Hopp til innhold

– Dei aller fleste likar papir betre enn Kindle

Det store kvefsebolet i norsk bokbransje heiter e-bok. I dag lanserte Nasjonalbiblioteket nytt forslag til utlånsmodell for elektroniske bøker.

Aslak Sira Myhre

Direktør i Nasjonalbiblioteket, Aslak Sira Myhre, meiner vi ikkje treng å frykte at det same skal skje med bokbransjen som med musikkbransjen og filmindustrien.

Foto: Thomas Wiborg / NRK

– E-bok er den tingen det blir krangla mest om, men som framleis berre utgjer to prosent av den totale bokmarknaden, seier Aslak Sira Myhre idet han gjer seg klar for å framlegge forslag til ny modell for utlån av e-bøker.

Heile presentasjonen og intervju med Aslak Sira Myhre kan du sjå her:

Den nye modellen

Med den nye modellen vil fleire e-bøker bli tilgjengelege, uansett kvar i landet ein bur. Det vil likevel berre vere mogleg for biblioteket å låne ut ein tittel, ti gongar per lisens, og berre til ein kunde av gongen.

Etter at boka har blitt eldre enn to år vil bøkene bli tilgjengelige for alle, då betalar biblioteka ei avgift til forlaga for kvar gong boka blir lånt ut.

No er debatten allereie i full gang på sosiale medium og Harald Groven hadde denne kommentaren til den nye utlånsmodellen:

No er låta eg skal høyre på i Spotify utlånt og eg må vente til låta er innlevert.

Harald Groven / @kongharald

– Viktig med ventelister

Forfattar Anne Oterholm seier ho ikkje er redd for e-bøker, men poengterer at ventelister for e-bøker i biblioteka er svært viktig.

Anne Oterholm

Forfattar Anne Oterholm låner ofte e-bøker på biblioteket, men seier avgrensa tilgang er viktig for at ho skal kunne leve av å vere forfattar.

Foto: Hilde Bjørnskau / NRK

– Som forfattar må eg kunne ha moglegheit til inntekt, og om det ikkje er ventelister på biblioteket, så har eg ikkje det lenger. Om ein skal få tilgang til alt ein vil ha heile tida, kvifor skal ein kjøpe det da? Eg ville ikkje ha gjort det.

Fryktar ikkje same lagnad som film og musikk

Aslak Sira Myhre seier mange forfattarar har frykta det same kan skje med bokbransjen som skjedde med musikkbransjen og filmindustrien.

– Når ein ser at musikarane ikkje lenger har inntekter frå sal av musikk, men berre frå konsertar, så er det ikkje like lett for ein forfattar å sjå for seg å leve av å lese høgt.

Sira Myhre meiner likevel at det finst gode grunnar til ikkje å frykte at bøker skal lide same lagnad som film og musikk.

– Film og musikk er både spelt inn og avlest digitalt. Den analoge bæraren, altså cd-en og dvd-en var berre eit fysisk mellomledd mellom to digitale prosessar. Boka blir kanskje laga digitalt, men den blir avlest fysisk. I overgongen til det digitale må ein altså prøve å finne opp ein digital lesar, men all erfaring viser at dei aller fleste likar papir betre enn Kindle, seier Sira Myhre.

Laster Twitter-innhold

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.