NRK Meny
Normal

"Vivan Seving etc" er ei blass historie

Ari Behns nye roman har vore ein snakkis lenge, ikkje minst takka vere forfattaren sjølv som har antyda i media at her skal det kome sterke saker. Lest opp mot denne bakgrunnen er ”Vivian Seving etc" ein forunderleg blass affære.

Ari Behn
Foto: Gyldendal Forlag

Vivian Seving etc., av Ari Behn

Vivian Seving etc, Ari Behn, Gyldendal, 2009

Foto: Gyldendal

Opplegget er elles fargerikt nok: skilsmissebarnet Kai Seving frå Moss kjønnsopererer seg og tek namnet Vivian, blir skodespelar og deretter prinsesse når ho gifter seg med prins Franz av Freiburg. Når den homofile prinsen døyr av aids, dreg ho tilbake til røtene og hamnar inn i eit ellevilt norsk realitysirkus før historia endar -nokså overraskande- på eit asylmottak.

Her er så mykje av drama og forviklingar at ein John Irving eller ein Salman Rushdie lett kunne ha kome opp med ein 500-siders murstein bygd på desse ingrediensane. I staden er det blitt ein 150 sider lang tekst som ikkje heilt veit kva den vil. Som i romanen ”Entusiasme og raseri” frå 2006 er det også her ein sviende kritikk av dei mest lurvete sidene ved mediesamfunnet, og ei skildring av korleis det kjennest å vere utlevert til denne horden av dumme, men likevel utspekulerte medienissar, bli tolka og mistenkeleggjort utan å kunne ta igjen.

Ikkje i toppsjiktet

Det store spørsmålet i forkant har vore om dette er ein nøkkelroman: Er Vivian frå Moss ein variant av Ari frå Moss, for eksempel? Spørsmålet er like interessant som å lure på om den namnlause i ”Sult” er Hamsun eller om Ask Burlefot er Agnar Mykle. Utan samanlikning for øvrig som det heiter, for Behn skriv seg ikkje inn i toppsjiktet av norsk skjønnlitteratur med denne romanen.

Og for dei som ikkje allereie har fått det med seg: Han er med, den tidlegare soussjefen ved slottet. Og han får nokså nøyaktig den same kritikken som Behn har gått ut med i avisene tidlegare. Den som har glede av slikt kan nok også finne trekk frå andre personar som er kjent frå presse og kringkasting, men skandalefaktoren her er låg. Den som sutrar offentleg over skildringa av nokon som liknar på dei i denne boka, er pyser.

Tja - sprikande

Ingen skandaler her, og då står berre den litterære dommen tilbake: Er dette ein sterk, viktig, velskriven, tankevekkande og/eller underhaldande roman? Svaret er dessverre tja. Her finst gode formuleringar og passasjar der det svingar, men den stakkars Vivian må gå så mange ærend i løpet av den korte teksten at det heile verkar sprikande. Truleg er identitet eit nøkkelord i Vivian Seving etc. Og identitetsforvirring i medie- og konsumsamfunnet er eit godt tema som det fint går an å skrive om utan å spele på det potensielt skandaløse ved nøkkelromanen.

Les flere saker om LITTERATUR

Følg NRKbok på Twitter