Sida er no nede og dei som står bak har tilstått, seier Willy Johansen, leiar i Rettighetsalliansen.
Rettighetsalliansen, ei samanslutning av aktørar som sit med rettane til åndsverk i Noreg, har sidan 2013 trappa opp kampen mot ulovleg fildeling og piratkopiering. No ber arbeidet frukter.
– Dette er første gongen me har lukkast i å stanse ei side operert frå Noreg, seier Johansen.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Norskfilm.net er no nede og dei som står bak har tilstått, seier Willy Johansen, leiar i Rettighetsalliansen.
Foto: SkjermdumpStorfilmar
Filmen «Børning», som vart sett av nesten 400 000 på kino i fjor, har i følgje Johansen blitt vist 7 000 gonger på sida. Også andre store norske filmar som «Kon-Tiki» og «Pornopung» låg ute på piratsida.
Politiadvokat i Vestfold politidistrikt, Torje Arneson, stadfestar at dei gjekk til aksjon i februar, og drog inn data- og telefonutstyr heime hjå ein mann i 20 åra. Mannen har tilstått at han står bak, og er sikta for brot på åndsverkslova.
Talsmann for Piratpartiet i Noreg, Øystein Jakobsen, reagerer på at det er mogleg å blokkere nettsider på denne måten.
– Når nettsider blir blokkerte i andre land, kallar ein det sensur. Her heime kallar ein det kamp mot piratar. Men virkemidla er dei same, seier Jakobsen.
Skulder på bransjen
Han meiner filmbransjen må gje publikum eit betre tilbod, dersom ein vil ha slutt på piratkopieringa.
– Grunnen til at folk bruker ulovlege strøymetenester, er fordi dei ikkje får tak i innhaldet på anna vis. Hadde bransjen tilbydd filmar på ein slik måte som Spotify tilbyr musikk, så hadde folk teke ei slik teneste i bruk, trur Jakobsen.
Men Willy Johansen har inga tru på ein forretningsmodell à la Spotify for film- og tv.
– Om ein skulle begynne å selje all mogleg film for 99 kroner, så hadde det ikkje vore nokon filmindustri lenger. Då hadde me hatt verken kinoar, DVD eller blu-ray, trur Johansen.