Kan krimforfattar og mangemillionær Jørn Lier Horst spele inn sine eigne lydbøker på nytt og selje dei i eit nytt forlag?
Eller er det Gyldendal som eig lydbøkene fordi han var hos dei då lydbøkene vart laga?
Det skal Oslo tingrett bestemme i løpet av dei neste tre dagane.
Ifølgje Agnes Moxnes, kulturkommentator i NRK, vil dommen ha stor betyding for den som vinn.
– Lydboka er gullet i bokbransjen for tida. Det er der overskotet blir sikra, seier ho.
Agnes Moxnes, kulturkommentator i NRK.
Foto: NRKStriden som blir utkjempa i retten i dag byrja med at Jørn Lier Horst, ein av dei forfattarane som sel mest i Noreg forlét forlaget Gyldendal etter mange års samarbeid.
Skuldar Horst for piratkopiering
Han gjekk til forlaget Strawberry Publishing i 2018 der han sjølv er medeigar. Der byrja han å gi ut sine eigne bøker som lydbøker på nytt.
Då reagerte det gamle forlaget hans Gyldendal.
Dei meiner dei har ein kontrakt som gjer at dei eig rettane til lydbøkene, sjølv om det er Jørn Lier Horst som har skrive dei.
Gyldendal meiner det Horst nå er gjort er å selje ulovlege piratkopiar.
– Hans oppseiing av lydbokkontrakten er ikkje lovleg, derfor har han heller ikkje rett til å lage nye lydbokinnspelingar, seier Einar Ibenholt, strategidirektør i Gyldendal til NRK.
Striden står om åtte bøker
Einar Ibenholt, strategidirektør i Gyldendal til NRK.
Foto: Kyrre Lien / SCANPIXDet er rettane til totalt åtte titlar forfattaren og forlaga no kranglar om.
Horst på si side meiner at han som forfattar har rett på sine eigne åndsverk – og dermed også rett til å spele inn lydbøkene på nytt og gi dei ut på nytt forlag.
Partane er altså ueinige om korleis ein skal tolke kontrakten.
Dei neste tre dagane skal retten bestemme kva tolking som er rett.
Tolkinga bestemmer om forfattaren Jørn Lier Horst får lov til å gi ut lydbøkene sine på nytt i eit anna forlag eller ikkje.
Men det vil også få konsekvensar for andre.
Maktkamp mellom forlaga
Jørn Lier Horst er nemleg berre éin av ei gruppe på sju forfattarar som har fått spelt inn lydbøkene sine på nytt etter at dei har meldt overgang til forlaget Strawberry Publishing.
Gruppa inkluderer blant andre Anne B. Ragde, Unni Lindell og Tom Egeland.
Det er Strawberry Publishing som nå hevdar å ha rettane til dei nyinnspelte lydbøkene til desse forfattarane.
Jørn Lier Horst med advokat Jon Wessel Aas i bakgrunnen under retten i dag.
Foto: NTB– Mykje som står på spel
– Det mykje som står på spel dei neste dagane, seier Agnes Moxnes, kulturkommentator i NRK.
Sidan lydboka er den nye store marknaden for sal av litteratur handlar denne saka ikkje berre om prinsippar, men også makt og posisjon i bokbransjen.
– Det er derfor ingen god «deal» for forleggaren eller Horst at lydbokrettane er i hans tidlegare forlag, seier Moxnes.
Ho understrekar vidare at mange av spelereglane som bokbransjen har forhandla seg fram til i mange år blir utfordra med denne rettssaka.
– Mange meiner at dette kan innleie eit ras som kan ta med seg store delar av boksystemet, seier ho.
– Og at Strawberry Publishing er såpass harde i klypa fordi dei ønsker å bygge opp ein slags moderne superliga sjølv om dei inntil nå har mange veteranspelarar på laget, avsluttar ho.