– Ikkje bitter for at far valde det han gjorde

Leif Tronstad jr. var berre fire år gammal då han såg sin far for aller siste gong. Faren, aktuell som hovedkarakter i NRK-serien «Kampen om tungtvannet», var ein av dei viktigaste motstandsmenn Norge hadde under andre verdskrig.

Leif Tronstad junior har gjort det til sin livsoppgave å fortelle om farens betydningsfulle rolle under motstandskampen i krigsårene. Leif Tronstad er sentral i en ny TV-serie, hvor Rjukan og kampen om tungtvannet løftes frem.
Helga
Journalist

Frå bokhylla heime i Bærum hentar Leif Tronstad jr. ut ein perm full av brev. Det er breva som foreldra skreiv til kvarandre under andre verdskrig.

Breva er tettpakka med ei pryd-handskrift, og fortel om ein far som saknar familien heime i Norge. Samstundes som han prøver å overtyde seg sjølve om at det var riktig av han å dra til England for å delta i motstandskampen.

Dagboknotater og brev fra Leif Tronstad

Leif Tronstad junior har spart på alt av farens dagboknotat og brevkorrespondanse mellom foreldra.

Foto: Inger Kristine Lee

31. august 1941 forlét Leif Tronstad kona, som han kalla Bassa, og borna Leif og Sidsel heimen i Sandvika for å reise til London. Leif Tronstad junior var berre fire år gammal, men hugsar likevel dagen han såg faren sin for aller siste gong.

Eg har tenkt på det mange gonger. Det var akkurat som det var ei forutaning. Amerikanarane kallar det «premonition». Det er ganske pussig, men det står veldig klart for meg.

Det siste brevet

Vitskapsmannen Leif Tronstad var sentral både då tungtvatnsanlegget på Vemork blei bygd på byrjinga av 30-talet, og då det blei sprengd under krigen. Frå London hadde han leiinga for mellom 60 og 80 sabotasjeaksjonar i Norge i krigsåra.

Kampen om tungtvannet

AKTUELL: Serien «Kampen om tungtvannet» har premiere på NRK over nyttår. Leif Tronstad er hovedkarakter.

Foto: Filmkameratene AS/Robert Holand Dreier

I «Last letter», som er det mest gripande i sonens brevsamling, skriv faren ei siste helsing til familien før han skal ut på oppdrag. Kona hans vil berre få brevet dersom ektemannen ikkje kjem ifrå det med livet i behald.

Leif jr. var sju år då det skjedde. Leif Tronstad vart drepen under Sunshine-operasjonen i Telemark 11. mars 1945.

– Eg er overhovudet ikkje bitter på at han valde som han gjorde. Viss ikkje han hadde fått kjempe for fedrelandet, så veit eg ikkje korleis det skulle gått.

Store forventningar

Sonen Leif Tronstad, som nå har blitt 77 år, har brukt mykje av sitt liv på å formidle historia om faren.

Min far var opptatt av at ikkje alt skulle bombes sønder og saman. Han slåst hardt for sabotasjeaksjonar, fordi han ville spare menneskeliv og infrastruktur. Det at Norge kom seg fort etter krigen og fekk såpass høy status blant dei allierte er del av farens forteneste, meiner Leif Tronstad jr.

I 1947, to år etter sin død, blei faren dekorert med krigskorset med sverd, den høgste utmerkinga i Norge. Og den unge Leif opplevde at folk hadde høge forventningar til han.

Eg vil ikkje nemne namn, men då eg vart konfirmert var det ein som sa til meg at: «Du må hugse på at det blir stilt større krav til deg enn nokon annan». Det var sjølvsagt veldig dumt sagt.

Leif Tronstad junior børster støv av et bilde av faren

Leif Tronstad vart drepen under Sunshine-operasjonen i Telemark 11. mars 1945. Sonen har brukt mykje av sitt liv på å formidle historia om faren.

Foto: Inger Kristine Lee

– Perfekt hovudkarakter

I tv-drama-serien «Kampen om tungtvannet», som kjem på nyåret, er Leif Tronstad seniorhovudkarakteren. Regissøren Per Olav Sørensen seier Tronstad var heilt perfekt å bygge serien rundt.

– Tronstad er så sentral. Han var med å bygge tungtvatnsanlegget i si tid. Han var motstandsmann og han planla aksjonane frå England, seier Sørensen.

Espen Klouman Høiner, som speler rolla som Leif Tronstad, har hatt god nytte av kunnskapen til sonen i førebuinga til rolla.

Han har gitt meg førstehandskunnskap om mannen eg skal gestalte, så det har vore heilt uvurderleg. Leif Tronstad senior fortener større merksemd, og det er kult at eg kan bidra til det nå. Det blir eit portrett av ein krigshelt som har blitt litt gløymt, seier ein audmjuk Klouman Høiner.

Serien har premiere på NRK1 4. januar.

Espen Klouman Høiner og Leif Tronstad junior

Espen Klouman Høiner (t.v.), som speler rolla som Leif Tronstad, har hatt god nytte av kunnskapen til sonen i førebuinga til rolla.

Foto: Inger Kristine Lee