få ei forklaring på noko nesten uforklarlig, nemleg kvifor Breivik vart som han vart og gjorde det han gjorde.

– Ikkje riktig å tene pengar på ein massemordar

NRK har vore i kontakt med Jens Breivik, som ikkje vil kommentere saka.

Paul Bjerke, førsteamanuensis i journalistikk ved Høgskulen i Volda, stiller seg svært skeptisk til ei eventuell bok frå faren, og meiner norske forlag burde halde seg for gode til å gi ut ei slik bok.

– Det er vel kjent at Anders Behring Breivik og faren har hatt svært lite kontakt. Ei slik bok vil difor måtte handle om massemordaren og hans øvrige familie, og alle desse personane ønskjer ikkje denne type omtale, så vidt eg veit, seier Bjerke til NRK.

– For det andre handlar det om å tene pengar på ein massemordar. Forlaga seier at dei trur boka vil selgje bra og at dei er interessert, men ingen av dei reiser spørsmålet om det er etisk akseptabelt å gi den ut.

LES: – Jeg kan ikke forstå det, jeg kan ikke tilgi det

Han meiner eventuelle nye opplysningar som kan kaste lys over saka må vegast opp mot etiske problemstillingar.

Fredrik Nissen i Gyldendal ser ikkje nokon grunn til å frata Jens Breivik ytringsfridomen.

– Mange norske psykiatarar har uttalt seg om Anders Behring Breivik utan å nokon gong ha treft han, så eg forstår ikkje kvifor faren ikkje skulle kunne uttale seg, seier Fredrik Nissen.

I tvil om det kan kome fram nye opplysningar

Agnes Moxnes

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes.

Foto: NRK

NRKs kommentatorar er skeptiske til ei eventuell publisering av ei slik bok.

– Det har gått masse rykter i forlagsverda i Europa ganske lenge, om at Jens Breivik har sete med nokon skisser med tanke på å skrive ei bok, seier kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes.

– Det har kome ein del bøker om 22. juli. Forlaga sit heile tida og lurer på kvar dei skal ta fatt. Det er eit behov for å dokumentere alt som skjedde, og ei slik bok ligg i denne løypa, seier ho.

Knut Magnus Berge, kommentator i NRK, har følgt 22. juli-saka. Han er i tvil om boka kan kaste lys over nye opplysningar.

– Det er snakk om ein far som i lita grad har hatt kontakt med sonen frå han var eitt år og framover, og i nesten inga grad frå han var fjorten år og framover, seier han.

Var lamslått av terroren

– Dei skjulte opplysningane som handlar om barndom er færre enn det mange føresteller seg. Om dei skal bli kasta lys over, er eg i tvil om Jens Breivik er mannen til å gjere det, sidan han var så fråverande og budde i utlandet, slik det er blitt skildra i intervju med Jens Breivik tidlegare, seier Knut Magnus Berge.

NRK Brennpunkt intervjua han i dokumentaren «Fedrene». Der fortalte han at han vart lamslått då han forstod at son hans stod bak terrorangrepet 22. juli.

– Eg tenkjer ofte på at kanskje det hadde hjelpt om eg hadde gjort meir for å få kontakt med han. Men eg veit ikkje, uttalte han.

Sidan har han ikkje uttalt seg til norsk presse, før han bekrefta til P4 at han skreiv på ei bok om sonen.

LES: Breivik overrasket over positiv om­tale fra far og stefar i Brennpunkt

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters