Hyllar Disney for åtvaring på filmar med rasistisk innhald

Peter Pan og Dumbo er eksempel på Disney-klassikarar som Disney+ nå har sett ei åtvaring på. Antirasistisk ungdom hyllar åtvaringa.

Peter Pan

PETER PAN: Fleire Disney-filmar har fått åtvarings-plakater. Målet er å gjere sjåarane merksame på negative skildringar av folk og kulturar.

Foto: WALT DISNEY

Abonnerer du på Disney + og vil sjå Disney-klassikarar som Peter Pan, Aristokattene og Dumbo, vil du nå bli møtt med ein merknad.

Merknaden kastar ljos på at filmane er gammaldagse og inneheld negative skildringar og framstillingar av folk og ulike kulturar.

Rasistisk karikatur og overdrivne stereotypiar

Disney har vorte kritisert i fleire år for å ha stereotypiske framstillingar av ulike folkegrupper.

Blant anna har det blitt peika på at filmen Aristokattene inneheld rasistiske karikaturar av austasiatiske folk, fordi dei er skildra med overdrivne stereotypiske trekk som for eksempel smale augo.

Når det kjem til Peter Pan så har filmen vorte kritisert for å framstille den amerikanske urbefolkninga som dumme.

Peter Pan med Native Americans

SETTE FOKUS: Disney vil sette fokus på negative stereotyper av ulike folkegrupper og kulturer.

Foto: Allstar/Disney/Sportsphoto

I tillegg blir dei referert til som redskins, som av mange blir tolka som støytande.

I eit dansenummer blir Peter Pan kledd med hovudplagg og anna tilbehør som stammar frå urbefolkninga.

Nå tek Disney sjølvkritikk, og kallar scenene i Peter Pan for hån og tileigning av urfolkets kultur. Altså kulturell appropriasjon.

– Desse stereotypane var feil da, og er feil nå, seier studioet til si eiga nettside Stories Matter.

JIM CROW I DUMBO: I filmen Dumbo blir vi kjent med kråka Jim Crow. Jim Crow er også namnet på den amerikanske lova som gjorde segrering lovleg fram til midten av 1960-talet.

JIM CROW I DUMBO: Kråka i Dumbo heiter Jim Crow. Jim Crow er også ei nemning på segregeringa mellom svarte og kvite borgarar i USA, lovfesta frå tida etter borgarkrigen til midten av 1950-talet.

Foto: Disney

Les også: Disney-filmar såra Elle-Máijá som barn

Vil ikkje fjerne innhaldet

Disney seier at i staden for å fjerne innhaldet heller vil anerkjenne den skadelege innverkninga desse filmane kan ha. Dei vil oppfordre folk og sjåarane sine til å reflektere og snakke om dette, for å skape ein meir inkluderande framtid saman.

– Vi er forplikta til å lage historier som speglar av det rike mangfaldet av menneskelege erfaringar over heile kloden, skriv dei.

Disney + har hatt på merknad om utdaterte kulturelle framstillingar på dei aktuelle filmane heilt sidan dei lanserte strøymetenesten, men har no utvida språket og lengda.

Det skjer etter å ha forhøyrd seg med eit rådgjevende organ som inkluderer fleire organisasjonar som jobbar for å ta vare på afro-amerikanske, asiatiske og skeive interesser.

I tillegg har dei sett eit mykje større fokus på denne tematikken på nettsida deira Stories Matter.

Disney-plakat med disclaimers på Disney-filmar med rasisitsk innhald

UTVIDA PLAKAT: Disney har utvida merknaden sin etter å ha forhøyrt seg med organisasjoner som jobbar med mangfold.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

– Viktig og fantastisk

– Dette her er veldig viktig. Det er heilt fantastisk.

– Samfunnet er i utvikling, og viss einvel å ikkje fjerne filmar med diskriminerande innhald er det beste alternativet å skrive plakat om at innhaldet er støytande eller problematisk, seier Linda Tinuke Strandmyr.

Nestleiar i Agenda X, Linda Tinuke Strandmyr.

NØDVENDIG: – Det er farleg å ta for gitt at menneske er klare over rasismen i den type filmar, seier nestleiar i Agenda X, Linda Tinuke Strandmyr.

Ho er nestleiar i Agenda X, som er ungdomsavdelinga til Antirasistisk senter. Dei jobbar med kultur og fritidstilbod for ungdom, og antirasistisk ungdomspolitikk.

Ho håpar at dette kan vere med å påverke val Disney tar i framtida, og at dei kan leggje til rette for eit meir inkluderande innhald.

– Skal ein lage film med utgangspunkt i eit land eller ein annan kultur enn seg sjølv, då er det viktig at det er menneske frå det landet og kulturen som set tonen og premissane, seier ho.

– Men er det verkeleg nødvendig å ha åtvaring på gamle Disney-filmar, trur du ikkje folk skjøner dei er utdaterte?

– Ja, det er nødvendig. Det er farleg å ta for gitt at menneske er klare over rasismen i den type filmar.

Ho legg til at Disney-filmane er evig aktuelle og at barn veks opp også med å sjå dei gamle Disney-filmane.

– Og det er ikkje lett for barn å ha eit kritisk blikk. Alt barn ser er med på å forme deira haldningar. Ein skal ikkje undervurdere makta Disney har.

Kulturstrøm