Hopp til innhold

Trønderrock og strupesong i «Stjernekamp»

I år skal blant anna ein trønderrockar, ein operasongar og ein strupesongar konkurrere om å bli Noregs ultimate entertainer i «Stjernekamp» på NRK.

Stjernekamp 2021 - artistslipp

Årets artistar i «Stjernekamp» frå venstre: Bjørn Tomren, Jorun Stiansen, Kevin Mbugua, Heidi Ruud Ellingsen, Fredrik Domaas, Carina Dahl, Marius Roth Christensen, Anna-Lisa Kumoji, Chand Torsvik og Alexandra Rotan.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

28. august brakar det laus for tiande sesong av NRKs laurdagssatsing «Stjernekamp». I år skal artistane blant anna prøve seg på latino-pop, joik og stadionrock.

I fjor var det Knut Marius Djupvik som imponerte sjåarane mest, og gjekk heilt til topps.

I år har artistane bakgrunn frå eit breitt spekter av sjangrar. Blant sjangrane som er representert er opera, pop og soul.

Årets vinnar blir kåra i slutten av oktober.

Strupesong

Den deltakaren som har erfaring frå flest sjangrar i årets kull er Bjørn Tomren. Han har vore med i ei rekke musikalske prosjekt innan sjangrar som jodling, americana, jazz, elektronika og punk.

Tomren har ikkje sett «Stjernekamp» tidlegare. Han kjem frå Tomrefjord, der også fjorårsvinnar Knut Marius Djupvik kjem frå.

– Eg snakka med Knut Marius, og han sa eg burde vere med i dette programmet. Og han brukar ofte å ha rett. Så her er eg, sa Tomren.

Under presentasjonen demonstrerte han strupesong.

Bjørn Tomren, kjent under navnet «Polkabjørn» i jodle- og polkaduoen Polkabjørn & Kleine Heine, gir oss en smakebit av strupesang.

Bjørn Tomren, kjent under namnet «Polkabjørn» i jodle- og polkaduoen Polkabjørn & Kleine Heine, gir oss ein smakebit av strupesong.

Skal pugge i sommar

Ein annan av dei som skal vere med i årets «Stjernekamp» er Marius Roth Christensen. Han har bakgrunn både frå opera og som gitarist i rockebandet Seigmen. Men sjølv med ei brei bakgrunn, er han spent.

– Dette er skummelt, men eg gler meg. I opera jobbar du inn ei rolle, og i rocken kan eg gøyme meg bak gitaren. Eg føler alt blir nytt her, seier han.

Han skal bruke sommaren på å pugge songtekstar fram mot programstarten i august.

Ein annan som skal delta er Jorun Stiansen, som vann Idol for 16 år sidan. Ho er spent på korleis det blir å delta i programmet ho har følgd sidan starten.

– Eg har vore fan av dette programmet i ni år. Då dei ringde, tenkte eg først at dei hadde ringt feil. Men då dei sa at dei ville ha meg, kjende eg både stoltheit og ærefrykt. Eg veit at dette er noko eg synest er skummelt, men som eg også veit at eg hadde angra resten av livet på om eg hadde takka nei, seier han.

Ho har hatt artistkarrieren på vent dei siste åra, men no er ho klar for å stå på scenen igjen.

Tidligere Idol-vinner Jorun Stiansen var lenge borte fra rampelyset. Nå er hun med i Stjernekamp.

Tidlegare Idol-vinnar Jorun Stiansen var lenge borte frå rampelyset. Nå er ho med i Stjernekamp.

Ny nettserie

Programleiar Kåre Magnus Bergh og programmets faste ekspert Mona B. Riise har vore med sidan «Stjernekamp» gjekk på lufta for første gong hausten 2012.

I august er dei begge klare for sin tiande runde i programmet. Med årets artistar har programmet vist fram 100 artistar i mange sjangrar.

Stjernekamp 2020

Mona B. Riise og Kåre Magnus Bergh er klare for sin tiande sesong med «Stjernekamp».

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

I år skal artistane blant anna få prøve seg i opera, hiphop og joik, som er tilbake etter to års opphald.

Akkurat som i fjor får Riise selskap av to sjangerekspertar som skal vurdere artistane i kvart program.

Stjernekamp 2020

I fjor var det Knut Marius Djupvik som gjekk til topps i «Stjernekamp». 30. oktober får vi vite kven som kan feire sigeren i år.

Foto: Julia Naglestad / NRK

Nytt av året er at det i tillegg til direktesendinga kvar laurdag, også blir laga ein nettserie som følger artistane i kulissane. Desse programma kjem i NRK TV kvar torsdag og søndag.

Kvar laurdag er det også presentasjon av artistane i NRK P1.

Programeksport

«Stjernekamp» er utvikla av produksjonsselskapet Monster og Vibeke Sørlie NRK. Sørlie er glad og stolt over at programmet no skal i gang med ein tiande sesong.

– I dag er det litt julaftan og 17. mai på ein gong. Eg er utruleg stolt over at dette programmet har hatt livets rett i ti år, og at folk har gjeve det livets rett år etter år ved å vere der for dei nye artistane.

Konseptet er også eksportert til utlandet. Finland, Sverige, Russland og Vietnam er blant landa som har laga eigne versjonar av konkurransen.

Du kan sjå heile presentasjonen av artistane her:

Dette er årets deltakarar

Chand Torsvik

  • 38 år, frå Namsos
  • sjanger: rock
Chand Torsvik
Foto: Berit Roald / NTB

Chand Torsvik vann den første sesongen av X Factor på TV 2 i 2009. Etter sigeren toppa han VG-lista med songen «Diamanten», og selde til gull med plata «Kongeriket Norge». Han har turnert Noreg med bandet Chandband. Han gav ut albumet «Eremitten» i 2020, og i vår kom albumet «Viljens kraft», der han tolkar salmar av Joralf Gjerstad.

– Eg er kanskje best kjent for trønderrock, men eg trur nok mange er spent på korleis det blir når eg skal synge opera, seier Torsvik.

Alexandra Rotan

  • 24 år, frå Råholt
  • sjanger: pop
Alexandra Rotan
Foto: Berit Roald / NTB

Alexandra Rotan med i MGPjr 2010 og Idol på TV 2 i 2016. Seinare var ho på turne som vokalist for Alan Walker. Ho deltok i Melodi Grand Prix i 2018 saman med Stella Mwangi. Året etter gjekk ho til topps i konkurransen saman med gruppa Keiino. Dei kom på ein 6.-plass i Eurovision, og var publikums soleklare favorittar. Gruppa var også med i Melodi Grand Prix i år. Då blei dei nummer to.

– Her skal eg kaste meg ut i sjangrar eg aldri har prøvd før. Eg kjenner litt på det, men eg trur dette skal bli veldig gøy, seier ho.

Marius Roth Christensen

  • 49 år, frå Tønsberg
  • sjanger: rock og opera
Marius Roth Christensen
Foto: Berit Roald / NTB

Marius Roth Christensen var gitarist i Seigmen, som gjorde stor suksess på 1990-talet. Bandet blei oppløyst i 1999, men kom saman igjen i 2005, og kjem snart med ny plate. På 2000-talet satsa Christensen på opera, og blei etter kvart fast tilsett ved Den Norske Opera og Ballett. Han gjer også fleire frilansoppdrag, og har vore med i ulike show og førestillingar.

– Det er ein skrekkblanda fryd å vere med. Men trøysta er at vi er i same båt alle saman, så vi må prøve å stå saman. Eg gruar meg litt, men eg trur også det blir kjempegøy, seier han.

Anna-Lisa Kumoji

  • 31 år, frå Asker
  • sjanger: soul
Anna-Lisa Kumoji
Foto: Berit Roald / NTB

Anna-Lisa Kumoji er utdanna ved Bårdarakademiet, og har erfaring som songar, stemmeskodespelar og musikalartist. Ho har blant anna spelt «The Book of Mormon» i København og «Flashdance» i Oslo. I 2019 var ho gullfinalist i Melodi Grand Prix, og kom til finalen i «All Together Now» på TVNorge. Ho var også med i Stjernekamp i fjor, då som korist i husbandet.

– Eg har følgd med på «Stjernekamp» lenge, og tenkt at eg kanskje kunne bli med ein dag. Men plutseleg var den dagen der no. Dette er ein stor draum som har gått i oppfyllelse, seier ho.

Fredrik Domaas

  • 25 år, frå Bergen
  • sjanger: pop
Fredrik Domaas
Foto: Berit Roald / NTB

Fredrik Domaas var tidlegare kjent som Ongelovende, og starta karrieren med å covre låtane til andre artistar. Han var ein del av det første kullet til musikkskulen LIMPI i Lillehammer. Han slo for alvor igjennom i 2020, blant anna med songen «Bli hos meg» og «Selskapssyk», der statsminister Erna Solberg er med som korist.

– Det er sjeldan ein får ein slik sjanse til å vere med så mange flinke folk i ein stor produksjon med sceneshow, og oppleve det å vere artist. Eg trur eg kjem til å vekse stort dersom eg får vere her lenge.

Carina Dahl

  • 35 år, frå Trondheim
  • sjanger: pop
Carina Dahl
Foto: Berit Roald / NTB

Carina Dahl debuterte som artist i 2010 med albumet «Hot Child». Ho har delteke tre gongar i Melodi Grand Prix, i 2011, 2013 og 2019. Ho har gjeve ut to album, to EP-ar og eit tjuetals singlar. Det siste året har ho som einaste kvinne i sjangeren gjeve ut norsk partypop.

– Eg er vant med å vere på ting eg ikkje kan, så dette er eigentleg min arena. Men samtidig ikkje. Vi skal inn i sjangrar eg aldri har vore innom. Så det blir spennande.

Kevin Mbugua

  • 30 år, frå Oslo
  • sjanger: soul og r & b
Kevin Mbugua
Foto: Berit Roald / NTB

Kevin Mbugua starta som dansar i hiphop-miljøet i Oslo, og har blant anna vore koreograf frå Nico & Vinz på turneane deira. Han har også spelt i fleire teaterframsyningar. I tillegg er han låtskrivar og vokalist, og har blant anna har spelt på fleire norske musikkfestivalar.

– Eg gler meg til å prøve ut ulike stilar. Ein kan vekse mykje i å kaste seg ut i stilar ein aldri har sunge før. Det å kunne vere heime å øve på opera opnar ein ny dimensjon for meg.

Heidi Ruud Ellingsen

  • 35 år, frå Narvik
  • sjanger: musikal
Heidi Ruud Ellingsen
Foto: Berit Roald / NTB

Heidi Ruud Ellingsen har hatt fleire store roller på musikal- og teaterscenene dei siste åra. Ho studerte ved Bårdar, og scenedebuterte på Det Norske Teatret. Gjennombrotet fekk ho i musikalen «Singin’ in the Rain» etter at ho vann konkurransen «Drømmerollen» på NRK. Ho har spelt i blant anna «Les Misérables», «Mary Poppins» og «Flashdance».

– Eg har takka nei fleire gongar tidlegare fordi eg har vore livredd for å gjere det. Men i år tenkte eg at livet er for kort til ikkje å vere med på «Stjernekamp».

Bjørn Tomren

  • 40 år. frå Tomrefjord
  • sjanger: jodlar, strupesongar, vise
Bjørn Tomren
Foto: Berit Roald / NTB

Bjørn Tomren er kjent under artistnamnet Polkabjørn i jodle- og polkaduoen Polkabjørn & Kleine Heine. Han har i tillegg vore med i ulike band og konstellasjonar med eit vidt spekter av sjangrar, som viser, strupesong, americana og salmar. I 2019 gav han ut sitt første album under eige namn, «Bad Science Fiction», med god omtale.

– Eg kjenner på ei blanding av ubehag og spenning, og så ser eg fram til at eg skal få synge. Eg vil berre komme i gang.

Jorun Stiansen

  • 37 år, frå Vennesla
  • sjanger: pop og rock
Jorun Stiansen
Foto: Berit Roald / NTB

Jorunn Stiansen vann «Idol» på TV 2 i 2005. Etter det turnerte ho Noreg, gav ut soloalbum og to singlar. Sommarhiten «Unstable», som ho spelte inn saman med Paperboys, låg på VG-lista i 13 veker. Fem av dei på topp. I 2017 deltok ho i «Skal vi danse» på TV 2. No er ho klar for ein ny musikkonkurranse, 16 år etter Idol-sigeren.

– Eg har jobba hardt i mange år for å få kontroll på frykta eg har kjent på rundt det å stå på ei stor scene igjen. Så då «Stjernekamp» ringde, kan eg ikkje takke nei fordi eg er redd. For klarer eg å stå i det, og møte frykta mi, veit eg at eg kjem til å lære mykje nytt.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters