Hopp til innhold

Bodkrig om den neste James Bond-filmen

Fem filmstudio har kasta seg inn i kampen om å få rettane til den neste filmen om MI6-agent «007», etter at kontrakten med Sony gjekk ut i 2015.

«Spectre» er den førebels siste filmen i James Bond-serien. No forhandlar dei som eig opphavsretten til serien om kven som skal lage den neste filmen.

James Bond-filmane er ein av dei mest utbytterike filmseriane gjennom tidene. Og no er bodkrigen for å få gi ut den neste filmen i serien i gang, skriv New York Times.

Det er Sony Motion Pictures som har hatt rettane det siste tiåret. Dei fire filmane dei hadde ansvaret for, spelte inn nesten 30 milliardar kroner på verdsbasis. Men kontrakten med dei to selskapa som eig opphavsretten til serien, MGM og Eon Productions, gjekk ut i 2015.

Gjer seg lekre

BRITAIN-ENTERTAINMENT-CINEMA-BOND-SKYFALL

Filmprodusentane Barbara Broccoli og Michael G. Wilson i Eon Productions er dei mektigaste i Bond-serien. Dei har siste ord i alt frå filmdialogar, rolleliste til marknadsføring og reklame.

Foto: CARL COURT / Afp

Fem filmselskap kjempar no om å få kontrakten om å gi ut den neste filmen i serien. I tillegg til Sony, skal storselskapa Warner Bros, Universal Pictures, 20th Centruy Fox og det noko mindre Annapurna vere med i bodkrigen.

Dei har hatt fleire møter med dei som eig opphavsrettane for å gjere seg lekre og presentere korleis dei vil marknadsføre den neste James Bond-filmen. Den neste kontrakten skal gjelde for berre ein film, i motsetning til den førre avtalen som var for fire filmar.

I samband med produksjonen av «Spectre» skal Sony ha bidrege med om lag halvparten av produksjonskostnadane, som var på over to milliardar kroner, men fekk berre ein fjerdepart av overskotet tilbake.

Men sjølv om ein prosentvis bidreg med meir enn ein får tilbake, er James Bond rekna som ei rimeleg sikker investering. Alle filmane i serien har spelt inn langt meir enn det har kosta å lage dei.

Uavklart rolleliste

UN People Daniel Craig Mines Daniel Craig

Daniel Craig har spelt James Bond i fire filmar så langt, og har sagt han er ferdig med rolla. Men produsentane håper å få han med ein femte gong.

Foto: Rebecca Blackwell / Ap

Rollelista skal ikkje ha vore eit samtaletema i forhandlingane, ifølge New York Times. Men Daniel Craig har tidlegare sagt at han er ferdig med rolla. Han skal ha fått eit svært godt tilbod for å spele Bond i ein film til. Og meldingar frå tidlegare denne månaden, kan tyde på at han er på gli.

Craig har hatt rolla som agent «007» i over 4000 dagar. Det er nest lengst. Berre Sir Roger Moore har hatt rolla lenger. Han var Bond i 5118 dagar. Men skulle Craig likevel takke nei, er lista over moglege erstattarar lang. Mange har teke til orde for å fornye Bond-figuren. Blant forslaga er å gi agenten afrikansk eller asiatisk opphav, eller gjere han om til kvinne.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters