- Menn bruke barbering som overgrep på andre menn, til dømes på krigsfangar og slavar. Dei barberte menn for å symbolsk kastrere dei og ufarleggjere dei, fortel Anders Kvåle Rue.
Berre for farao
Dronning Hatshepsut brukte lausskjegg.
I det gamle Egypt var derimot skjegget strengt knytta til sfinxar, faraoar og gudar. Skjegget blir symbolet på kven som var farao, og alle andre menn måtte barbere seg for å vise respekt.
- Dronning Hatshepsut brukte lausskjegg då ho regjerte, fortel Kvåle Rue. - Ein kan sjå skjegget i det gamle Egypt som nøkkelen til den barberingskulturen vi framleis slit med i det vestlege samfunnet, meiner Kvåle Rue. Han er heller upartisk når det kjem til skjegg.
Barbering som krigsstrategi
Alexander den Store tvang mennene sine til barbering.
Dei gamle grekarane høyrde forferda om barberingsskikken i Egypt. I Hellas var skjegget teikn på faderleg autoritet og klokskap, i motsetning til umodne, glatte guttekjakar.
Men då Alexander den Store på 300-tallet f.Kr. sette i gang å erobre ut frå Makedonia og Hellas, tvang han mennene sine til barbering. Dei skulle ikkje ha "skjegghandtak" fienden kunne gripe tak i under nærkamp. Den greske kulturen påverka romarane, og via romerriket vart barberte mannekinn for første gong mote i Europa.