Hopp til innhold

Harbo melder journalist-kollega til politiet

Tidlegare Aftenposten-journalist Ragnhild Ås Harbo har bestemt seg for å melde ein kollega i eit anna mediehus for overgrep, etter ei hending på ei reportasjereise for fleire år sidan.

Ragnhild Ås Harbo

LETTA: Ragnhild Ås Harbo seier at ho er letta etter å ha meldt saka til politiet. Ho har angra på at den ikkje blei meldt umiddelbart. No kan den vere strafferettsleg forelda.

Foto: NRK

Advokat John Christian Elden, som hjelper Harbo i saka, opplyser at meldinga blei sendt til politiet fredag.

Seksuell handling utan samtykke har ei strafferamme på eitt år. Forholdet som no er meldt ligg fleire år tilbake i tid og er i utgangspunktet strafferettsleg forelda. Harbo seier ho er klar over at saka kan bli lagt bort utan etterforsking, men synest at det er godt å ha gjort det.

– Det er litt for min eigen del. Eg angrar på at saka ikkje blei meldt då det skjedde. Den gongen var eg veldig sårbar, eg hadde ikkje arbeidd meg gjennom det og eg var svært sliten. Aftenposten sa at dei skulle støtte meg dersom eg valde å melde, men dei fortalde meg samtidig at saka truleg ville bli lagt bort av politiet, og at det ville bli tungt for meg. Derfor valde vi ikkje å melde.

– Ikkje eit mørketal

Harbo seier det kjennest som ho no har teke ansvar.

– Det har kome fram mange saker etter at eg stod fram. Eg går til politiet for å vise andre at det er mogleg, og at dei må gjere det før det er for seint. For meg er det siste steget for å få sett punktum for heile saka, seier ho.

Advokat Elden meiner det er viktig å melde sjølv om saka truleg ikkje får strafferettslege konsekvensar.

– Ho ønskjer at hennar forklaring skal komme fram og at saka skal bli registrert hos politiet. Når du melder eit forhold kjem det inn i kriminalstatistikken, det blir ikkje eit mørketal. Politiet kjem antakeleg til å leggje bort saka, men det må dei vurdere. Det er ikkje sikkert saka er forelda, men eg trur ho vil vere det. Når Harbo likevel vel å melde er det for å gi ei forklaring under vitneansvar og få saka inn i kriminalstatistikken.

Vil ikkje kommentere

Sjefredaktøren i mediehuset der mannen som no er meld til politiet jobbar, seier til NRK at han ikkje vil kommentere at saka er meldt til politiet, før meldinga ligg føre.

Han har tidlegare sagt til NRK at dei tek slike saker svært alvorleg, og at då dei fekk melding om saka frå Aftenposten, så tok dei tak i det. Det førde blant anna til eit møte mellom dei involverte i saka.

NRK har vore i kontakt med mannen som no er meldt til politiet. Han ønskjer ikkje å kommentere saka.

– Vaknar av at eg blir kledd av

Ragnhild Ås Harbo fortalde NRK i oktober om si oppleving på reportasjetur for nokre år sidan. Etter ei vekes intens jobbing hamna ho saman med fleire andre journalistkollegaer på eit hotellrom for å feire at jobben var over. Harbo, som da var 22 år, hugsar at ho var trøytt, og at må ho ha sovna.

Ho fortel at ho vakna av at mannen som budde på hotellrommet var i ferd med å kle av henne:

«Eg hugsar så altfor godt at eg vaknar av at eg blir kledd av – topp, skjørt, strømpebukse. At eg oppdagar at eg er aleine igjen på hotellrommet med han. Kjenner hendene til denne (...) kollegaen fomlande over bh-låsen min».

Ho forlèt rommet, og det skjedde ikkje noko meir. Seinare fortalde ho kva som hadde skjedd til ein kollega, og saka hamna hos leiinga i Aftenposten.

Dei gjorde det klart at dei ville støtte henne om ho ville gå til politiet, men saka blei altså ikkje meldt.

Ragnhild Ås Harbo var inntil nylig ansatt som journalistvikar i NRKs nyhetsavdeling og som reporter i P3.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska