Dette treng du:
☺ Ei mjølsikt
☺ Ein rund pinne til skaft
☺ Sølvtape eller streng
Ei mjølsikt kan bli til ein enkel håv. Her viser Harald kor enkelt det kan gjerast. Daniel følgjer med.
Lag til skaft med ein høvelig lang rund pinne. Så festar du mjølsikta til pinnen med ein streng, eller sølvtape. Det kan vera lurt å forma mjølsikta litt, sånn at den er flat framme. Då er det lettare å lura den under både fisk og reker. Når du er ferdig til å bruka håven, kan du enkelt ta den frå kvarandre igjen. Husk å vaska mjølsikta godt og skyl den i rikelig med ferskvatn før du legg den tilbake på kjøkkenet. Saltvatn får ting til å rusta!
Her kan du sjå ein video om korleis du lagar