Hopp til innhold

Meir engelsk i språket: – Det er nesten umogeleg å ikkje bruke engelsk

Tim Kristian har vakse opp med å sjå på internasjonale YouTube-stjerner. Det har påverka språket hans.

Sminkør og Youtubar Tim Kristian

Tim Kristian meiner ein verkar meir profesjonell når ein brukar norske ord.

Foto: privat

– På eit tidspunkt snakka eg nesten berre engelsk.

Men under ein samtale med ei veninne tidlegare i år, innsåg Tim Kristian (21) brått at dei snakka meir engelsk enn norsk saman.

– Kvifor snakka vi eigentleg engelsk saman? Vi har norsk som morsmål og bur i Noreg. Det høyrest også merkeleg ut for andre.

Då bestemte Tim seg for å ta eit oppgjer med språket.

– No snakkar eg berre engelsk når eg gløymer meg, og kan til dømes finne på å seie «Oh my gosh».

Det var VG som først snakket med Tim Kristian om at unge bruker mer engelsk.

Sjå heile debatten her.

Lever av sminke

Som skjønnheits-påverkar legg han ut innhald om sminke på sosiale medium og reklamar for diverse produkt. Dei er som oftast frå andre land og har difor engelske namn.

– Då er det lett å halde fram med å snakke engelsk når ein omtalar produkta, forklarer Tim.

Påverkar Tim Kristian reklamerer for krem

Tim Kristian brukar engelsk når han reklamerer for krem på YouTube.

Men dei fleste av dei over hundre tusen følgjarane hans er norske, og somme av dei er berre 9 år gamle og forstår ikkje så godt engelsk. Det tar han no i betraktning når han lagar videoar.

– Det verkar også meir profesjonelt når eg brukar norske ord, forklarer han.

Vi brukar meir engelsk

Engelske ord og uttrykk bli stadig ein større del av kvardagen til nordmenn. På restaurantar får ein engelske menyar og i mange reklamar snik det seg også inn engelske ord.

Det har også blitt ein større del av daglegtalen vår. I juni kunne vi sjå barnehagebarn i Ålesund som snakka engelsk då dei leika.

Fleire av ungane i Gnist barnehage på Hessa i Ålesund brukar engelsk når dei snakkar med kvarandre under i leik.

Fleire av ungane i Gnist barnehage på Hessa i Ålesund brukar engelsk når dei snakkar med kvarandre under i leik.

Og 17-åringen Marta Aspehaug synest at det i mange tilfelle er lettare å uttrykke seg på engelsk enn på norsk.

Då 9-18-åringar fekk spørsmål om kva språk dei brukte i sosiale medium, i forbindelse med Medietilsynet si Barn og medium undersøking i fjor, svara heile 32 prosent at dei brukte mest engelsk.

Og heile seks av ti sa at dei brukte mest engelsk når dei såg på YouTube, spelte og såg på film og TV.

– Norsk språk svekka

Åse Wetås som er direktør i Språkrådet, meiner det er openbert at barn blir betre på engelsk når dei er på sosiale medium og YouTube allereie frå 2-3-års alderen, for der møter dei mykje innhald på engelsk.

– Det er ikkje noko i vegen for at dei blir gode i engelsk. Utfordringa er at det er lite norskspråkleg innhald i spel, på YouTube og i store delar av kulturtilbodet som finst for dei unge, seier Wetås.

Ho meiner mangelen på norsk språk i underhaldninga fører til at det norske språket sin status blir svekka i dei aldersgruppene.

Direktør Åse Wetås i Språkrådet

Åse Wetås, direktør i Språkrådet.

Foto: Moment Studio

– Då opplever dei ikkje at norsk språk er noko ein kan ha det gøy med på fritida når ein speler og er med vener. Det er ikkje noko i vegen for å spele på norsk, men då må det finnast spel som er på norsk.

I Medietilsynet si undersøking frå 2020 kom det fram at 17 prosent av 9-18-åringane som spelar brukar mest norsk når dei spelar og at denne andelen går ned med alderen og er lågast blant 17-18-åringane. Blant dei brukar berre 11 prosent norsk når dei spelar.

Direktøren meiner det er viktig å ikkje skulde på borna for at dei brukar mykje engelsk og påpeiker at engelsk også påverkar språket på universiteta og høgskulane.

I den høgare utdanninga blir nærare 50 prosent av masteroppgåvene no skrivne på engelsk og mykje av undervisninga er også på engelsk.

– Det er viktig at ikkje blir eit språk som ein berre brukar når ein snakkar om det nære, kjære og tradisjonelle, medan alt som omhandlar modernitet. arbeidsliv og kultur og underhaldning er på engelsk. Norsk skal vere i bruk i alle samfunnsområde.

I januar kjem det ei ny språklov, som seier at Norsk skal vere samfunnsberande og vere hovudspråket i Noreg.

Anglifiseringa av det norske språket blir også tema i Debatten klokka 21.20 i kveld på NRK 1.

Engelsk tar mer og mer plass. Naturlig utvikling eller trist utradering av språket vårt?

Engelsk tar mer og mer plass. Naturlig utvikling eller trist utradering av språket vårt?

Kulturstrøm

  • Vónbjørt Vang fra Færøyene får Nordisk råds litteraturpris

    Nordisk råds litteraturpris 2025 tildeles diktsamlingen «Svørt Orkidé» av Vónbjørt Vang fra Færøyene.

    Dette er første gang siden 1986 at litteraturprisen går til en forfatter fra Færøyene.

    – Med sine hudløse dikt og et sterkt visuelt uttrykk har Vónbjørt Vang skapt et verk som utvider moderskapets språk og gir sorgens vesen nye dimensjoner, står det i juryens begrunnelse.

    Også Nordisk råds filmpris gikk til en fra Færøyene. Prisen gikk til færøyske filmen «Seinasta paradís á jørð» av regissøren og manusforfatteren Sakaris Stórá.

    Dag Johan Haugerud var Norges kandidat til Nordisk Råds filmpris for 2025. Hadde han vunnet, så ville han vært den første som vant prisen tre ganger.

    Hver pris er på 300 000 danske kroner og deles ut i forbindelse med Nordisk råds sesjon i Stockholm 28. oktober.

    Bilde av en kvinne med grått hår.
    Foto: Ana Holden-Peters / NRK
  • Skuespiller Jan Frostad er død

    Den bergenske og profilerte skuespilleren Jan Frostad døde i Trondheim etter kort tids sykdom mandag 20. oktober.

    Det melder sønnen hans i en pressemelding.

    I løpet av skuespillerkarrieren har Frostad medvirket i over 150 produksjoner, alt fra teater, radioteater, fjernsynsteateret, film og TV-serier.

    en mann og kvinne som sitter på en sofa
    Foto: Ned Alley / NTB
  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK