Hopp til innhold

Fire Stjernekamp-legender er tilbake: – Håpar berre at eg ikkje «fuckar» opp

I Stjernekamp på laurdag skal Adam Douglas, Ole Børud, Adrian Jørgensen og Kim Rysstad hjelpe kvar sin artist i kampen om semifinaleplass.

Adrian Jørgensen og Carina Dahl

DUETTPARTNARAR: Adrian Jørgensen og Carina Dahl skal synge saman på Stjernekamp.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Det blir eit stjernespekka gjensyn på Stjernekamp denne veka.

Fire tidlegare stjerner kjem tilbake for å synge duett med kvar sin nåverande artist, og dei sparer ikkje på krutet.

Det blir norsk popcountry-duett, canadisk kjærleikssong, gospel-hymne og amerikansk country-duett.

Alexandra Rotan og Adam Douglas ifm Stjernekamp

KJÆRLEIKSSONG: Alexandra Rotan og Adam Douglas skal synge Celine Dions «It's All Coming Back To Me Now».

Bjørn Tomren og Ole Børud i forbindelse med Stjernekamp.

KING OF ROCK'NROLL: Bjørn Tomren og Ole Børud skal opptre med låten «(There'll Be) Peace In The Valley (For Me)» av Elvis Presley.

Adrian Jørgensen og Carina Dahl ifm Stjernekamp

TRENG DÆ NO: Adrian Jørgensen og Carina Dahl har omsett «Need you Now» av Lady A til norsk. Det blir nært på laurdag.

Jorun Stiansen og Kim Rysstad

JACKSON: Jorun Stiansen og Kim Rysstad skal synge den energiske låten «Jackson» av Johnny Cash og June Carter.

Alexandra Rotan har valt han som gjekk sigrande ut av konkurransen i 2017 – sjølvaste Adam Douglas.

– Føler på eit press

Han synest det er stas å vere tilbake.

– Alexandra er heilt rå, og eg er mektig imponert over at ho klarer å levere kvar einaste gong. Dette er rett og slett ei draumeveke for meg, seier han.

Alexandra rotan og Adam Douglas ifm Stjernekamp 2021.

MUSIKKGLEDE: MGP-vinnar Alexandra Rotan og Stjernekamp-vinnar Adam Douglas skal stå på scena saman på laurdag.

Foto: Ulrik Kramer / 2021

Trass i å ha turnert land og strand etter Stjernekamp-sigeren for fire år sidan innrømmer Adam at han slit litt med nervane.

– Eg føler definitivt på eit press på å hjelpe Alexandra vidare.

Dei skal synge «It's All Coming Back To Me Now» av Celine Dion – ein låt som tidlegare har vore covra som ein duett av Meat Loaf og Marion Ravn.

– Med våre stemmer blir det ein heilt ny versjon av låten. Vår største styrke er at vi elskar musikk, så eg håpar musikkgleda vår kan smitte over på publikum, seier Alexandra.

Alexandra Rotan i forbindelse med Stjernekamp

Prøvene: Alexandra Rotan under prøvene tidlegare denne veka.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

– Ei unik greie

Årets store Stjernekamp-overrasking, Bjørn Tomren, har tatt med seg Ole Børud som imponerte stort då han var med i 2018.

– Det blir gøy, og det blir nytt. Eg har vanlegvis gjort duettar med kvinnelege artistar og då i andre settingar. Men dette er ei unik greie, seier Ole.

Det einaste guteparet skal synge «(There'll Be) Peace In The Valley (For Me)» av Elvis Presley.

– Det er ein «gammalskule», gospeltype låt. Ei hymne nærmast, legg han til.

Ole Børud ifm Stjernekamp 2021. Skal synge duett med Bjørn Tomren.

GLER SEG: Ole Børud synest det er koseleg å vere attende på Stjernekamp, og kjenner på ein posivt lada stemning.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Både han og Bjørn framhevar det faktum at dei har to svært forskjellige stemmer.

– Viss det fungerer er det ein styrke. Viss ikkje er det ei svakheit. Det blir spennande å sjå, seier Bjørn.

– Blir spesielt

Carina Dahl har valt å ta med seg sin gode ven, og artist og låtskrivar Adrian Jørgensen.

– Adrian har ei fantastisk fin stemme som eg er veldig glad i. I tillegg ligg det ein tryggleik i å ha med seg ein nær ven.

Adrian enda på fjerdeplass for to år sidan, men skal nå hjelpe Carina med å få semifinaleplassen han sjølv ikkje fekk.

– Eg må seie at det kjennest ut som eit ærefullt oppdrag å vere ein av dei som får kome tilbake igjen for å bidra – i dette tilfellet Carina – som er ein av mine nærmaste venar.

– Det blir spesielt. Eg håpar berre eg ikkje fuckar opp, seier han og humrar.

Adrian Jørgensen og Carina Dahl ifm Stjernekamp 2021

GODE VENAR: Adrian Jørgensen og Carina Dahl kjenner kvarandre godt frå før.

Foto: Ulrik Kramer / NRK

Det blir ikkje fyrste gongen dei syng saman. Dei har blant anna gjort stor suksess med sin trønderversjon av «Despacito» som er seld til platina.

På laurdag skal dei synge «Treng dæ no». Også denne gongen har dei omsett originallåta «Need You Now» av Lady A til norsk.

– Det som er fint med meg og Adrian er at vi har ein god kjemi og er trygge på kvarandre. Det blir så er ektefølt, så eg håpar at det kan kome fram på scena også, seier Carina.

«Vil Jorun synge med meg?»

Jorun skal på scena saman med setesdølen Kim Rysstad som var i finalen for to år sidan.

Han synest det er både spennande og skummelt å vere tilbake, men er glad og overraska over at han vart spurd.

«Hæ? Vil Jorun synge med meg? Veit ho kven eg er?», tenkte Rysstad då Jorun tok kontakt.

Jorun på si side understrekar at ho har følgt med Rysstad lenge.

– Eg hugsar hans deltaking, han er så ekte, så varm og god. I tillegg er han ein utruleg god vokalist.

Saman skal dei synge den ikoniske countrylåten «Jackson» av Johnny Cash og June Carter.

Jorun Stiansen og kim Rysstad ifm Stjernekamp 2021

AGDER: Både Jorun Stiansen og Kim Rysstad er frå Agder og synest det er stas å vere «heime» i lag.

Foto: Helene Amlie / NRK

– Det er ein legendarisk duett med den energien, og den stemninga i låten. Du kan ikkje ikkje vere glad i den låten, seier Jorun.

– Vi er veldig forskjellige i måten vi syng på, og derfor er det så kult at vi gjer denne songen saman, svarer Kim.

– Jorun er så blid, og eg er litt alvorleg av meg. Eg håpar at ho smittar meg litt, legg han til og ler.

Jorun seier at dei har hatt det veldig artig denne veka på grunn av at dei begge har særeigne dialektar.

– Det trur eg publikum vil merke. Vi er ikkje redde for å by kjensler. Det skal bli litt av eit show på laurdag, seier ho.

I tillegg til duett skal artistane framføre joik. Agnete Saba og Emil KArlsen er gjestedommarar denne veka.

Sjå Stjernekamp laurdag kl. 19.50 på NRK 1 og NRK TV.

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.