Hopp til innhold

Ny Borat-film: Deltakarar føler seg lurte

Ekte personar møter skodespelarar i hybridfilmen «Borat Subsequent Moviefilm». Dagar etter premieren reagerer fleire på korleis dei blir framstilte i filmen.

Sacha Baron Cohen iført eit munnbind som erstatning for ei truse.

BORAT-OPPFØLGAR: «Delivery of Prodigious Bribe to American Regime for Make Benefit Once Glorious Nation of Kasakhstan», er den offisielle tittelen på Sacha Baron Cohen sin siste film.

Foto: Unknown / IMAGE SUPPLIED BY CAPITAL PICTURES

– Eg blei lurt til å spele ei rolle som ikkje reflekterer den eg er.

Instagram-påverkar Macy Chanel trudde ho skulle vere med i ein ny Netflix-serie, då ho stilte opp i filmen.

Ho er ein av fleire som ikkje visste at ho var med i ein Borat-film, før oppfølgaren kom ut førre helg.

På ekte Borat-vis skapar skodespelar Sacha Baron Cohen kaos når han lurer vanlege amerikanarar og offentlege personar til å vere med i filmane sine.

Førre veke kom det fram at Rudy Giuliani, Trump sin personlege advokat, gjekk i fella til Cohen.

Suksessfilmen «Borat» tok verda med storm og oppfølgaren er allereie sett av fleire titals millionar sjåarar.

– Spelte nokon eg ikkje er

I historia planlegg Borat å gje vekk den 15 år gamle dottera si Tutar til USA sin visepresident, Mike Pence. Han tek difor kontakt med Instagram-profilen Macy Chanel, som skal gi Tutar opplæring i å vere ein «sugar baby», ei ung dame som går ut med ein eldre, rik mann.

Instagram-påverkar Maey Chanel poserer i bikini på ein oppblåsbar flamingo.

FØLER SEG LURT: Macy Chanel trudde ho skulle vere med i ein ny Netflix-serie.

Foto: Skjermdump frå Instagram-kontoen macychanelmay

Chanel oppmodar dottera til Borat til å vere underdanig og svak for å tiltrekke seg menn.

Og når Tutar seier at ho helst vil finne ein mann som snart døyr, er dette svaret ho får frå Instagam-påverkaren:

– Finn nokon som nettopp har hatt hjarteinfarkt.

Chanel seier til IndieWire at ho blei lurt til å spele ei rolle som ikkje reflektera den ho er.

– Eg har arbeida som skodespelar, difor kan eg spele den rolla eg får.

Men Chanel innrømmer at ho ikkje finlas kontrakten for opptaka, før ho signerte den.

Sjokkerte folk forlét settet

Sidan Borat er lett å kjenne att, har Cohen på seg stadig nye forkledningar so folk ikkje skal forstå kven han er. For eksempel i ei av scenene der fleire statistar er samla på eit ball. Der dansar Borat med dottera si Tutar som er 15 år i filmen, men er spelt av 24 år gamle Maria Bakalova.

Borat og Tutar i oppfølgaren til Borat, dansar saman på eit ball.

DRYG SCENE: Då Borat dansa saman med dottera Tutar, blei det for drygt for statistane, som var uvitande om kva dei var med på.

Statistane hadde fått beskjed om at det dei filma under ballet skulle vere med i ein fiksjonsfilm. Ifølgje Variety var det berre dei som ikkje visste kven Sacha Baron Cohen var som fekk vere med.

Under dansen lettar Tutar på kjolen og viser fram eit blodig skritt. Det skal ha fått fleire av gjestane til å forlate opptaket med open munn, fortel Will Davis som hadde møtt opp med den 18 år gamle dottera si. Dei forstod ikkje kva som skjedde og visste ikkje at dei var med å filme ei scene til Borat-oppfølgaren.

Skulda for å lure ei som overlevde holocaust

Etter at Borat ser ein Facebook-post som hevdar at holocaust aldri skjedde, oppsøker han Judith Dim Evans som overlevde holocaust. Ho forsikrar han om at holocaust skjedde og at jødar er gode folk.

Variety skriv at Judith Dim Evans trudde dei laga ein seriøs dokumentar om holocaust. Og ifølgje eit søksmål mot filmselskapet, skulle ho skal ha blitt forferda då ho forstod det slik at filmen skulle håne jødisk kultur og holocaust.

Ifølgje The Independent skal hensikta med denne scena ha vore å kritisere antisemittisme. Altso det motsette av det som stod i søksmålet.

Nettavisa skriv også at Judith Dim Evans blei kjend med kva slags film dette var under innspelinga. Men at arvingane likevel gjekk til søksmål. Eit søksmål som blei avvist.

Då Evans døydde, dedikerte Cohen filmen til ho.

Over er traileren til filmen, der den kontroversielle kasakhstanske journalisten Borat reiser til USA, for å vinne att tilliten til heimlandet sitt etter at han audmjuka dei i den første «Borat» filmen som kom ut i 2006.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.