– Det er veldig kult at Aksel kunne bli med, seier Herman Flesvig til NRK.
I denne sesongen har Herman Flesvig slått på stortromma og henta inn skodespelarar av internasjonal rang.
Det er mildt sagt duka for dramatikk og intrigar, for både Aksel Hennie og Kristofer Hivju har spelt i actionroller før.
Hennie har blant anna spelt i «Hercules» og «The Doorman», og Hivju i «Game of Thrones» før dei nå dukkar opp i Herman Flesvigs univers «Førstegangstjenesten».
– Det var med ærefrykt at eg spurde Aksel om han ville bli med, og så takka han ja. Det synest eg var veldig stas, seier Flesvig.
– Han er jo galen
Mens Aksel Hennie gjer sin Førstegangstjenesten-debut har Kristofer Hivju vore med heile vegen.
– Han er jo galen. Eg likar gale menneske, seier han om Hivju.
– Han har ein vanvitig energi, og ei vanvitig kraft. Han er også veldig god å jobbe med. Både han og Hennie er veldig flinke, proffe folk.
– Har vore veldig morosamt
På onsdag vart det også kjent at Skam-stjerna Josefine Frida er med i årets sesong.
– Det har vore veldig morosamt å jobbe med Josefine. Vi hadde faktisk ein ganske lang castingrunde på kven som skulle ta den rolla.
– Og ho leverer akkurat som vi hadde håpa på med å vere hyggeleg, søt og irriterande. Det var perfekt, sa Flesvig tidlegare denne veka.
I tillegg til Aksel Hennie, Kristofer Hivju, Josefine Frida er også kjente profilar som Mikkel Niva og Jonas Kinge Bergland med.