Hopp til innhold

Her er fem høgdepunkt av A. O. Vinje

Du hugsar sikkert bildet av Aasmund Olavsson Vinje frå 50-kronesetelen inntil 2008. Men veit du kva han skreiv? Her er noko av det beste frå det allsidige forfattarskapet.

A. O. Vinje

Journalisten, lyrikaren og samfunnsrefsaren Aasmund Olavsson Vinje var blant anna ein føregangsmann innen den norske journalistikken. 200-årsdagen hans vert feira i 2018.

Foto: Claus Knudsen / Wikimedia Commons

I år er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Om ein ser gjennom den gamle rettskrivinga, er mykje av det han har skrive forbløffande friskt.

Vinje er den einaste journalisten i den norske litteraturkanon, berykta for kvass penn, satirisk brodd og lystig mangel på respekt for autoritetar:

Han las Ibsens «Brand» som satire, samanlikna tyske filosofar med geita og raljerte over dumskapen der han fann den, anten det var hjå småbønder eller embetsmenn.

Men han hadde også ei lyrisk åre. Fem utvalte frå denne 200-åringen må ha med rørande dikt, ein satirisk aviskommentar og naturlegvis eit par essay.

1. «Den dag kjem aldri»

Diktet «Den dag kjem aldri» stod først på trykk i Vinjes eiga vekeavis, Dølen, og kom sidan ut i diktsamlinga «Storegut» i 1866. Det er gjort fleire song-innspelingar av diktet.

Den som ikkje kjenner det røskar i hjarterøtene når dei les dette diktet, har aldri hatt kjærleikssorg. Diktet står å lese i det tematiske diktverket «Storegut» der det strengt tatt ikkje passar inn, men slikt heva den gode Aasmund seg over. Hans metode var essayistisk og assosiativ. Vakkert er det, uansett.

Den Dag kjem aldri at eg deg gløymer,
for um eg søver, eg um deg drøymer.

Utdrag frå «Den dag kjem aldri»
  • Les heile diktet på Ivar Aasen-senterets nettsider her

2. «Blaamann, Blaamann, Bukken min»

Vinje kommune-flagg fra 1990

Geita er med på kommune-flagget frå Vinje.

Foto: Arvid Sveen/Riksarkivet

Den som ikkje kjenner den snikande uroa i dette diktet, har aldri vore redd for at bjørnen skal drepe yndlingsbukken deira. Også dei som aldri har hatt ei geit, vil kunne leve seg inn i stemninga.

Vinje meinte elles at barn hadde godt av klatre rundt med dei smarte geitene, som både er akrobatiske, artistiske, romantiske og altså filosofiske. Om ein slår opp diktet i bladet Dølen, får ein bakomhistoria med på kjøpet. Der avsluttar det nemleg teksten «Gjeiti». Lettast å finne i «Skrifter i samling, band 2».

Inkje enno «Blaamann» min,
maa du døy fraa Guten din.

Utdrag frå «Blaamann, Blaamann, Bukken min»
  • Les heile «Blaamann, Blaamann, Bukken min» her

3. «Jarnvegen» frå samlinga «Ferdaminni»

Ferdaminni

«Ferdaminni» av A. O. Vinje.

Foto: Nasjonalbiblioteket

Vinje er kjent for sine levande reiseskildringar. «Ferdaminni fraa Sumaren 1860» kom ut i 1861. Boka er ei samling reiseskildringar frå turen han tok frå Christiania til Trondheim og tilbake, i samband med kroninga av kong Karl 4. i 1860. Tekstane er små artiklar om jordbruk, seterbruk, folkeliv og levesett. Dei er kåserande i forma.

Vinje elska jernbanen og kjem stadig tilbake til dette framsteget som gjer at verken folk eller hestar treng å slite seg ut. Her kan ein nyte utsikta mens ein sit der og let den velsigna dampmaskina gjere jobben. Ein stor siger for menneskeleg skaparevne ifølgje forfattaren, som opna «Ferdaminni fraa sumaren 1860» med ei skildring av dette nye vedunderet. Aller først i «Ferdaminni» står likevel diktet «Fraa Byen det berer» der han legg hovudstaden bak seg med orda: «Der fann eg dei beste, der lærde eg mest.» By og land, hand i hand.

Han er ikki lyft upp fraa Jordi, men gjenger som all sann Diktning gjenom det livande Liv, og straar Blomar rund ikring seg.

Utdrag frå «Jarnvegen»
  • Les heile teksten om «Jarnvegen» her.

4. «Malene fraa Foldalen»

I 1860 går dølen Vinje frå Christiania til Trondheim for å sjå kroninga av Karl 4. Langs vegen møter han blant anna Malene, ei 75 år gammal «jente» som lever på snus og kaffi. Han samtalar med ho om nytingsmiddel og tapt kjærleik, og om kjærasten hennar som braut med henne då kua hennar braut foten – men aller mest om den ville naturen som Malene synst er stygg.

Vinje elska naturen, vi snakkar om mannen bak namnet Jotunheimen, og det er lett å forstå at han har ei høg stjerne i Den norske turistforening. Idehistorie, kulturhistorie og levande dialogar i fin flyt.

...den som hever set Runden og Snjo og Kveldsol so lengi som eg, kan vel vera leid av alt slikt.

Utdrag frå «Malene fraa Foldalen»
  • Les heile «Malene fraa Foldalen» her

5. Korrespondentbrev frå hovudstaden: Kritikarslakt

Nytt av året er ei samling av aviskommentarane til Vinje. «Korrespondentbrev til Drammens Tidende 1851–1859» finst digitalt på bokselskap.no. Det ville teknologioptimisten Vinje ha likt! Mykje snadder, om plagiat, ekstremt langvarige graveprosjekt i hovudstadsgatene, ukloke og maktkåte maktmenneske, og ja, jernbanen, så klart.

I korrespondentbrevet som blei trykt 28. november 1852, slaktar Vinje poeten Andreas Munch si diktsamling «Sorg og trøst». Vinje tek heit kraftfullt oppgjer med den gråtkvelte poesien. Den ekte poeten «græder ikke selv, men faar andre til at græde». Og korleis skulle det gått her i verda, om einkvar enkemann skulde «sende ud i Verden en taareperse af daarlige Rim og dagligdagse Tanker?» Sei det.

Skulde enhver Enkemand sende ud i Verden en Taareperse af daarlige Rim og dagligdagse Tanker, skjønner jeg ikke vel, hvad Enden skulde blive

Utdrag frå A. O. Vinje sitt korrespontentbrev frå 1852
  • Les heile korrespondentbrevet der Vinje slaktar Andreas Munchs diktsamling her
  • Gull frå arkivet:

Prestegården i Lom i Gudbrandsdalen

Filmprogrammet Med Vinje til Jotunheimen (sendt i 1962).

Til Jotunheimen for å lære seg engelsk. Året etter Ferdaminni-turen drog Vinje til Jotunheimen, som det var han som fyst kalla dette fjellområdet for. På slutten av 1800-tallet var det mest vitskapsfolk, kunstnarar og velståande engelskmenn og nordmenn som drog hit. Vinje tok blant anna inn på prestegarden i Lom i Gudbrandsdalen. (bildet)

Rondane. Vinje gjekk også i Rondane. Professor Olav Midttun fortel kva Vinje tenkte då han gjekk her, i dette filmprogrammet frå 1964.

  • Anbefalt lesing

Linda Eide

– Eg trur ikkje folk hadde slått av om han hadde hatt eit snakkeshow på TV i dag, seier Linda Eide frå Språksjov på NRK.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Linda feirar ein inspirerande 200-åring. Språksjov-programleiaren er imponert over Aasmund Olavsson Vinje. Han kunne både opplyse og underhalde. Les saken

Høyr podkast: Litteraturprogrammet Åpen Bok om Vinje som nynorskmann og journalist:

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters