Hopp til innhold

Britane elskar «falske» festivalar

Dei siste fem åra har billettsalet til festivalar med coverband auka i Storbritannia. Festivalane har blitt eit tilbod for musikkinteresserte som vil ha ei konsertoppleving til ein billeg penge.

The Big Fake Festival

«FALSK»: The Big Fake Festival er ein av dei største festivalane med coverband. Festivalen blir arrangert i slutten av august. Dette er eit bilde av festivalområdet og festivalcampen i fjor.

Foto: Fake Festivals / Facebook

I slutten av juni står namn som The Killers, Janet Jackson og The Cure på scenen under årets Glastonbury-festival.

Medan den litt mindre kjende Glastonbudget-festivalen gjekk av stabelen allereie i slutten av mai.

Der spelte blant andre Antarctic Monkeys, Kins of Leon og Guns2Roses, som er hyllestband til dei meir kjende gruppene Arctic Monkeys, Kings of Leon og Guns N' Roses.

Antarctic Monkeys

TRAVEL SOMMAR: Antarctic Monkeys får ein hektisk sommar med speljobbar på fleire festivalar i Storbritannia. Bandet spelar låtar av den meir kjende gruppa Arctic Monkeys.

Foto: Facebook

I Storbritannia er det no over 30 festivalar der det berre er coverband og hyllestband som står på scenen. Og billettsalet til desse festivalane har auka dei siste fem åra, melder BBC.

Festival på budsjett

På cover-festivalane finn du stort sett dei same fasilitetane som du finn på andre festivalar, som camping, glamping, matbuer og salsbuer.

Men billettprisen gjer dette til eit billegare alternativ for dei som vil oppleve friluftskonsertar, seier Neil Tomlinson i organisasjonen The Entertainment Agents' Association til BBC.

– Prisen er god, i tillegg er dei beste banda av god kvalitet og det er familievennleg.

Fake Festival

HEIDER: Eit lite utval av dei som skal opptre på The Big Fake Festival i august. Talet på billettar til slike festivalar har auka dei siste fem åra, melder BBC.

Foto: fakefestivals.co.uk

Slike festivalar kan også bidra til å halde fansen til dei meir kjende musikkgruppene varme.

– Dersom du elskar The Killers, men dei har ein turnepause, kan du i staden sjå The Killerz som spelar songane du likar, hit etter hit etter hit, seier Tomlinson.

Stjernene gir tilbake

Mange av gruppene som har fått eigne coverband, set pris på heideren desse banda viser. Det er ei ære å få eit coverband, seier Jez Lee som var med å starte opp festivalturneen Fake Fest i Storbritannia.

– Du har ikkje eit namn før du har eit hyllestband. Det er eit slags kompliment.

Han fortel at Kasabian gav eit trommesett til Kazabian for å sikre rett lyd, og Jon Bon Jovi har opptrett med Bon Jovi Experience.

Björn Again

SUKSESS: Australske Björn Again har blitt eitt av verdas største coverband. Sidan slutten av 1980-talet har dei turnert over store delar av verda med sin Abba-hyllest. I år skal dei opne den store Glastonburyfestivalen i England.

Foto: Björn Again / Facebook

Den australske Abba-hyllesta Bjorn Again har spelt saman sidan 1980-talet.

Dei har vakse seg til eit stort og suksessrikt coverband som er kjent over store delar av verda. Björn Ulvaeus og Benny Andersson inviterte dei til å delta i lanseringa av samlealbumet «Abba Gold» i 1992.

I sommar spelar dei på «ekte» festivalar som Glastonbury og Reading.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters