Hopp til innhold

HBO: – Ønsker ikkje å mjølke «Game of Thrones»-suksessen

Innspelinga av den førebels namnlause oppfølgingsserien til «Game of Thrones» startar i Belfast i juni. Det stadfestar programdirektøren i HBO. Men det er uvisst når serien blir å sjå på skjermen.

GoT: Night King

Den førebels namnlause serien har lagt handlinga til om lag 5.000 år før «Game of Thrones» startar. I den nye serien får vi blant anna historia om The Night King og The White Walkers.

Foto: Helen Sloan / HBO

Etter åtte sesongar var «Game of Thrones» komen til vegs ende. Serieavslutninga sette ny sjåarrekord for den amerikanske TV-kanalen HBO. I tillegg har fleire millionar sjåarar sett serien på ulike strøymetenester.

Men HBO fortalde allereie i fjor at dei arbeidde med ein oppfølgarserie som blant anna fortel historia om The Night King og The White Walkers, med handling rundt 5.000 år før «Game of Thrones» startar.

Innspelinga av serien startar om kort tid i Belfast, seier programdirektør Casey Bloys i HBO til Deadline.

– Vi fekk på plass alle skodespelarane for nokre veker sidan. No er dei travelt opptekne i Belfast med å gjere seg klare til å starte innspelinga.

Casey Bloys

Programdirektør Casey Bloys i HBO seier dei ikkje kjem til å pøse på med avleggarseriar basert på «Game of Thrones»-universet.

Foto: Richard Shotwell / AP

Namnlaust prosjekt

Den nye serien har framleis ikkje fått noko offisielt namn. Forfattaren George RR Martin, som har skrive bøkene «Game of Thrones» bygger på, omtalte nyleg seriepiloten som «The Long Night». Men han trekte seg seinare på det, og sa at serien framleis ikkje hadde fått noko namn, skriv BBC.

Ifølgje den britiske kringkastaren blir serien omtalt som «Bloodmoon» blant dei som jobbar på settet i Belfast.

Ei av hovudrollene i serien skal spelast av Naomi Watts, som blant anna har spelt i «King Kong», «Bird Man» og «Twin Peaks».

Naomi Watts

Naomi Watts har fått ei leiande rolle i serien som bygger på «Game of Thrones»-universet.

Foto: Theo Wargo / AFP

I tillegg skal Goergie Henley, som spelte i Narnia-filmane, Miranda Richardson, som blant anna har spelt i «Sorte Orm»-seriane og i Harry Potter, og Toby Regbo, som blant anna har spelt i TV-serien «The Last Kingdom» ha roller i serien.

Men det er uvisst når serien blir klar for publikum.

– Eg veit ikkje når vi er klare. Det er først når har eit manus for ein heil sesong vi ser kor stort dette blir. Vi startar opptaka i juni, og då trur eg det blir litt forhasta å få noko på lufta allereie til neste år, seier Bloys.

Tvilar på mange spin-off seriar

Mange har peika på at det er mange moglegheiter for fleire nye seriar som kan spinne vidare på personar i «Game of Thrones»-universet. Og HBO har fleire forslag på bordet. Men Bloys seier til Deadline at dei ikkje har interesse av å mjølke universet.

– Det er fantastisk å ha rettane til «Game of Thrones», men eg har ikkje lyst til å fylle opp med avleggarar av denne serien. Eg meiner vi skal gå forsiktig fram. Det er grunnen til at vi har teke oss god tid med den nye serien. Eg trur det siste fansen ønsker er at vi pøser det ut berre for å få det på lufta.

Han får støtte frå Emilia Clarke, som spelte Daenerys Targaryen i «Game of Thrones». I eit stort intervju med The New Yorker, åtvarar ho mot å gå for fort fram.

– Eg meiner det er rett å la det gå litt tid før det kjem noko nytt, og ikkje gå for fort fram. Dessutan trur eg mange er ganske mette på «Game of Thrones» for ei stund framover.

Emilia Clarke

Emilia Clarke, som spelte Daenerys Targaryen, meiner det er rett av HBO å ta seg god tid med å følgje opp suksessen dei har hatt med «Game of Thrones».

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Ikkje overraska over kritikken

Den siste sesongen av Game of Thrones har fått ein del kritikk for både manus og korleis serien er filma. Mange fans var så skuffa at dei starta ein underskriftskampanje for å få spelt inn sesongen på nytt.

Og sjølv om rekordmange såg den siste episoden, har serien fått ei lunken mottaking og låge karakterar blant kritikarar og publikum.

Programdirektør i HBO, Casey Bloys, seier kritikken mot den siste sesongen ikkje kom overraskande på han.

– Når du har ein TV-serie som har blitt så stor, og som har ein tilhengarskare som er så glødande oppteken av serien, er det ikkje mogleg å tilfredsstille alle. Nokon elskar slutten, andre hatar han. Men poenget er at alle bryr seg.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.