Forhandlingane mellom nettselskapet og mediehusa skal vere på eit tidleg stadium. Dei franske avisene Le Monde og Le Figaro er blant avisene som deltek i samtalane, skriv Financial Times.
I 2018 blei Google News lansert. Dette er ei teneste som samlar brukartilpassa nyheiter.
Men no er Google i ferd med å utvikle eit nytt produkt for nyheiter, der dei vurderer å betale for å formidle vidare nyheiter frå nettaviser.
– Vi ønsker å hjelpe folk til å finne kvalitetsjournalistikk. Det er viktig for eit informert demokrati og bidreg til ein berekraftig nyheitsindustri, seier visepresident for nyheiter i Google, Richard Gingras til avisa.
Franske aviser som Le Figaro og Le Monde skal vere i forhandlingar med Google om å vere med i eit nytt nyheitsprosjekt.
Foto: ERIC GAILLARD / REUTERSNytt direktiv
Bakgrunnen for initiativet er innføringa av eit nytt direktiv for opphavsrett i EU. Målet med dei nye reglane er å sikre at dei som har opphavsretten til fotografi, video, musikk og tekst får betalt når det blir delt på nettet.
Frankrike er plukka ut som prøveområdet for Google fordi dei var det første landet som innførte direktivet.
- Les:
- Les:
Googles nye grep liknar det Facebook gjorde i USA i fjor haust. Då lanserte dei ein nyheitsfunksjon, etter at dei hadde gjort avtalar verdt fleire millionar dollar med blant andre Buzzfeed, The New York Times og The Wall Street Journal.
Målet er å satse på kvalitetssikra journalistikk, etter at Facebook hadde fått massiv kritikk for å bli brukt til å spreie falske nyheiter og desinformasjon.
Vil samarbeide med dei store aktørane
Både Google og Facebook har også fått kritikk for å tene pengar på reklame ved å dele redaksjonelt innhald, utan å betale noko tilbake til dei som har laga innhaldet.
Men Google seier det framleis er uaktuelt å betale redaksjonar for formidling av lenker i søkemotoren. Dei ønsker i staden å støtte journalistikken gjennom nye tenester som gir enkelte redaksjonar meir merksemd, rekkevidd og inntekter.
- Les:
- Les:
Men det kan føre til at dei som får i stand ein avtale med søkegiganten, kan få ein fordel, trur direktør Rasmus Kleis Nielsen ved Reuters Institute for the Study of Journalism ved universitetet i Oxford.
– Det er mange redaksjonar som kjempar om merksemda. Det er difor sannsynleg at slike lisensavtalar blir for nokre få av dei største utgjevarane, seier han til Financial Times.