Hopp til innhold

Herman Flesvig om å kombinere jobb og privatliv: – Vanskeleg

Det er travle tider for Herman Flesvig. Oppi alt er kjærasten eit trygt anker.

Herman Flesvig er klar for ny sesong av Førstegangstjenesten

KLAR: Herman Flesvig er klar for å vise fram andre og siste sesong av «Førstegangstjenesten».

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Eg trur dei som likte førre sesong også kjem til å like dette. Men det er klart at ein alltid er redd og usikker, seier Herman Flesvig.

Han sit framoverlent på ein benk utanfor Radioresepsjonen på Marienlyst. Arbeidsplassen hans dei siste fire åra, som nå er omfamna av haustlauv. Det er kaldt, men sola varmar, og det er freistande å seie at Flesvig skin om kapp med ho.

For alle vil ha ein bit av 29-åringen om dagen.

– Det er svært hektisk for tida, ja. Spesielt nå som det snart er klart for ei ny runde med «Førstegangstjenesten», seier Flesvig.

Denne sesongen er to Hollywood-stjerner og ei Skam-stjerne med.

Herman Flesvig utanfor Radioresepsjonen, Marienlyst, 2021

PUST I BAKKEN: Herman Flesvig utanfor Radioresepsjonen på Marienlyst.

Foto: ULRIK KRAMER / NRK

– Kjenner på nervar

Guten frå Siggerud, som starta karrieren med å leggje ut humorvideoar på Instagram har dei siste par åra skapt ein sjåarmagnet NRK aldri har sett maken til.

Vi snakkar om humoruniverset «Førstegangstjenesten», der Flesvig har bidratt i alle ledd frå skriving og innspeling til redigering. Ikkje minst speler han fleire av karakterane sjølv.

Om berre nokre få dagar, nærmare bestemt fredag 12. november er det premiere på sesong to – som også er den siste.

– Det er klart eg kjenner på nervar.

– Den verste perioden er vel eigentleg nå når ein er ferdig med opptak og sit i klippen, og ein nærmar seg med stormskritt premiere.

Herman Flesvig utanfor Radioresesjonen 2021

SPENT: Herman Flesvig er spent på mottakinga, og håpar publikum vil like det.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Aksel Hennie på laget

Skal ein sjå på rollelista har Flesvig lite å bekymre seg for. Mikkel Niva, Jonas Bergland og Kristofer Hivju er også denne sesongen med på å skape humor og dramatikk.

I tillegg har han hanka inn Noregs action-helt Aksel Hennie og Skam-stjerna Josefine Frida.

– Det er alltid litt skummelt å spørje nokon om å bli med på eit slikt kaosprosjekt som eg driv med. Hugs at Aksel har vore i Hollywood, medan eg spring rundt og byter parykkar på Hønefoss, humrar Sigdølen.

– Det var med ærefrykt at eg spurde Aksel, og det er derfor veldig stas at han sa ja, legg han til.

Aksel Hennie i Førstegangstjenesten. SPERREFRIST fredag 29.10.21 kl. 06.50

ACTION: Aksel Hennie i «Førstegangstjenesten».

Josefine Frida Pettersen i Førstegangstjenesten. SPERREFRIST ONSDAG kl. 07, 27.10.21

INTRIGAR: Det blir drama når Josefine Frida inntar ei rolle serien.

Jonas Kinge Bergland i en episode av "Førstegangstjenesten".

OBERST: Jonas Kinge Bergland som Løytnant Støland.

Førstegangstjenesten S01E07

Kjærleik: Det ligg noko i lufta mellom Tanja Laila Gaup og Lauritzen. Sistnemnde er spelt av Mikkel Niva.

– Når kamera går kan alt skje

Han skryter av skodespelarane og måten dei har kome på settet med profesjonalitet og energi på. Spesielt Hivju har ei eig kraft i ting han gjer, ifølgje Flesvig:

– Han er jo galen. Eg likar gale menneske, seier han om Hivju.

Vi tok kontakt med Hivju for å høyre kva han har å seie til det:

– Eg vil seie at det er ein galen mann som møter ein galen mann. Han er like galen sjølv, innrømmer Hivju og ler.

Han oppdaga serien då dei fyrste to pilotepisodane kom ut, og umiddelbart elska han det han såg.

Kristofer Hivju og Herman Flesvig i Førstegangstjenesten

VIKTIG BRIKKE: – Han speler sju hovudroller, og er ei viktig brikke frå start til ferdig serieprodukt, seier Hivju om Flesvig. Her frå innspelinga.

– Dette er Flesvig-show. Han er jo heilt briljant så for meg var det ein fest å vere med på dette her.

Han fortel vidare at Herman er ein improvisator som klarer å lage gull av det meste.

– Vanlegvis når ein lagar film er det eit take som er det beste. Med Herman har ein ti takes som alle er fantastiske. Når kamera går kan alt skje, og det er det som er morosamt, seier Hivju.

Han får støtte av Josefine Frida.

– Det var ein kjempefest å få jobbe med både Herman og Mikkel, og resten av teamet, understrekar ho.

– Trur ein fort kan bli spist opp

I tillegg til «Førstegangstjenesten» har Flesvig gjort suksess med Robert Stoltenberg i humorshowet «Robert og Herman», samtidig som han toppar podkastlistene med «Friminutt» saman med Mikkel Niva.

Han innrømmer at det har vore hektisk dei siste åra, og til tider utfordrande å kombinere jobb og privatliv.

– Det er ein vanskeleg kombinasjon, men eg prøver å gjere eit tydeleg skilje på når eg er på jobb, og når eg er heime som privatperson. Eg synest eg har funne ein fin balanse på det.

– Viss ikkje trur eg at ein fort kan bli spist opp. Og så har eg ein manager som har Noregsrekord i å seie nei til ting. Det er også ein grunn til at eg ikkje er utbrent ennå, understrekar Flesvig.

Jeanett (Robert Stoltenberg) og Kristoffer (Herman Flesvig) i forbindelse med TV-aksjonen.

RADARPAR: Jeanett (Robert Stoltenberg) og Kristoffer (Herman Flesvig) i humorserien «Robert og Herman».

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Kjærasten ein viktig støttespelar

Han føler likevel at han får nok tid til venar og familie.

– Det heng like høgt, og er like viktig i kalenderen min som alt anna.

Han trekker fram kjærasten som spesielt viktig.

– Det er klart at ho er ein viktig støttespelar. På lik linje med familien så er ho alltid der for meg. Dei er opptatt av meg som person, og lar seg ikkje farge av korleis karrieren min går.

Podcasten Friminutt, med Herman Flesvig og Mikkel Niva

FRIMINUTT: Herman Flesvig og Mikkel Niva har den populære podkasten «Friminutt» saman.

Foto: NRK / NRK

– Snakkar mykje med meg sjølv

Når det kjem til «Førstegangstjenesten» lovar han at denne sesongen blir annleis, sjølv om den same sprøe humoren framleis vil vere der.

– Det blir lengre linjer, noko som betyr at ein blir betre kjent med karakterane, og ser sider av dei som ein ikkje har sett før.

Korleis skapar du alle karakterane?

– Karakterane dukkar veldig opp av seg sjølv. Eg er ein person som snakkar mykje med meg sjølv, og som spelar skodespel når eg er heime aleine. I tillegg blir eg inspirert av folk eg møter på.

– Eg finn ikkje karakterane, men dei finn meg, seier han og ler.

Ola Halvorsen

POPULÆR: Ein av dei mest populære karakterane er Ola Halvorsen.

Foto: NRK / NRK

Ola Halvorsen, Tonje Laila Gaup og Ahre-Ketil er blant persongalleriet som snart er historie.

Sjølv om Flesvig ikkje vil røpe kva prosjekt han kjem til å jobbe med etter Førstegangstjenesten, er det nok ganske sannsynleg at vi får sjå Flesvig på ein TV-skjerm i framtida også.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters