Gyldendal ankar saka mot Jørn Lier Horst

Den historiske rettssaka mellom Gyldendal og Jørn Lier Horst enda med at Horst vart frifunnen. No ankar Gyldendal dommen. – Eg er overraska, svarer Jørn Lier Horst til NRK.

Jørn Lier Horst

Forfattar Jørn Lier Horst vart frifunnen i Oslo tingrett i saka mot Gyldendal.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Vi er ueinige i hovudkonklusjonane til tingretten og ankar derfor for å få saka vurdert på nytt, seier administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag, Arne Magnus.

Sakas kjerne handlar om Jørn Lier Horst hadde rett til å seie opp lydbokkontrakten med Lydbokforlaget og Gyldendal, for så å spele inn lydbøkene på nytt i eit anna forlag.

– Dette er ei sak av stor prinsipiell betyding for bokbransjen, legg Arne Magnus til.

Arne Magnus, administrerende direktør i Gyldendal Norsk Forlag.

Arne Magnus, administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag.

Foto: Gyldendal

Kamp om lydbok-marknaden

Konflikten mellom forfattar Horst og Gyldendal starta då Horst forlèt Gyldendal etter mange års samarbeid.

Horst starta deretter i Strawberry Publishing, der han også er medeigar. Der byrja han å gi ut sine eigne lydbøker på nytt.

Det reagerte Gyldendal på og skulda han for å selje piratkopiar. Dei gjekk rettens veg og gjorde historie ved å saksøke sin eigen forfattar.

Dei meiner dei har rettane til åtte lydbøker av Jørn Lier Horst som han har spelt inn på nytt hos Strawberry Publishing.

– Hans oppseiing av lydbokkontrakten er ikkje lovleg, derfor har han heller ikkje rett til å lage nye lydbokinnspelingar, sa Einar Ibenholt, strategidirektør i Gyldendal til NRK før rettssaka i april.

Jørn Lier Horst i rettsaka mellom han og Gyldendal. 2021

Jørn Lier Horst i rettssaka mellom han og Gyldendal i april.

Foto: NTB

Dømt til å betale erstatning

Horst på si side meinte den såkalla lydbokkontrakten tillèt han å spele inn og gi ut lydbøkene på nytt.

Han vant saka og vart frifunnen. Retten dømte også Lydbokforlaget og Gyldendal til å betale 650.000 kroner i erstatning i sakskostnadar.

No ankar Gyldendal.

– Normalkontraktane er bærebjelker i det norske litterære systemet, dei sørger blant anna for gode vilkår til forfattarane og føreseielegheit for forlaga, seier Arne Magnus.

Forleggerforeningen er partshjelp i saka og har ansvar for avtaleverket i bransjen saman med dei andre partane.

Edmund Austigard byline

Styreleiar i Forleggerforeningen Edmund Austigard.

Styreleiar, Edmund Austigard, understrekar at det litterære økosystemet har tent lesarane godt.

Skal det fortsette slik i framtida er vi avhengige av robuste avtalar mellom forfattarar og forlag, og partane i litteraturbransjen må saman ta ansvar for å halde ved like og utvikle avtaleverket, seier han.

– Eg er overraska

Gyldendal varsla å anke allereie før rettssaka. Jørn Lier Horst var klar over det, men seier til NRK at han likevel er overraska.

– Eg er overraska. Dei juridiske vurderingane eg har fått går på at det er ein klar dom, men det synleggjer den skremmande haldninga om at dei eig forfattarane til evig og alltid.

– Gyldendal er jo med det i ferd med å øydeleggje sitt gode namn og rykte overfor heile forfattarstanden, legg han til.

Unni Lindell

Unni Lindell er saman med Jørn Lier Horst og fem andre forfattarar ein del av Forfattaropprøret.

Foto: Anton Soggiu / Strawberry Publishing

Det er ikkje berre Jørn Lier Horst som kjempar for å kunne spele inn og gi ut lydbøkene sine i nytt forlag.

Han er éin av ei gruppe på sju forfattarar som kallar seg for Forfattaropprøret og som inkluderer blant andre Anne B. Ragde, Unni Lindell og Tom Egeland.

– Vi reknar med at Storytel byrjar å strøyme bøkene til alle oss sju i Forfatteropprøret. Det ville sende eit uheldig signal til både forfattarar og styresmakter om dei lar seg styre av Gyldendal, seier Horst.

Mykje står på spel for forlaga

Kulturkommentator i NRK, Agnes Moxnes, trur det sat langt inne for Gyldendal og Lydbokforlaget, med Forleggerforeningen på laget, å anke denne saka.

– Sjølv om dommen uttrykker noko tvil, går den likevel heilt klart i Jørn Lier Horsts favør, seier ho.

– Når dei likevel ankar, betyr det at veldig mykje står på spel for forlaga i ei tid då strøymetenestene byggar seg opp til å bli eit gullkanta kort i bok-økonomien, seier ho.

Moxnes meiner det blir interessant å sjå kva lag Forfatterforeningen – som også organiserer Gyldendals eigne forfattarar – vel å heie på.

– For dette handlar om prinsippar som går langt inn i det avtaleverket som eksisterer mellom forfattarar, forlag og distributørar, avsluttar ho.

Kulturstrøm

  • Sprik i boksalg under pandemien

    Publishing Industry Report for 2020 ble lagt fram på bokmessa i Frankfurt i dag. Tallene viser en betydelig nedgang i boksalget under pandemien i store deler av verden, som Tyrkia (- 31,6 %) og Brasil (- 19,8 %). Andre igjen har opplevd oppgang, som Japan (+ 10,7 %), Italia (+ 8,6 %) og Norge (+ 4,2 %). Andelen digitalt boksalg fortsetter å øke, skriver Bok365.

  • Girl in Red nominert til MTV-pris

    Girl in Red er nominert til to priser under årets MTV EMA-prisutdeling. Marie Ulven fra Horten er nominert i kategoriene beste video med budskap for videoen "serotonin" og som beste såkalte push, skriver NTB. Prisutdelingen finner sted i Ungarn den 14. november.

  • Palmesus forventer røde tall

    Musikkfestivalen Palmesus i Kristiansand regner med å gå med et betydelig underskudd i regnskapet i år. Det sier festivalsjef Leif Fosselie til Fædrelandsvennen. Festivalen mottok koronastøtte fra Kulturrådet i fjor og fikk et overskudd i 2020 på 14 millioner kroner.

    Leif Fosselie
    Foto: NRK Sorlandet