Beste MGP-finale sidan 2010

Laurdag såg over 1,3 millionar nordmenn MGP-finalen. Det er dei beste sjåartala sidan 2010.

Melodi Grand Prix

Mange skrudde på for å få med seg at Agnete vann finalen i Melodi Grand Prix.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

Agnete vann overlegent med «Icebreaker» under Melodi Grand Prix-finalen laurdag kveld. Og det fekk over 1,3 millionar med seg. Og med ein sjåardel på 71 prosent er prosjektleiar Stig Karlsen godt nøgd.

– Det er heilt fantastisk. Vi har nådd målet vårt om å lage folkefest, og sjåartala både i fjor og i år viser at Melodi Grand Prix lever i beste velgåande.

Vi må tilbake til 2010 for å finne betre sjåartal enn dei som var i helga. Då såg nesten 1,4 millionar på finalen. Og finalen i 2009, då Alexander Rybak vann med «Fairytale», er den mest sette finalen i moderne MGP-historie med 1,5 millionar sjåarar.

– Heilt vilt

Jan Fredrik Karlsen

Jan Fredrik Karlsen har grunn til å glise breitt etter den første MGP-finalen som musikkansvarleg.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Også Jan Fredrik Karlsen, som hadde første år som musikkansvarleg, er godt nøgd med sjåartala laurdag kveld.

– Dette er heilt vilt. Eg vil gjerne takke alle dei som valde å bruke kvelden saman med oss, og håper folk syntest dei fekk ein god fest som dei merkar også i dag, seier han til nrk.no.

Før finalen blei det hevda at NRK hadde gløymt den festen Melodi Grand Prix er. I tillegg skulle interessa for musikkonkurransen vere på vikande front. Men med over 1,3 millionar sjåarar, som er ei stigning frå fjoråret, meiner Jan Fredrik Karlsen interessa lever i beste velgåande:

– Med så gode sjåartal kan vi trygt seie at det er eit stort engasjement for Melodi Grand Prix. Det er tydeleg at det er mange som har gledd seg. Eg håper og trur sjåarane fekk eit show laurdag som innfridde forventningane.

Overraskande pauseinnslag

I tillegg til dei ti finalebidraga, fekk publikum mellom anna med seg ein overraskande opptreden av Jahn Teigen. Det var førti år sidan han sjokkerte MGP-publikummet ved å stille i skjellettdrakt og framføre songen «Voodoo».

Jahn Teigen overrasket alle ved å dukke opp i den legendariske skjelettdrakta under finalen i Melodi Grand PRix 27. februar.

I tillegg blei Nora Brockstedt, som døydde i fjor, heidra. Ho var den første som representerte Noreg i Melodi Grand Prix i 1960. Og Åse Kleveland framførte også bidraget ho deltok med for femti år sidan, «Intet nytt under solen».

For det norske bidraget i år går ferda no til den internasjonale Eurovision-finalen i Stockholm. Men Agnete må først gjennom ein semifinale 12. mai. Då skal ho blant anna konkurrere mot land som Australia, Danmark og Albania. Blir ho blant dei ti beste, blir det finaleplass laurdag 14. mai.

Prosjektleiar Stig Karlsen har god tru på artisten dei sender til Stockholm:

– Vi ser fram til Stockholm. Agnete er ein fin artist, og bidraget hennar viser henne fint fram både som person, vokalist og låtskrivar.

Agnete synger vinnerlåten «Icebreaker». I mai skal hun representere Norge i Eurovision Song Contest i Stockholm.

Kulturstrøm