Hopp til innhold

Wassmo tilbake på sporet

Herbjørg Wassmo spelar ut sine sterkaste kort i romanen "Hundre år". Wassmo er raus ikkje berre på språk og refleksjonar, men også på handling, skriv kritikar Marta Norheim i denne bokmeldinga.

Herbjørg Wassmo, forfatter
Foto: rolf m.aagaard

Hør: Anmeldelse og studiosamtale om "Hundre år"

Det er med ei viss uro eg opnar ein ny roman av Herbjørg Wassmo.

For det var 80- og 90-talet som var hennar store epoke: då kom trilogiane om Tora og om Dina, to nordnorske kvinner som kjempa med kreftene på kvart sitt vis.

På 2000-talet har romanane kome enkeltvis, de har henta handling frå samtida, og dei har liksom ikkje festa seg slik dei gjorde, dei til saman seks romanane som kome frå 1981 og framover til 1997.

Fire generasjoner kvinner

Hundre år

Herbjørg Wassmo: Hundre år, Gyldendal Forlag, 2009.

Foto: Gyldendal Forlag

Derfor er det gledeleg å oppdage at Wassmo i romanen "Hundre år" er tilbake der ho høyrer til, i alle fall der ho har gjort sine største bragder litterært, nemleg i selskap med nordnorske kvinner. Dei 100 åra tittelen lovar oss, går frå 1842 då oldemora blei fødd og til forfattaren sjølv kjem til verda i 1942.

Det vil seie, historia går også innover i vesle Herbjørgs barndom, og dessutan kjem forfattaren også tilbake som vaksen kvinne på 80-talet. Desse sistnemnte passasjane verkar unødvendige i romanen, den hadde stått seg på å runde av ved barndomshistoria.

Ikkje fordi Wassmo røpar for mykje eller er for privat eller noko, men fordi teksten der endrar karakter frå slektskrønikens store perspektiv til sjølvbiografiens krav om å få med sentrale punkt frå eige liv. Her vaklar det, men dette er for ei bagatell å rekne, fordi sjølve hovudhistoria om dei fire generasjonane er så rik og raus.

Ein annan bak breva

Det rause ligg ikkje minst i språket: ”Man har fornøyelsen av å be om Deres vesle hånd til ekteskapelig ledsagelse i gode og onde dager”, heiter det i eit friarbrev. ”Æ skulle hatt den artighet å dø heime hos ho Sara Susanne” melder ein av svigersønene når slutten nærmar seg. Og forfattaren drys ut karakterstikkar som denne: ”Han hadde en nervøs, gjeskjeftig måte å vri pliktens essens ut av de beste stunder.”

”Å vri pliktens essens ut av de beste stunder”, slike formuleringar kan ein fryde seg lenge over. Men la oss følgje det språklege eit hakk lenger:

”I brevene hadde han vært helt annerledes” tenkjer Hjørdis når ho oppdagar usympatiske sider ved mannen ho har korrespondert så venleg og etterkvart lidenskapleg med i årevis. Vesle Herbjørg distanserer seg frå fars overgrep ved å skrive dei ned i notisbøker.

Og det nyss siterte friarbrevet var ført nydeleg i pennen av ein kar som stamma så voldsomt at han knapt greidde å snakke med folk.

Det skjer noko med livet når det blir nedfelt i tekster.

Raus på handling

Herbjørg Wassmo

Herbjørg Wasmo. Forfattaren er raus med både språk, handling og karakterskildringar, meiner Marta Norheim.

Foto: NRK

Wassmo er raus ikkje berre på språk og refleksjonar , men også på handling, som her spenner mellom lidenskap og trivialitetar, mellom ”tilværelsens krav på mennesket” og lengten etter noko meir, noko større, noko dei kanskje har vore borti ein flik av.

Kort sagt: 100 år er sterke saker, i alle dei beste tydingar av ordet.

***

MEIR OM HERBJØRG WASSMO OG HUNDRE ÅR HER

Han var en trussel for min kropp og sjel

Her kan du høre Herbjørg Wassmo fortelle om boka.

Debatt i Bok i P2 i dag

* Flere saker om litteratur HER

* Følg nrkbok Twitter


Vi vil høyre di meining om boka eller bokmeldinga her:

Kulturstrøm

  • Norsk dokumentar fikk pris på italiensk festival

    Regissør Emilie Beck fra Horten var blant prisvinnerne på festivalen Bergamo film meeting, som ble avsluttet søndag.

    Beck fikk prisen for dokumentarfilmen «Veien hjem» om en norsk kvinne som er adoptert fra Sri Lanka.

    Hun har lengtet etter sin biologiske familie, men letingen gir henne ikke den sinnsroen hun hadde håpet. I stedet blir det en jakt som avslører hemmelighold og løgner knyttet til utenlandsadopsjon.

    Spanske Irene M. Borrego fikk pris i samme kategori for filmen «The visitt and a secret garden».

    (©NTB)

  • Taylor Swift åpnet turne foran 80.000 i Arizona

    Den amerikanske artisten Taylor Swift har lagt ut på ny USA-turne som åpnet fredag i Glendale i Arizona, der hun spilte for 80.000 tilhengere. Det er hennes første turne på fem år.

    Swift bød på 44 sanger og 10 kostymeskift i en konsert som varte i tre timer og et kvarter, skriver BBC.

    I alt skal Swift til 27 steder i USA før hun avslutter i Los Angeles 5. august. Etter planen skal Swift ut på internasjonal turne etter runden i USA, men spillesteder og datoer er ikke kjent. Blant artistene som skal spille med Swift, er norske Girl in Red, Marie Ulven.

    Taylor Swift er blant verdens ti best betalte i underholdningsbransjen, ifølge Forbes.

    Taylor Swift - The Eras tour - Arizona
    Foto: Ashley Landis / AP