Hopp til innhold

Beyoncé stal pauseshowet under Super Bowl

Det er Beyoncé som får mest merksemd etter pauseshowet under Super Bowl. Medan britiske Coldplay får gjennomgå i amerikansk media.

NFL-SUPERBOWL/ Beyonce, Martin and Mars perform during the half-time show at the NFL's Super Bowl 50 between the Carolina Panthers and the Denver Broncos in Santa Clara
Foto: LUCY NICHOLSON / Reuters

Meisterskapsfinalen i amerikansk fotball, Super Bowl, er eitt av dei store tv-høgdepunkta i USA. I fjor såg over 110 millionar amerikanarar finalen.

Men for mange er pauseunderhaldninga eit vel så stort trekkplaster som sporten. Som oftast er det ein minikonsert med nokre av dei største stjernene i verda.

– Super Bowl er til for Beyoncé

NFL-SUPERBOWL/ Bruno Mars performs during half-time at the NFL's Super Bowl 50 football game between the Carolina Panthers and the Denver Broncos in Santa Clara

Bruno Mars framførte hitten 'Uptown Funk' under Super Bowl.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

I år var det Coldplay, Bruno Mars og Beyoncé som var plukka ut. Men det var sistnemnde som stal showet. Ho brukte pausen til å framføre den nye singelen «Formation» som ho slapp laurdag.

New York Times skriv at ho er den einaste artisten som kan bruke Super Bowl til å presentere nytt materiale.

– Super Bowl er kanskje den største scenen i landet. Ho annonserte også ein ny verdsturne under framføringa. Ved å gjere dette seier ho eigentleg at pauseshowet er til for henne og ikkje omvendt.

Coldplay får gjennomgå

NFL-SUPERBOWL/ Chris Martin, lead singer of Coldplay performs during the half-time show at the NFL's Super Bowl 50 between the Carolina Panthers and the Denver Broncos in Santa Clara

Amerikanske aviser er ikkje nådige mot Chris Martin og Coldplay etter Super Bowl.

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

Det var Coldplay som skulle vere hovudartisten i pausen. Men dei var ifølge New York Times grå og kjedelege, og fungerte mest som eit backingband.

Også i Vanity Fair får den britiske popgruppa gjennomgå.

– Frontfigur Chris Martin har på seg eit antrekk som ser ut som om har vore med i ein paintballkamp. Og du merkar at publikum er rastlause fordi dei veit at ein annan artist (Beyoncé) ventar i kulissane.

Magasinet Rolling Stone er derimot litt meir venleg innstilt overfor Coldplay. Dei skriv at bandet leverte eit godt show, godt hjelpte av Beyoncé og Bruno Mars.

– Coldplay gjorde det dei kan best – leverte ein oppløftande stadionkonsert.

Ekskona til Chris Martin, Gwyneth Paltrow, var også til stades på stadion. Ho var på kampen saman med dottera Apple. På sosiale medium publiserte Paltrow eit bilde av Apple saman med dottera til Beyoncé og Jay-Z, Ivy Blue, teke bak scenen:

Blant artistane som har vore med i pauseshowet tidlegare finn vi Prince, Madonna, Bruce Springsteen og Whitney Houston.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters