Hopp til innhold
Anmeldelse

Vestlandet blir aldri det same etter dette

Erlend O. Nødtvedt har avslørt dei inste sanningar, dei djupaste løgner og dei mest inngrodde mytar om denne landsdelen.

Erlend O. Nødtvedt

Forfattaren Erlend og bildekunstnaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota i Erlend O. Nødtvedts nye roman.

Foto: Oddleiv Apneseth

  • TITTEL: Vestlandet
  • FORFATTAR: Erlend O. Nødtvedt
  • FORLAG: Aschehoug

Eg kan like godt vedgå det først som sist: Under lesinga av denne romanen har eg knegga på mitt vestnorske vis både høgt, lenge og ofte. Dette har eg opptil fleire vitne på, og spørsmålet har vore reist: Er vestlendingar kollektivt inhabile i denne saka? Må det ein austmann til for å vurdere dette verket? Men sidan austmennene kollektivt kjem svært dårleg ut av det i «Vestlandet», ville dette alternativet ikkje løyst noko som helst. Det er berre å gyve laus.

Hemningslaus romantisering av motkulturen

Vestlandet av Erlend Nødtvedt

«Under lesinga av denne romanen har eg knegga på mitt vestnorske vis både høgt, lenge og ofte», skriv Marta Norheim om «Vestlandet».

Vi har her å gjere med ei reservasjonslaus hylling av vestlandet, jo våtare jo betre. Motgang, motstand, motvind, motkultur og motbakkar har herda vestlendingen gjennom tusenåra, og no er tida inne for ei lausriving frå sentralmakta, den instrumentelle oslofornuft og anna elende som kjem austfrå. Denne ideen vert dyrka av den kompromisslause organisasjonen VFF, og på meir anarkistisk, sjarmerande vis av dei to kompisane vi følgjer gjennom romanen.

Forfattaren Erlend og bildekunstnaren og idesprutaren Yngve køyrer vestlandet rundt i ein nikotingul Toyota. Skranglinga frå bagasjerommet kjem frå eit breitt spekter av drikkevarer på flasker, dunkar og boksar, og dessutan frå ein hovudskalle; eit kranium dei har handstole frå fienden og på eige initiativ teke på seg å føre til Lærdal der skallen høyrer heime.

Hysterisk heisatur gjennom språk og landskap

Historia er like krokete som ein gjennomsnittleg vestlandsveg og skal ikkje rettast ut i lineær tekst her heller. Men tilbakeføringa av skallen til vegbyggjaren, opprøraren og vestlandsmartyren Anders Lysne skal vere med på å «vekke Vestlandets slumrende ånd».

Skallen er ikkje tilfeldig valt: Lysne kjempa mot militærteneste for lærdølene; dei hadde fritak mot å halde vegen over fjellet i stand, men sentralmakta skreiv dei ut, Lysne protesterte og vart halshogd.

Oppvekkingsprosjektet er like diffust som det er vidløftig, turen er overstadig fuktig både i bokstavleg og overført meining, dei skjenar langs halvt utrasa bygdevegar, til tider med ei stramt stinkande geit i baksetet, dei eksellerer i ytterkantane av språket der dei finn så vel forbløffande nyskapingar som gammal, halvgløymt bygdevisdom, dei balanserer på kanten av lova og deiser oftast ned på feil side men landar likevel, som ved eit under, på beina. Dei oppsøkjer, eller meir presist, trengjer seg på levande og daude kulturpersonar, vestnorske, naturlegvis.

Spøk til side

Det er ingen god ide å gjere Vestlandet til ein eigen stat. Det er ikkje bra å promillekøyre. Sjølv om du betalar bota på førehand, er det ikkje utan vidare greitt å røykje på røykfrie hotellrom. Det er ikkje bra å bryte seg inn i kjellarane til åndshovdingar og rappe sideren deira, dette gjeld sjølv om ein beundrar eigaren av huset og sideren. Om du knuser ein monter for å rappe ein hovudskalle, må du ha ein svært god grunn. Og baksetet på ein personbil høver ikkje for geitetransport.

Såleis er «Vestlandet» ein roman som eksponerer lesaren for lovbrot og umoral, slikt som slett ikkje vert teke lett på i vide krinsar av det reelt eksisterande vestlandet. Men her er vi på baksida, i mytologien og i teksten til ein av landets mest originale forfattarar. Og som alle mytar inneheld desse noko som ein godt kan tenkje over.

«Vestlandet» er ei feiring av det som ikkje finst, men som kanskje nesten har eksistert, i alle fall som visjonar eller som skrøner i godt lag. At forfattaren så tydeleg skriv frå ein bergensk vinkel same kor djupt han dykkar i bygdelaga, skal ikkje brukast mot han. Romanen er rein fest og sælebot for vestlendingar, kanskje også for austlendingar som er i stand til å trengje gjennom den fiendtlege retorikken og sjå kvar for herlegdomar som kanskje nesten finst på andre sida av langfjella.

  • Fleire meldingar frå NRK:
Torgrim Eggen Forbindelsen

«Forbindelsen. Jensen vs. Cappelen, 16 tonn hasj og vår tids største politiskandale» av Torgrim Eggen: Torgrim Eggen har skrudd sammen nok en fortelling om norgeshistoriens mest oppblåste kriminalsak.

Skamløs

«Skamløs» av Nancy Herz, Amina Bile og Sofia Nesrine Srour: «Skamløs» drar feminismen inn i nye nabolag, og lar alle oss andre være med på lasset.

Blå av Maja Lunde
Foto: Aschehoug

«Blå» av Maja Lunde: Maja Lundes «Blå» skal få oss til å kjempe mot klimakrisa. Romanen demonstrerer både styrken i og problemet med å gje litteraturen eit så tydeleg mål.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters