Hopp til innhold
Anmeldelse

Siste sommar med mormor

Lurer du på kvifor barn skal lese dikt, kan du få svar av denne fine boka.

Ruth Lillegraven og omslaget på boka "Badesommar"
Foto: Agnete Brun/Samlaget
Bok

«Badesommar»

Ruth Lillegraven

Illustrert av Mari Kanstad Johnsen

Diktbok for barn

24. april 2023

Samlaget

Det kjem ikkje så uhorveleg mange diktbøker for barn her i landet.

Men nokre er det.

Mange av dei tek opp tradisjonen etter André Bjerke og byr på tøysevers på rim . For er det noko små barn likar, så er det leik med språket, med rytme og gjentakingar.

Andre forfattarar går ein annan veg, som Åse Ombustvedt eller Ruth Lillegraven.

Dei lar enkeltdikta gli over i kvarandre i ei overordna historie. Og historia har gjerne eit filosofisk eller etisk tilsnitt.

Hos Lillegraven skal nokon døy, medan andre lever vidare.

Det er mormor som skal ut av livet og veslebror som er på veg inn i det. Det blir både trist og ikkje trist på ei og same gong.

bror ler og ler

klarar ikkje å slutte

men så blir latter

til hikst, og vips

så grin han

mormor òg ler og grin

om kvarandre

dei er sol og regn

dobbel regnboge

med meg i midten

«Badesommar » av Ruth Lillegraven

Gamal og ny

Tanken på døden kjem att i ulike variantar gjennom heile boka.

På pianoet har mormor russiske dokker, slike som kan settast inn i kvarandre.

når alle står inni kvarandre

ser ein berre den største, slik

du berre ser gamle meg og

ikkje alle dei eg har vore

«Badesommar» av Ruth Lillegraven

Fyrst mot slutten av boka, når mormor fortel om då ho jobba på båt over Atlanterhavet, køyrde motorsykkel gjennom Europa eller stupte frå timeteren, får barnebarnet auge på den vesle jenta og den unge kvinna inni den gamle.

Men det er ikkje berre døden og det som har vore, boka krinsar ikring. Livet er så visst til stades, gjennom alt det spanande veslebror skal oppdage.

Livet byr òg på utfordringar.

Eg-forteljaren, ei jente eller gut i åtte-niårsalderen, kan ikkje symje.

Det kan alle dei andre i klassa. Då hjelper det med ei mormor som har vore konkurransesymjar og noregsmeister!

Bileta forsterkar teksta

Med denne boka følger Lillegraven opp den vakre «Eg er eg er eg er».

Også den boka laga ho saman med illustratøren Mari Kanstad Johnsen. Dei fargemetta, tydelege illustrasjonane hennar underbyggjer dikta, men gjev også rom for lesarane sine eigne assosiasjonar.

Det er ikkje mange illustrasjonar, det kunne godt vore fleire.

Eg likar særskilt godt framsidebiletet, som også er brukt langt bak i boka, når eg-forteljaren endeleg har lært seg å symje og dykkar ned i ei villvakker verd med maneter og sjøgras.

Les også eg er eg er eg er

Ruth Lillegraven

Fast i forma

Om ikkje Lillegraven nyttar fast rim og rytme, leikar ho seg med orda.

Ho er konkret og presis i skildringane sine, men det ligg ofte ei djupare meining under.

Når ho skal understreke noko, eller liksom halde fast ei kjensle, tyr ho til repetisjonar, for liksom å hamre bodskapen inn. Slik var det i «eg er eg er eg er», slik er det også her.

Perspektivet er retta innover. Det er eg som er i sentrum, ikkje du.

Men vi som les, får stor innsikt i kjenslene til eg-forteljaren, og ganske sikkert vil vi kjenne oss sjølv at.

Å opne seg for verda

Boka opnar opp for tankar kring nokre av dei største mysteria i livet:

Kor blir tida av? Og kvifor må vi døy?

Ho tematiserer også, på ein måte som ikkje blir pedagogisk eller terapeutisk, kva meistring har å seie for sjølvkjensla.

Sist, men ikkje minst, leiter ho etter kva kjærleik og venskap er. Kanskje har mormor eit vettig svar?

det er kjærleiken

som gjer livet verdt å leve

får blodet til å flytte seg

i kroppen din og håret til

å vekse på hovudet ditt

kjærleik er raud og luftig

fang han om du kan

men ein god ven er som

perla i elvemuslingen

den som kan bli to

hundre år gamal

ein sånn vil eg ha

seier eg

«Badesommar» av Ruth Lillegraven

Venleg livsfilosofi

Ruth Lillegraven har ikkje svara på alle spørsmåla som unge lesarar kan stille seg.

Men ho har spørsmåla.

Nettopp difor skal barn og unge lese dikt; ikkje for å få ein fasit, men for å bli lokka ut på djupt vatn og lære seg å symje sjølv.

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, og skriv om bøker både for barn og vaksne. Tips til enda fleire gode barnebøker finn du her. Vi oppdaterer alle lesetipsa våre i denne saken.

Kulturstrøm

  • Låter fra Universal Music på vei tilbake til TikTok

    Musikk fra Universal Music vil igjen bli tilgjengelig på videoplattformen TikTok, melder partene i en pressemelding.

    Det skjer etter at partene har blitt enige om en ny lisensavtale.

    Universal Musics musikk har vært borte fra TikTok siden 1. februar i år.

    Universal Music mente den gang at TikTok forsøkte å bygge en musikkbasert virksomhet uten rettferdig betaling for musikken.

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP