– Grunnen til at det blir siste sesong er nok fordi at no har vi gjort det. Så no ynskjer eg å prøve noko anna, og utvikle meg som skodespelar, seier Herman Flesvig til NRK.
Serien har brote fleire sjåar-rekordar etter at dei fyrste pilotepisodane kom for snart to år sidan. Sidan har serien vore så populær at nokon til og med har skifta namn som følgje av han.
Herman Flesvig som spelar fleire av karakterane sjølv, fortel at det har vore ei fantastisk reise.
– Og vi har hatt det kjempegøy. Men det er noko som heiter å gi seg når leiken er god. Og no er leiken god. Så no blir det å utvikle seg å prøve seg på nye ting.
SLUTT: Det blir ikkje fleire gjensyn med Ola Halvorsen (Herman Flesvig) i «Førstegangstjenesten».
– Trist
Flesvig understreker at det likevel ikkje er enkelt å forlate universet med kjente karakterar som Ola Halvorsen, Tanja Laila Gaup og Ahre-Ketil.
– Det er litt vemodig. Det har vorte ein stor del av karrieren min, seier han og legg til:
– Eg har blanda kjensler rundt det, fordi det er artig å gå inn i nye prosjekt. Samstundes som at det er trist å leggje frå seg «Førstegangstjenesten».
Men han har ikkje lagt frå seg serien heilt enno. Andre – og siste – sesong har premiere fredag 12. november.
BLANDA KJENSLER: Herman Flesvig synest det er trist å leggje frå seg Førstegangstjenesten, men gleder seg til nye prosjekt.
Foto: Ulrik Kramer / NRKDagen før er det førpremiere for fansen i Noreg sin største kinosal, og du kan vinne billettar til arrangementet.
– Det at vi endeleg får feire og ha ein ordentleg premiere, blir stas. Det er superhyggeleg at dei som ser på serien òg kjem.
Vil ikkje røpe nye prosjekt
Herman Flesvig likar å ha mange ballar i lufta. Dei siste åra jobba har han jobba med «Førstegangstjenesten», «Friminutt» og humorserien «Robert og Herman».
RADARPAR: Jeanett (Robert Stoltenberg) og Kristoffer (Herman Flesvig) i humorserien «Robert og Herman».
Foto: Ulrik Kramer / NRKMen han vil førebels ikkje røpe kva for nye prosjekt han kjem til å jobbe med.
– Det er mykje spennande som er på tapetet, men eg kan ikkje seie kva det er.
– Og dei som kjem med slike formuleringar har ofte ingenting å gjere. Men eg står ved det eg sa, seier Herman og ler.