Heidrar lokal tungtvannssabotør

Krigsinnsatsen til tungtvannssabotør Joachim Rønneberg blir no dokumentert i ei ny utstilling på Ålesunds museum,

Krigsinnsatsen til tungtvannssabotør Joachim Rønneberg blir no dokumentert i ei ny utstilling på Ålesunds museum. Utstillinga skal vere klar når avdukinga av ein statue av Rønneberg skjer neste laurdag

SJÅ TV SAKA: Ålesund museum heidrar lokal tungtvannssabotør med ny utstilling.

På Ålesund museum held Jan Olav Flatmark, utstillingsansvarleg på med den siste finpussen før utstillinga står klar. På veggen heng bilete av Ålesundaren Rønneberg sin krigsinnsats.

– Bileta skal prøve å gi ei innsikt i Joachim Rønnebergs aktivitet under krigen, fortel Flatmark medan han slår inn den siste spikaren.

Historia

Jan Olav Flatmark

HISTORIA: Ålesund museeum vil vise historia og krigsinnsatsen til Joachim Rønneberg.

Foto: Besnik Zogaj / NRK

Utstillinga skal vise historia til Rønneberg, frå tida i Ålesund, flukta til Shetland, reisa til England og operasjonane han var med på under krigen.

– Og sjølvsagt får tungtvannsaksjonen ved Rjukan ein vesentleg stor plass i utstillinga, seier Flatmark.

Men det er ikkje den einaste operasjonen Rønneberg deltok på under krigen. Den norske offiseren deltok også i ein aksjonen i Tafjordfjella under andre verdskrig.

Totalt vil det vere ein presentasjon av krigsinnsatsen til Ålesundaren.

Høg profil

– Dersom du ser på denne, så vil du sjå at den er heilt spesiell.

Flatmark viser fram ein spesialsydd støvel som Rønneberg fekk sydd i England før aksjonen. Joachim Rønneberg designa sitt eige utstyr, både til sabotasjeaksjonen mot tungtvannsanlegget på Vemork og overvintringa i Tafjordfjella.

Rønneberg
Foto: Besnik Zogjai / NRK

Det nærmar seg opning. Neste laurdag vil museumsutstillinga opne dørene for offentlegheita. Det vil skje i samband med avdukinga av ei ny statue av Rønneberg. 95 år gamle Rønneberg sjølv vere til stades i heimbyen for å avduke statuen.

– Vi meinte det var ei god anledning til å presentere han på ei utstilling her på Ålesund museum. Vi vil prøve å vise fleire sider ved Rønneberg, fortel Flatmark.

Hemmelege operasjonar og ein mann kjent for sin krigsinnsats skaper interesse for utstillinga meiner museet.

– Han er veldig kjent både frå to spelefilmar og fleire bøker både i innland og utland, så det er ein høg profil over Rønneberg og dei operasjonane han har delteke i.

Rønneberg
Foto: Besnik Zogaj / NRK