Hopp til innhold

Berre to kom heim – frigir lydopptaka frå ei av verdas største klatrebragder

Trango-ekspedisjonen blir sett på som den største triumfen og ei djup tragedie i norsk klatrehistorie. For første gong får me høyra opptak frå turen.

Dag Kolsrud henger i fjellveggen i hengekøya under Trango-klatreekspedisjonen

SORG: Dag Kolsrud var med på den dramatiske klatreekspedisjonen i 1984. Han kom seg trygt heim, men mista to kompisar.

Foto: Stein P. Aasheim

Trangofjella nordaust i Himalaya i 1984.

Eitt av verdas mest krevjande fjellmassiv å klatra i.

Her har dei to nordmennene Hans Christian Doseth og Finn Dæhli kome seg til topps, 6286 meter over havet.

Kompisen Dag Kolsrud har dei i syne i kikkerten frå basecamp og er frå seg av glede for at dei har lukkast.

Heimturen ventar endeleg.

Men brått mistar Kolsrud dei ut av syne. Han skal aldri sjå dei igjen.

Frigir opptak for første gong

Dei norske klatrarane skapte historie som dei første i verda til å klatra verdas høgaste loddrette fjellvegg, nemleg austveggen av Great Trango.

Lydopptaka dei gjorde undervegs, har aldri blitt delt med nokon, før no.

Trango-fjella nordaust i Pakistan

Her kan ein sjå den høgaste toppen av fjellmassivet, med den 1500 meter høge austlege fjellveggen.

Foto: Stein P. Aasheim

Dei fire kompisane Finn Dæhli, Hans Christian Doseth, Stein P. Aasheim, og Dag Kolsrud klatra 14 dagar i all slags vêr opp mot toppen av Trangofjella.

Etter kvart byrja matlageret deira å minka til eit farleg lågt nivå.

– De må jo skjøna dette med maten gutar, me kan ikkje fortsetta på tusen kaloriar om dagen, høyrer ein klatrekompisane diskutera midt i ferda.

Fortvilinga var stor og forholda skremmande.

Dei måtte skilja lag, slik at Aasheim og Kolsrud klatra ned igjen til basecamp, medan Doseth og Dæhli heldt fram.

– Klatringas Elvis

Dei fire klatrarane var berre i 20-åra då dei la ut på sitt til då livs største klatreeventyr. Likevel var dei allereie då rekna som Noregs fremste klatrarar.

Forfattar Jo Nesbø skriv for tida bok om Doseth, og hyllar han som ein viktig person i norsk klatrehistorie.

– Doseth hadde det meste som klatrar, både det atletiske, det mentalt drivet og lysten på eventyr. Han hadde karismaen, utsjånaden og det suverene som gjorde han til ein naturleg leiartype, ein slags klatringas Elvis.

Drivkraft med Jo Nesbø

Forfattar Jo Nesbø hyllar Hans Christian Doseth i ny bok.

Foto: Robert Rønning / NRK

Doseth frå Åndalsnes, og to år yngre Nesbø frå Molde fekk aldri møtts.

– Så eg blei aldri kjent med han, men me var på same kretslagssamling i handball. Han var sjølvsagt bestemann der òg.

– Skulle heller ønska alle fire kom heim

Dette blir rekna som ei av dei største bragdene i internasjonal klatrehistorie, og løypa har fått namnet «Norskeruta».

Dag Kolsrud henger i fjellveggen i hengekøya under Trango-klatreekspedisjonen

Berre bildet er nok til å gi sug i magen, men Dag Kolsrud dinglar bedageleg med beina utanfor kanten.

Foto: Stein P. Aasheim

Bildet over viser korleis dei hadde med seg hengekøye-telt i den stupbratte fjellveggen. Dette festa dei i fjellet etter kvar klatreøkt. Golvet var ein stram duk over ei aluminiumsramme.

I lydopptaka før dei starta på sjølve fjellveggen, kan ein høyra dei diskutera at det rasar snø frå breen over dei. Dette er dei bekymra for.

– Hans Christian står ved sida av meg, korleis er stemninga forut for «farvel» til flatmarka for siste gong på to-tre veker? Spør Aasheim.

Hans Christian Doseth ler litt før han svarer:

– Stemninga er bra den. Kunne tenkt oss litt mindre rasing, men.

Trango-fjella i Pakistan
Foto: Stein P. Aasheim

Ekspedisjonen blei seinare kåra til ein av dei ti største prestasjonane i det anerkjende tidsskriftet Climbing Magazine.

For klatrarar over heile verda står framleis «Norskeruta» som ein prestasjon utan sidestykke.

Men eventyret blei òg ein stor tragedie, for Doseth og Dæhli kom seg aldri trygt ned igjen.

Eg er stolt på eit vis over å ha vore med å legga «Norskeruta» på Trango. Og så skulle eg samstundes mykje, mykje, mykje heller ønska at me alle fire hadde kome heim igjen, enn at det finst ei «Norskeruta» på Trango oppi eit fjell i Karakorum, seier Aasheim.

Høyr historia om den norske klatreekspedisjonen i podkasten «Hele historien: Trango – triumf og tragedie»:

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor