Hopp til innhold

NRK-serie brukar intimitetskoordinator: – Det var nødvendig

NRK-serien «Lik meg» er blant dei fyrste i norsk TV-bransje til å bruke intimitetskoordinator. – Fornuftig, meiner forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund.

Ein gut og ei jente på eit pikerom ser mot kamera og smiler

Hauk Hellestveit Hannemann og Ebba Lindgren er skodespelarar i sesong 6 av NRK-serien «Lik meg».

Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Eg trur det var nødvendig. Eg trur det gjorde at vi begge følte oss veldig trygge på sett.

Det seier 16 år gamle Ebba Lindgren. Ho og 15 år gamle Hauk Hellestveit Hannemann spelar Sofie og Leo i NRK-serien «Lik meg».

I den nye sesongen møter Sofie og Leo kvarandre på fest, og dei har sex for fyrste gong.

Bakgrunnen for sesongen er seksuell debut, og serien vil gjerne vise kor kleint og einsamt det kan vere – i sterk kontrast til det barn og unge ser i porno.

Mange ungdommar lærer om sex frå porno. Vi meinte det var viktig å vise korleis det er å ha sex for fyrste gong på ein meir realistisk måte, seier manusforfattar og regissør Anne Wisløff.

Ei kvinne og ei tenåringsjente sit på eit fargerikt pikerom og smiler.
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

Avanserte sexscener

Det var i den forbindelse at produksjonen valde å hente inn ein intimitetskoordinator frå Sverige for å gjere dei unge skodespelarane trygge og komfortable nok til å gjennomføre ei slik scene.

Ifølge intimitetskoordinator Malin B. Erikson er «Lik meg»-produksjonen blant dei fyrste i Noreg til å bruke intimitetskoordinator.

– Eg tenker at det er nødvendig at det fanst ein koordinator på denne produksjonen med tanke på at skodespelarane er såpass unge, seier ho.

Intimitetskoordinator

Malin B. Erikson er intimitetskoordinator. Ho meiner «Lik meg» bør ha ros for å vere blant dei fyrste til å bruke intimitetskoordinator i Noreg.

Foto: Riksteatern

Ebba og Hauk var berre 15 år gamle under innspelinga.

– I tillegg til at dei er svært unge, var det også avanserte sexscener som skulle spelast ut. Nettopp fordi det skal handle om kor kleint det kan vere, fortel Wisløff.

– For å trygge både dei og meg var det viktig å ha ein intimitetskoordinator som kunne ta seg av grensesetjing og spørsmål rundt nakenheit. På den måten kunne eg fokusere på spelet deira, kjenslene i scena og det tekniske rundt, legg ho til.

– Vi var sjokka

Ifølgje skodespelarane kan ein slik scene putte deg i ein sårbar posisjon, noko Lindgren og Hellestveit kjente på allereie fyrste gong dei las manuset.

Eg trur vi vart litt sjokka begge to. Eg kjente på mange følelsar, og var spent på korleis det kom til å kjennest ut å bli eksponert på den måten.

Ebba Lindgren
Ei jente sit i ei seng og ser mot kamera og smiler.

Også Hauk var spent og nervøs, og tenkte mykje på scena dei skulle spele inn.

– Vi er unge, og det er få ungdomsseriar som går så i dybda på sex.

Saman med intimitetskoordinator Malin B. Erikson vart dei trygge på kva dei skulle gjere. Dei hadde fleire samtaler på førehand for å finne ut kva dei var komfortable med og ikkje.

Dei gjennomførte ei simulert sexscene, men koreografien var lagt opp slik at sexscena skulle sjå mest mogleg ekte ut. Samtidig varetok den skodespelarane.

Det handla mykje om planlegging, og det å vere sikre. Ho var der for å hjelpe oss å seie frå kvar våre grenser går.

Ein gut med kort hår smiler mot kamera.

Omdiskutert rolle

Det å bruke intimitetskoordinator har vore omdiskutert. Enkelte regissørar meiner ein slik koordinator undergrev deira rolle.

Sjølv om det blir meir og meir vanleg i internasjonale produksjonar, som for eksempel i serien Bridgerton, heng Norden etter.

Malin B. Erikson trur at mykje av skepsisen handlar om at ein ikkje veit eller forstår kva ein intimitetskoordinator er.

Vi er der for å hjelpe regissøren å oppfylle sin visjon, men også sjå til at det skjer innanfor skodespelarane sine grenser. Eg har aldri fått negative tilbakemeldingar frå regissørar, opplyser ho.

Vinn-vinn-situasjon

Ho får støtte frå Knut Alfsen. Han er forbundsleiar i Norsk Skuespillerforbund.

Ein eldre mann med kort hår sei kamera med nøytralt smil.
Foto: Oda Elise Svelstad / NRK

– Skal ein lage ein eksplosjon på eit filmsett brukar du ein pyroteknikar utan å tenke på det som ei fornærming mot regissøren.

– Å ha ein som kan fokusere på det intime, medan regissøren kan fokusere på det filmtekniske er ein vinn-vinn-situasjon. Derfor forstår eg ikkje heilt motstanden.

Han synest det var ein god idé av NRK å bruke intimitetskoordinator.

– Eg meiner det er fornuftig. Når skodespelarane er såpass unge, er det spesielt viktig at dei får hjelp til å uttrykke kvar dei set grenser.

Anbefaler til andre

Manusforfattar og regissør Anne Wisløff anbefaler andre i bransjen å bruke koordinator viss dei har unge skodespelarar med.

Elles ville eg ha spurt skodespelarane som skal delta i desse scenene. For det handlar om at skodespelarane skal føle seg trygge.

Ebba Lindgren og Hauk Hannemann stemmer i.

Det er framleis ein veldig vanskeleg jobb å utføre slike scener. Ein koordinator kan vere nødvendig for dei fleste, spesielt når ein er ung, seier Hauk.

Ein gut og ei jente står mot kvarandre og stirrer kvarandre intenst i augo. På bildet står teksten "Lik meg" da dette er sesongplakaten til serien Lik meg.

Årets sesong av Lik meg handlar blant anna om seksuell debut. Hauk Hellestveit Hannemann og Ebba Lindgren speler hovudrollene Leo og Sofie.

Foto: NRK

Kulturstrøm

  • TMZ: Limp Bizkit-bassist Sam Rivers er død

    Limp Bizkit-bassisten Sam Rivers er død, skriver TMZ.

    Han ble 48 år. TMZ viser til en post på bandets offisielle Instagram-konto.

    – I dag mistet vi vår bror. Vår bandkamerat. Vårt hjerte, skriver bandet.

    Det amerikanske bandet ble i september presentert som et av de store på festivalen Tons of Rock i 2026 i Oslo. De har aldri spilt i Norge før.

    Rivers var med å starte bandet, kjent for «Break Stuff», «Rollin’» og «Nookie» på 90-tallet, men forlot det i 2015. Årsaken var en leversykdom forårsaket av mye alkohol. Etter en levertransplantasjon kom han tilbake tre år etterpå.

    Dødsårsaken er ikke kjent.

    en mann som spiller gitar foran en folkemengde
    Foto: Yalonda M. James / AP / NTB
  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka