Hopp til innhold

Foreslår at eg og du skal finansiere norske dataspel

OSLO (NRK): Er du villig til å betale nokre kroner ekstra i avgift på dataspel? Det kan bli stoda om politikarane blir med på ei ny finansieringsordning som kan femdoble støtta til den norske spelbransjen.

Vålerenga-spelarar spelar Fifa

AVKOPLING MED SPEL: Like utanfor Vålerenga-garderoben på Valle Hovin i Oslo blir spel brukt som avslapping etter trening. Her spelar Jonatan Tollås Nation (t.v.), Christian Grindheim, Simen Kristiansen Juklerød og Markus Nakkim FIFA 17 – eitt av spela som kan bli nokre kroner dyrare.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Då er det avgjort, et gras! ropar Jonatan Tollås Nation til motstandarane etter siger i FIFA 17 – avkoplinga til Vålerenga-spelarane etter så å seie kvar fotballtrening.

Om forslaget til Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring får politisk støtte, blir fotballspelet FIFA eitt av mange spel som vil stige i pris.

Fredrik Sundt Breien

Fredrik Sundt Breien i Turbo Tape Games har vore ein del av Næringspolitisk råd dei to siste åra.

Foto: Thomas Due Sivertsen

– Vi vil ha eit påslag på 0,5 til 1 prosent på nettsal av internasjonale spel i Noreg. Det vil kunne femdoble finansieringa for bransjen, seier Fredrik Sundt Breien, dagleg leiar i bergensbaserte Turbo Tape Games.

I dag deler rundt 180 norske spelselskap på i underkant av 25 støttemillionar frå Norsk filminstitutt (NFI). Den føreslåtte ordninga ville sobert anslått kunne få inn 140 millionar – pengar som kan brukast til å utvikle nye, norske dataspel.

Bill.mrk. rik privat investor

I slutten av juni leverte rådet dei siste innspela til Kulturdepartementet og Næringsdepartementet.

Der blir det skrive at NFI-ordninga for spelbransjen «ikkje maktar å bidra til finansiering av dei verkeleg store produksjonane som dei vi ser i Sverige og Finland».

– Noverande ordning er heller ikkje omfattande nok til at den trekkjer til seg private investeringar, seier rådet.

– Med investeringsbriller på forstår eg godt at det kan vere risikabelt å investere i norsk spelproduksjon. Ei ordning med meir finansiering i botnen vil gi større tryggleik for private investorar, meiner Breien.

Bjørn Stray

Investor Bjørn Stray i Northzone omtalar spelbransjen som notorisk vanskeleg å investere i.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Positivt med offentleg aktivitet

Bjørn Stray, grunnleggar av venturekapitalfondet Northzone, er éin av dei norsk spelbransje vil gjere seg vakre for.

– Vi har ei investering på 100 millionar i eit finsk spelselskap og investeringar i amerikanske og britiske spelselskap på 70 millionar, seier Stray, sitjande i stova på Nordberg i Oslo.

Manglande risikosikring for investorar, kombinert med at norsk spelbransje framleis er relativt liten, gjer at investoren ikkje har gått tyngre inn i Noreg.

– For oss er det positivt at det offentlege sett i gang aktivitet som gjer at nokre lukkast og nokre mislukkast. Då kan vi som investor gå inn i selskapa som fungerer, fortel Stray.

Alf Inge Wang

Spelprofessor Alf Inge Wang ved NTNU er litt skeptisk til å pålegge forbrukarane ei ekstraavgift.

Foto: Kai Torgeir Dragland, NTNU

Skeptisk ekspert

Spelprofessor ved NTNU Alf Inge Wang er positiv til auka offentleg støtte til norsk spelbransje, men er litt usikker på medfinansieringsforslaget.

– Det negative er at mange spelarar allereie synest spel er dyrt. Tendensen er eg litt redd for, seier Wang.

Spørsmålet er om dei som spelar faktisk ønskjer å støtte utvikling av norske spel. Nokre er nok villige til det, men andre er det ikkje, meiner Wang.

Breien i Turbo Tape Games meiner at norske dataspel-forbrukarar vil tole dei tre ekstra kronene eit nytt FIFA-spel eventuelt vil koste. Han får støtte frå spelentusiastane i Vålerenga.

– Om FIFA hadde kosta 499 i staden for 493 kroner så hadde ikkje det vore avgjerande, seier Jonatan Tollås Nation.

Vålerenga-spelarar spelar Fifa

Vålerenga-spelarane seier til NRK at dei er villige til å betale nokre ekstra kroner for å hjelpe norsk spelbransje.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters