Hopp til innhold

«Borat» lurte advokaten til Trump

Oppfølgar av filmen Borat er like rundt hjørnet, og Trump sin personlege advokat Rudy Giuliani blei tilsynelatande lurt under skjulte opptak.

Rudy Giuliano rundtlurt av "Borat"

FELLE: Rudy Giuliani gjekk rett i fella til Sacha Baron Cohen i opptak til nye Borat Subsequent Moviefilm. Sjå trailer til den nye filmen nedst i saka.

Foto: AP

Fleire amerikanske medium har publisert eit bilde av Rudy Giuliani på ein hotellsuite saman med skodespelar Maria Bakalova (24).

Bildet viser at Giuliani ligg i senga med handa nedi buksa. Det heile blei fanga på skjult kamera.

Det skal ha skjedd i samband med innspelinga av Borat Subsequent Moviefilm, oppfølgaren til Borat frå 2006.

I tillegg til Trump sin personlege advokat, er Giuliani tidlegare borgermester i New York.

Dottera til Borat i gåve

I den nye filmen speler Bakalova dottera til Borat på 15 år. Ho gir seg ut for å vera ein journalist som skal intervjua Giuliani. Etter intervjuet foreslår ho å gå inn på eit soverom for å ta nokre drinkar.

USA Today skriv at Bakalova tar av mikrofonen til Giuliani, og at Giuliani så legg seg ned i senga og tar handa nedi buksa, tilsynelatande på skrittet.

Ifølge USA Today var plottet at Borat skulle gi dottera si i gåve til advokaten for å visa respekt til Trump. Borat ombestemmer seg igjen, og Sacha Baron Cohen som speler Borat, kjem stormande inn på rommet, kledd i dameundertøy og ein parykk. Giuliano sjølv meiner situasjonen er misforstått.

Ringde politiet

Opptaka skal ha blitt gjort i juli, og saka blei først kjend etter at Giuliani ringde politiet for å rapportera eit innbrot av ein «uvanleg kledd mann». Han siktar til då Cohen kom springande inn på rommet i situasjonen der han meiner han prøvde å fiksa buksa.

– Ein mann kjem springande inn, med eit sprøtt, såkalla transseksuelt antrekk, sa Giuliani til The New York Post.

Han trudde det var eit ran eller liknande, og fortel at han seinare skjøna at det måtte ha vore Sacha Baron Cohen.

– Eg tenkte på alle personane han har lurt tidlegare, og eg følte meg bra, fordi han ikkje klarte å ta meg, sa han.

Han meiner at han ikkje var upassande under noko tidspunkt av intervjuet.

Sjå traileren til den nye filmen:

Kulturstrøm

  • NRK vant pris under Prix Europa

    NRK vant pris for beste digitale medieprosjekt i 2025 under Prix Europa fredag kveld.

    Prosjektet Darcula Exposed avslører flere av bakmennene bak en global meldingssvindel og var et samarbeid med den franske avisen Le Monde og de tyske allmennkringkasterne ARD og BR.

    Pris til NRK for beste digitale medieprosjekt under Prix Europa 2025
    Foto: NRK
  • «Blücher» årets mest sette film – etter bare to uker

    Krigsfilmen «Blücher» er sett av nesten 200.000 kinogjengere på to uker.

    Dermed passerer den «Affeksjonsverdi» som den mest sette kinofilmen i år.

    Totalt er det solgt 197.212 billetter til «Blücher», filmen om det tyske krigsskipet som ble senket i Drøbaksundet 9. april 1940.

    Filmen hadde premiere på norske kinoer 26. september og hadde den best besøkte premierehelgen for en norsk film siden 2021.

    (NTB)

    Bjørn Sundquist, Odin Waage, Daniel Fahre m.fl. poserer for et bilde foran et skilt
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • – Bruker eit samansurium av referansar

    I 2024 var Roc Boyz Noregs mest spelte nasjonale artist på Spotify. No gir dei tre gutane frå Bærum ut sitt fjerde album.

    – «Blueprint» beheld i høgste grad tematikken Roc Boyz har blitt kjende for, noko låtar som «Narco freestyle» og «Drugs N love» gjer klinkande klart, skriv NRK P3s musikkritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    – Tekstane på det nye albumet verkar ikkje som om dei er skrive for å provosere. Men dei er heit openbert skrive for å engasjere og egge opp publikum, om det er i ei stue på heimefest eller i mengda på ein festival, konkluderer ho.

    En gruppe menn i en boksering
    Terningkast 4 Musikk

    «Ikkje skrive for å provosere»

    ANMELDELSE: «Blueprint» av Roc Boyz